Brødrene Aksnes, Barlindbotn

Brørne Aksnes var båtbyggjarar og heldt til i Inste Pollen i Barlindbotn. Båtane vart i hovudsak bygde under open himmel, men brørne hadde òg eit naust der dei kunne utføre delar av arbeidet innandørs. I naustet hadde dei mellom anna ei stor bandsag som vart driven av ein oppfyringsmotor der glødehovudet måtte varmast opp før start.

Bilde frå fylkesatlas.no 1970. Friska opp med KI. (Bygget som er påbegynt er naust som er sett opp etter at b¨tbygginga var slutt).
Siste båten blei bygt til høgre for bua og til venstre for slippen på bildet. Når dei sjøsette var det kort veg over til fjæra på andre sida. Han som stod med tau for å bremse farten hadde ikkje hanskar på seg, dermed brende han seg god i nevane når båten fekk god fart under sjøsettinga.

Den største båten brørne bygde, var var eit samarbeid med Ankerløkken i Florø.

I1950/51 leverte dei ein snurpar på 65 fot til Selje. Den fekk innmontert tankar, påsett keising og styrehus hos Ankerløkken i Florø.

Båten slepte dei med Pollabåten til Ankerløkken i Florø.

Firdaposten 15. des 1950

br aks01

Det siste som er nevnt i avisene om Brødrene Aksnes er denne notisen om bedrifta.

Firda 13. mars 1951

br aks02

Kilde: nb.no, Reidar Kalsvik