Ca. 1300 eigde Kinnakyrkja leiga av noko jord «j lange dal». Og Brandsøy-presten fekk litt smør i jordleige.

Langedals-saga er nemnd først i 1663, men berre soleis at det ikkje var skore noko.

I 1680 laut Olav Olavson betale 1/2 dale for han hadde slege enkja i Langedalen.

 1684: Joans Andersson hadde tent over 20 år hos Jonas Grya og fekk for lite i skifte etter han. (1659).

I 1687 hadde Olav krangel med grannekona Allis, dei laut bøte 3 til saman.

Karen Rasmesdtr. Langedal vart dømd til 6 dl. (3 kuverde) i bot for samleie med reservesoldat Anders Nilsson Langedal. Sidan ho ikkje eigde noko,  skulle ho «Straffes i Spindehuset» i Bergen.

1746 Bøndene Martein Nilsson, Akslon Larsson, Joans Trulsson, Per Villumson stemnde Hallvard Nilsson Hovland for han tok næver i deira mark. Han svara at han gjorde so «af sin store trang», og baud pengar for det. Partane vart no samde om at Hallvard skulde skylde dei 4 dalar (som presten gjekk god for).

I 1801 var det fire huslydar i Langedal

Matrikkelen 1838

61 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

61 Gnr

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd