EHavn01Erik Havn dreiv møbel/trevarefabrikk i Eikefjord sentrum.

Han starta bedrifta i 1934 i ei bygning han bygde på pælar ut over i fjæra mellom sentrum og kyrkja. Bygningen var i to høgder der første etasje var lager og høvel. I andre etasje var snikkarverkstaden.

Ein dieselmotor som stod på eigen steinmur dreiv maskinene i fabrikken. Ein aksling under taket i første etasje dreiv maskinene der nede, medan ein aksling over golvet i andre etasje dreiv maskinene der oppe. Drift av dei forskjellige maskinene vart gjort det å koble reimer til hjul på akslingane.

Seinare vart det også installert generator på denne dieselmotoren.

Rundt 1960 utvida Erik Havn fabrikken med ny avdeling ved sida av den gamle trebygningen. Det var fylt ut stein på fjæra og bygd inntil den gamle bygningen. Snikkaravdeling vart flytta ned frå andre etasje i trebygningen.

Her vart det også etter kvart montert sponavsug på alle EHavn02.jpgmaskinene. Denne sponen kom bønder frå heile Eikefjord og brukte som brøye under kreatur i fjøsen.

Neste utviding var kontoravdeling i andre etasje. Materialane nytta i kontordelen vart henta frå eit hus på Osa. Enkelte påstod at det byrja spøke på fabrikken etter denne utvidinga og fleire på Osa sa det spøkte i huset som blei rive.

 

EHavn03I 1979 blei det lagt nytt tak over heile fabrikken.  Taket blei lagt ein god del høgare enn det gamle.

Kontorene blei flytta fram mot vegen og arbeidarane fekk garderobe i 1. etasje her.

I desember 1980 tok storm taket på fabrikken. Isolasjon og takplater låg innover i Dalen. Fint pynta meinte humoristen i bygda.

 EHavn05
 EHavn07

EHavn06

For det meste var det produksjon av vindu, dører og trapper i fabrikken.

Ein del møbler vart også produsert, men etter kvart vart det slutt på det.

Erik Havn hadde ei tid jobba på bilfabrikk i statane. Kunnskapen derfrå brukte han til å bygge styrehus på nokre lastebilar.

Dei fleste kundane var lokalt i Sogn og Fjordane og fabrikken leverte til den nye sentralskulen i Eikefjord som vart opna i 1963.

Etter kvart fekk fabrikken avtale om leveranse av Stjernevinduet. Arne Havn vart snart sentral i vidare-utviklinga av vindauget

EHavn08I 1979 bytte fabrikken namn frå Erik Havn Trevare til Havn Trevare. Arne Havn hadde tatt meir og meir over den daglege drifta av selskapet og no vart han også formann i styret. Albert Hamn og Klara Havn var og med i styret.

 

EHavn09

På slutten av 1986 måtte Havn Trevare legge inn årane. Stor konkurranse og manglande oppdrag bidrog til at fabrikken gjekk konkurs.

Like etter var det auksjon av utstyr på fabrikken.

 

 

 

 

Firdaposten 26.aug.1986

 EHavn10.jpg

I 1987 kjøpte Eikefjord Mekaniske Versted bygningane og sette i gang produksjon i lokala.

 

Firda 23.10.1987

 Kilde: nb.no, Firdaposten arkiv Firda arkiv

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd