Fjordabåter på Eikefjorden | |
Opp gjennom tidene har det gått mange rutegåande båter på Eikefjorden. Vi fekk ikkje vegutløysing før under krigen så før det var båt det viktigaste transportmiddelet. Det vart ekspedert post med båt langt opp på 60 talet. Har du bilder av båter, historier om båter du vil dele med andre - ta kontakt |
MB Viking | |
Bildet er frå isbryting i Kalsvika med MB Viking, eigar Lars Kalsvik. Han gjekk bygderute, skulerute og postrute frå 1964 til vegen i Barlindbotn vart opna ca. 1970. Av og til kunne det blåse så sterkt på fjorden at Lars Kalsvik ikkje tok sjansen på å frakte folk. Skuleelevane måtte då overnatte privat for så kanskje komme seg heim neste dag. Personane på biletet er ukjende. Er det nokon som kjenner seg att? |
??? | |
Eikefjordingane var kjende som gode fiskarar difor var dei ofte hyra som mannskap på notalag utanfrå. Her ser vi eit knippe eikefjordingar på notalaget til Nils Eikevik og Jakob Hovland, ca. 1948 Frå venstre: Jakob Ospedal, Alf Sunnarvik, ukjend, Jakob Eikevik, ukjend i styrehuset, ukjend sitjande til høgre på styrehuset, Nils Tonheim og Henrik Tonheim. |
MB Blåfjell I | |
Her er MB Blåfjell I hos Herman Sunde Trelast i Hesteneset. Dette er truleg ein gong under krigsåra 194045, då vi ser det norske flagget malt på skipssida. Båten var bygd i Hamnafjæra ca. 1936.
Dette var ei lang rute som starta i Eikefjord kl 06.00 og som var i Florø kr 12.00. Her er eit av mannskapa på MB Blåfjell I. |
MB Tordenskjold | |
MB Tordenskjold. Dette var ein kjend båt som gjekk til Florø kvar onsdag. Mannskapet var Peder og Bernt Rimmen. Dei var også eigarar av båten. Ein meiner at det er Bernt som er på biletet. |
MB Sundt | |
Dette er reisandebåten MB Sundt frå Bergen. Denne kom 2 gonger i året, vår og haust. |
MB Blåfjell | |
Han hadde ei drivande personlegheit og var ein nevenyttig mann som bygde i alt 3 båtar. (I rekkefølgje: MB Blåbre, MB Blåfjell og MB Blåfjell I). MB Blåfjell ligg her på Florøvika ved Jakob Gotteberg sin hermetikkfabrikk, seinare Bjelland Hermetikkfabrikk. Dette er før 1940. Båten vart seld til Vevring når han fekk ferdig Blåfjell I.
Frå venstre kjenner vi ikkje namna til dei fire første, nr. fem frå venstre er Hedvik Eikefjord (Moe), Elna Eikefjord (Classon), ukjend, Anders Eikefjord og Hilmar Øvrebø. |
MB Von III | |
Carl Eikefjord kjøpte båten av «skomakaren», han selde den seinare til Moss. |
MB Sendingen | |
100 års-jubileet til Fylkesbaatane 1958/59. MB Sendingen ved kommunekaia og Fylkesbaatane sin Sunnfjord på fjorden. |