Skribent: OddA
-

G.nr 59 ENDESTAD
Det første Joleik har funne om Endestad er frå 1563 då garden var bispejord.
-

G.nr 60 EIKEVOLL
Det første Joleik har funne om «Eikjevella» er frå 1590 då garden var bispejord.
-

G.nr 61 LANGEDAL
Ca. 1300 eigde Kinnakyrkja leiga av noko jord «j lange dal». Og Brandsøy-presten fekk litt smør i jordleige.
-

G.nr 62 SÆTERLID
Det første Joleik har funne om Sæterlid er frå 1603 der Håvard svara bygningsskatt som øydegardsmann eller rydningsmann.
-

G.nr 63 SVARTHUMLE
Det første Joleik har funne om Svarthumle er at den var kyrkjejord i 1563.
-

G.nr 64 HUMLESTØL
Det første Joleik skriv er at Svaarthumlestølen ikkje er bispejord.
-

G.nr 65 RAMSDAL
Det første Joleik skriv om Ramsdal er at garden har landskyld til Kinnakyrkja i 1585.
-

G.nr 66 AGLEDAL
Det første Joleik fant om Agledalen var at Rasmis hadde budd der før 1615, men sidan låg Agledalen øde, og er ikkje nemnd i jordboka i 1617.
-

G.nr 67 SØRDAL
Det første Joleik skriv om Sørdalen ser ut frå stedsangivelsen ikkje stemme med Sørdalen og er ikkje tatt med.
-

G.nr 68 VASSET
Vi kan følge spor frå Vasset tilbake til 1500-talet. I 1563 skatta Sjur 1 dalar. Her er også historier om barn utanfor ekteskap og dei komplikasjonar dette førte med seg.
-

G.nr 69 SUNNARVIK
På 13 hundretalet åtte prestborde i Brandsøya 1 ½ månadmatabol i «sunduardarvik».
-

G.nr 70 TEIGEN
Joleik har ikkje skrive om Teigen i Florasoga.
-

G.NR 71 KALSVIK
Det første Joleik har om Kalsvik er frå 1742. Då blei det tinglese eit grunnleigebrev frå 1738, til Sjurd Jakopsen på ein husmannsplass «Kalswigen» under Tonheim.
-

G.NR 72 BARLINDBOTN
Saga i Barlindbotn er nemnd i Sunnfjordsoga til Joleik, den var i skattemanntalet i 1563 som den einaste i Sunnfjord.
-

G.nr 84 6/7 Jagedal/Ospedal
Gnr 84 B.nr 6 og 7 I følge kongeleg resulusjon av 8. august 1919 vart gardane Jagedal og Ospedal ført over til Eikefjord sogn. Dei kom dermed med i Eikefjord kommune når den vart oppretta i 1. januar 1923.