Eikevoll 1926-1948
I 1923 skreiv oppsittarane på Eikevoll, Endestad og Langedal med fleire garder til Eikefjord kommune og ber om oppretting av telegrafstasjon på Eikevoll. Kommunestyret meinte at det var behov for telefonstasjonen og ville få stasjonen oppretta så snart telefonlinja Løkkebø – Eikefjord blir ferdig bygt. Året etter kjem telegrafinspektøren med krav for opprettinga av telefonstasjonen noko Eikefjord kommune ikkje vil godta.
I 1925 vil telegrafinspektøren inspisere telefonbygginga i kommunen og i den anledning sjå på opprettinga av telefonstasjon på Eikevoll.
På kommunestyremøte 6. juli 1926 gjev Eikefjord kommune dei nødvendige garanti for opprettinga av telefonstasjon på Eikevoll og den 11 desember same året opna rikstelefonstasjonen.
Stasjonsstyrarane:
1926
Stasjonen er ute av listene 10/4-1948 og talestasjon under Eikefjord frå same dato.
Kilder:
Heradstyreprotokollar Kinn og Eikefjord – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Telestasjonar i Sogn og Fjordane – H J Runde
Skriv frå Telemuseet 15/8 2013 Arve M Nordsveen
Wikipedia