Kategori: Posten
-

Eikefjord
Alt i 1870 søkte Samson Hopen om å få opne eit postopneri i Eikefjord og i 1879 gjentok folket i Eikefjord søknaden. Kinn herrad støtta søknaden på grunn av at Eikefjord låg isolert og sognet hadde omtrent 1000 innbyggarar. Det var naturleg ar det den 01.07.1881 vart oppretta eit postkontor i Eikefjorden,
-

Barlindbotn
Hausten 1914 vart båtruta til Eikefjorden utvida til også å ta med Barlindbotn. I samband med båtruta var det naturleg å opprette poststad. I første omgang vart det eit brevhus, og Ludvik M. Kalsvik vart brevhusbestyrar.
-

Livresund
Eikefjorden fekk postopneri allereie i 1881, men det var lang veg for gardane utetter fjorden å dra heilt inn i fjordbotnen. Området Nyttingnes – Sandvika låg ulagleg til. Stavang som fekk post i 1891 var nok det næraste. Det var difor naturleg ar det vart oppretta eit brevhus i Livresundet, «Balder» hadde rute på Eikefjorden…
-

Ostunet (Svardalsosen)
Den 1.1.1943 vart det oppretta postopneri i Osen. Å setje namn på det nye postkontoret var vanskeleg. Namnet Osen er svært vanleg, og valet fall difor på Svardalsosen.
-

Landpostruta Ramsdal – Eikefjord
Ruta frå Eikefjorden til Ramsdalen vart oppretta den 01.04.1900. Første landpostbodet var Thomas E. Ramsdal. Då Thomas gav seg etter nådd pensjonsalder i 1930, tok Elias Ramsdal (f. 13.08.1883) over landpostruta etter faren. Torleif Endestad byrja med bilande landpostbod i 1958,
-

Landpostruta Løkkebø – Eikefjord
Løkkebø – Eikefjord vart oppretta den 01.07.1906. Ruta var målt til 24 km. Til landpostbod vart Ludvig Bendiksen Løkkebø valgt. Seinare overtok Ludvig Løkkebø og i Mai 1958 overtok Torleif Endestad som bilande postbod.
-

Landpostruta Eikefjord – Steindal/Osen
Postmeisteren i Florø prøvde i 1931 å få igang ei landpostrute Osa – Vasset – Sunnarvik – Stegane – Storevik – Eikefjord. Eikefjord heradsstyre gjekk sterkt inn for at nemnde landpostrute vart satt i gang. Torleif Endestad vart tilsett som landpostbod i Eikefjord og han fekk også denne postruta.
-

Landpostruta Leversund – Eikefjord
Måndag den 4.9.1967 køyrde Torleif Endestad den første turen på postruta Leversund-Eikefjord. Folk langs ruta var spente på nyvinninga og mange hadde møtt opp med dei nyoppsette postkassane for å slå av ein prat. Torleif var svært opplagd denne dagen og tok seg god tid utetter fjorden. Torleif tok gjerne med seg nokre av barna…
-

Landpostruta Eikefjord – Barlindbotn – Sandvik
Då Barlindbotn vart nedlagt som postopneri i 1970, gjekk Mathias Kalsvik inn i stilling som landpostbod på strekningen Eikefjord – Barlindbotn – Hopen – Høydalsfjord – Nyttingnes – Sandvik etter kvart som desse poststadane vart lagde ned.
-

Landpostruta Steindalen – Høydalsfjorden.
Den 1/10 1908 vart postruta frå Svardalen til Hopen med retur oppretta. Året etter vart ruta utvida til også gjelde Steindalen. Denne ruta må ha vore ei av dei mest krevjande landpostruter i landet.