I 1863 behandla Kinn og Svanøy sokn inndelinga av sokna og kom med forslag til Regjeringa om slik inndeling:


a. Den søre del av Svanøy sokn går over til eit nytt sokn med ei folkemengde på omlag 1350 personar, anten med den noverande kyrkje på Svanøy, eller med ei ny kyrkje i Stavang. Soknet omfattar søre del av Høydalsfjorden, Stavangslandet, søre del av Storøya og Vågeøylandet med tillegg anten av Askrova, eller av den nordre del av Høydalsfjorden med Svardal, alt etter som om kyrkja vert bygt på Svanøy eller i Stavang.

b. Eikefjord vert nytt sokn med ei folkemengt på om lag 1000 menneske med Eikefjord kyrkje som soknekyrkje. Den må utvidast, noko befolkninga har erklært seg viljuge til. Alle gardar innanfor Leversund kjem med i det nye soknet. I tillegg Svardal dersom det ikkje kjem ny kyrkje Stavang.

c. Resten av prestegjeldet høyrer til Kinn sokn".


Heradet vedtok i heradstyremøte 23. juni 1870 å bygge ny kyrkje, eller å kjøpe Eikefjord kapell og utvide det. Bakgrunnen var at kyrkjelova av 1851 bestemte at soknet si kyrkje skulle ha plass til minst 3/10 av folketalet i soknet. Eikefjord sokn skulle då ha 300 sitjeplassar i kyrkja. Heradet bad eigarane av Eikefjord kapell om prisen for å overdrage kyrkja og gravstaden rundt.

Det ser ut til at Anders Jacobsen, eigar av bruk 2, Under-Bakkane, hadde fått overført alle eignedelane til seg for så å stå som seljar av kyrkja til Kinn herad.

19. juni 1871 behandla heradstyret tilbodet frå eigarane. Tilbodet var på 1200 Spd. inklusiv inventar og gravplass, og det vart bestemt å synfare kyrkja. Kyrkja var i god stand og bygd med solide materialar, men ho trong til utvendig maling.

Oppmåling viste at kyrkja kunne gje plass til 270 menneske, og dermed mangla det om lag 30 plasser. Den austre endeveggen kunne skjerast ut og den vegen utvidast med 8 alen. Tilbygget kunne utførast med standarar og dobbel paneling.

Gravplassen ville bli noko innskrenka og ville innan kort tid trenge utviding. Der var god plass, men kyrkjegardsinnhegninga var i ei slik forfatning at ho straks trong reparasjon.

Utanom den ovanfor nemnte utvidinga, burde stolane rivast ut og nye benkar monterast. Det burde også leggast dobbelt golv på galleriet, så lydar ikkje gjekk ned i kyrkjerommet.

Utviding av kyrkja vart kalkulert til 700 Spd. og maling av eksisterande tre sider til 50 Spd. Med maling av nytt tilbygg utvendig, ville alt komme på omlag 800 Spd.

Heradstyret vedtok på møtet 19. juni 1871 å kjøpe kapellet for 1200 Spd. og at den føreslegne utvidinga skulle finne stad i 1873.
På heradstyremøte den 19. mars 1872 vart kjøp av Eikefjord kapell behandla på nytt.

Utviding av Eikefjord kyrkje kunne ikkje bli slik som det tidlegare var gjort vedtak om, og tilbodet vart trakt. Nytt tilbod på kyrkja var 800 Spd. Dersom eigarane ikkje godtok dette tilbodet, skulle saka avgjerast ved voldgift eller etter lovleg takst.

Johan Langedal kom , på vegne av eigarane, med nytt tilbod på 1000 Spd i mars 1873. Det vart behandla og godteke av Svanø Sogns Communebestyrelse den 3. januar 1873. Dei fann summen "overdriven høy", men godtok han likevel for ikkje å utsetje saka lenger.
Christoffer Svanøe laga ei skisse for ombygging til korskyrkje som soknestyret godtok, men dei ville ha inn vindauge i kvar av fløyene for å skaffe lys til galleria.

Kyrkjebyggar Alvær, som var ferdig med den nye kyrkja Eikefjord kyrkje 1913i Stavang, var tilstades på møtet. Han ville utvide Eikefjord Kapell etter framlagde teikningar for 1100 Spd. Opp på det eksisterande tårnet skulle han då byggje eit spir på 10 - 12 alen tekt med sink. Han ville også lage ny altertavle og preikestol, dersom det vart ynskt. Takstein måtte kommunen skaffe. Kommunen godtok tilbodet og arbeidet skulle være ferdig innan utgangen av oktober.

Midt på kvar langside vart det bygt ut sideskip, slik at kyrkja fekk korsform. På kvar korsarm vart det også bygt små inngangsparti. Det gamle våpenhuset med tårn over, vart ståande som før i vestenden med felles vegg med kyrkja, men det vart bygt spir på tårnet. Etter utvidinga i 1873 er kyrkja ei korskyrkje, ei av berre tre i fylket, og hadde plass til 350 personar. Krossane er bygde i standarverk og kledde med panel.

Kyrkja er både romsleg og intim, lys og stemningsfull på same tid. Korsforma gjer at ingen i kyrkjelyden sit langt frå presten eller koret. Det er galleri i tre av korsarmane (utanom koret), og i kvart indre hjørne i korsforma er det to store vindauge. Alt innvendig var nytt i 1873. Veggane har ein slags raudaktig brunfarge, og taket er lyst.

Vigslingsstrid

Før kyrkja skulle takast i bruk var det meininga ho skulle vigslast på nytt. Men det førte til ein opprivande strid. Sentrale aktørar i striden var personalkapellan Astrup, soknepresten, prosten, biskop Birkeland, den utnemnde kyrkjeverja og kyrkjelyden.

Kyrkjelyden ville ha kyrkja måla innvendig før ho vart teken i bruk i 1873. Størstedelen av utgiftene til målinga stod kyrkjelyden sjølv for ved private gåver. På grunn av at målinga ikkje var tørr, kunne ikkje kyrkja takast i bruk og vigslast om hausten, og 19. oktober valde kommunestyret ein kyrkjeverje som skulle handle på deira vegne.

I samråd med kyrkjelyden sende kyrkjeverja skriv til biskopen om å utsetje vigslinga til våren. Kyrkjelyden var godt tent med skulehuset til kyrkjelege handlingar, og det var heller ikkje vanleg med gudstenester i Eikefjord vinters tid. Soknepresten rådde til, og biskopen godkjende utsetjinga i brev til prosten av 21.november 1873.

Fjerde søndag i advent kalla likevel personalkapellan Christian Astrup inn til kyrkjelydsmøte for å drøfte om kyrkja skulle takast i bruk til gudsteneste tredje juledag. Før møtet vart det halde gudsteneste, og dei fleste som var til stades rekna då med at kyrkjelydsmøtet ikkje vart noko av, og gjekk heim. Kyrkjelydsmøtet vart likevel halde, og kapellanen forhandla med dei få som var att, og det vart vedteke at kyrkja skulle takast i bruk til gudsteneste tredje juledag.

22.desember sende så kapellanen telegram til biskopen om å få ta kyrkja i bruk tredje juledag, og biskopen gav løyve i svartelegram av 23.desember.

"Egefjordens Kapellkirke kan ibruktages når høitidelig Gudsteneste avholdes. Kort Kortale – Salme - Prediken".

Bakgrunnen for at løyve vart gitt var at Kyrkjedepartementet i 1840 bestemte at dei restaurerte kyrkjene i Nøsdal og Guddal kunne takast i bruk utan ny vigsling, men ved ei "høytidelig gudsteneste". Det etter råd frå Det Teologiske Fakultet.


Saka om vigslinga vart teken opp i lesarinnlegg av "ND frå Kinn" i avisa "Bergensposten" 19. februar 1874. Året før hadde han referert frå kyrkjevigsla i Stavang kyrkje, får vi vite. I skrivet fortel han kva striden handla om, og kva som hende. Han skriv mellom anna:

"Ny kirke - en underlig kirkeindvielse."

"Tridje Juledag ble berammet Gudstjeneste,men daa Kirkens Verge i foreining med andre formaaende Mænd i Menigheten hendholdt sig til Biskobens tidligere givne bifal,blev der ikke sørget for at rengjøre Kirken og ordne det fornødne, hvorfor det på den nevnte Dag først måtte leies Folk til at vaske gulvet m.m.

For to av Kirkens Døre var forespikret Bord, men disse blev oppbrudte, og da der manglede Bekledning paa Alteret - endel av Menigheten havde ved privat Sammenskud bestemt sig til at beklæde Alter og Predikestol, samt anskaffe ein ny Messeskjorte og nytt Døpefad, hvilke Sager ennu ikke var tilveiebragte - hjalp man sig ut av Forlegenheten ved at kaste over Alteret ein gammel Bordduk eller noget Lignende.

Da nu alt var ordnet, skulde Prest og Menighet samles ved Skolehuset for at gaa i Prosession til Kirken, men det viste sig da, at Menighedens Pluralitet (dei fleste, fleirtalet, red.anm.) var imot Kirkens Afbenyttelse, førend den var høytidlig indviet. Det der Forefaldne var hverken hyggeligt eller skikket til å sætte Menigheden i den rette Stemning, for værdigen at trede ind i Herrens Hus.

Kirkens Værge var tilstede og nedlagte Protest mot Kirkens Brug, men uden Resultat. Endelig ranglede man henimot Kirken, men ved Ankomsten til denne ytrede Kapellanen: "Det var maaske bedst vi oppsatte denne Handling, naar det bare skulde vekke Splid og Uenighet", men en Stemme borte i Forsamlingen hevdede sig og sagde: "Va , er Presten ræd for at gaa inn i Kjerka", hvortil han svarede: "Nei, jeg er ikke ræd!", gikk derpaa ind i Kirken og udførte Forretningen. (Man kommer uvilkaarlig herved til at tenke paa Jødernes Tiltale til Pilatus, da han sad paa Dommersetet)".

Biskop Birkeland svarar 26.februar 1874 tilbake til prostiet, og viser først til telegrammet frå kapellanen, og til Kyrkjedepartementet si avgjerd av 1840.

"Egefjorden Menighetsmøde ønsker saa godt som enstemmig Kapellets Ibrugtagen Tredjedag. Renoncerer (gir avkall på, red.anm.) Indvielsen. Telegramsvar betalt.

Da de personelle Kapellaner ingen administrativ myndighed have, uden efter Sognepræstens Anmodning og paa hans Vegne, modtok jeg dette Telegram som sendt mig fra Soknepræsten, og jeg svarede tilbage heller ikke til Kapellanen men Sognepræsten, som den der alene var den berettige Mellommand for Menigheten.

Da dette Telegram forklarede at Ønsket var saagodt som enstemmigt og der udtrykkelig tilføiedes Renoncerer indvielsen, og det stundede til Julen, maatte det forekomme rimeligt at Menigheden ønskede at tage i Bruk den ferdige Kirke uten Indvielse, hvortil Menigheden og var berettiget."

Vidare skriv biskopen:

"Mit svartelegram til Sognepræsten af 23.December lød som bekjent saaledes: Egefjordens Kapellkirke kan ibruktages når høitidelig Gudsteneste avholdes. Kort Kortale – Salme - Prediken".

Brevet sluttar med:

"Hvad der er ønsket og udført er dog vist skjeet i den beste Mening, og har Kapellan Astrup feilet, saa er det dog vel Skeet i Nidkjærlighet for Ordets Forkyndelse, og hvem vil da ikkje tilgive i al Sagtmodighet. Den fuldbyrdede Sak kan no ikke omgjøres, og jeg henstiller til Sognepræsten i Kinn og alle christelige Mænd i Sognet i at bestræbe sig for at berolige de stridige Sind, så Partier må ophøre og velvillige Fordraglighet forene alle"

7. mars 1874 behandla Svanø Sogn brev frå nokre oppsitjarar i Eikefjord angåande vigslinga av den ombygde kapellkyrkja med slikt vedtak:

"Communebestyrelsen maa i høi Grad beklage den usmaglige Maade, hvorpaa Egefjordens Kirke er tagen i Brug og den Strid, der i den Anledning fant Sted paa Vielssedagen, dog tror man paa Grund av Omstendigheterne ikke at burde forfølge Sagen, og vil haabe at Vedkommende i al kjærlighet vil lade seg forføue. Hvad derimod en fornyet Vielse angaande, bliver Vedkommende at underrette om, at en saadan, ifølge Biskoppens skrivelse til Sognepresten af 26. i forige Maaned, ikke kan finne Sted. Denne beslutning bliver af Lensmanden bekjentgjøre paa kirkebakken i Egefjord"

Dermed ser vi at den ombygde kyrkja i Eikefjord ikkje vart vigsla på nytt, men vart handsama likt med kyrkjene i Nøsdal og Guddal, og i samsvar med Kyrkjedepartementet si avgjerd i 1840.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd