Odd Asle Endestad

Odd Asle er redaktør for Eikefjordsoga og ein engasjert samlar av historisk stoff frå området som tidlegare utgjorde Eikefjord kommune. Målet er å ta vare på lokalhistoria og gjere henne tilgjengeleg for alle – både i dag og for komande generasjonar. Kanskje kan nettstaden bli starten på ei eiga Eikefjordsoge?

Har du noko å bidra med?

Det kan vere ei historie, eit gammalt bilete, eit dokument eller eit minne frå kvardagslivet i bygdene våre. Stort eller smått – alt kan ha historisk verdi.

Ta gjerne kontakt med meg på e-post eller telefon. Eg hjelper deg gjerne med å få stoffet publisert på nett, slik at det blir teke vare på og kan delast med andre.

Ingen historie er for lita eller for stor. Kvart bidrag er med på å gjere Eikefjordsoga rikare, meir levande og fargerik.

Mobil: 958 39 878

E-post: odd.asle @ eikefjord.no (Ta vekk mellomrom rundt @)