Vegane ut frå Eikefjord sentrum var bygd for hest og kjerre. Det var ikkje lovleg med bilkøyring på vegane før i 1937, og det var ikkje rutekøyring på vegane før i 1938.
Vegane var ikkje i god stand og teleløysing var eit stort problem. Først i heradstinget 29 juni 1937 vart det opna for biltrafikk med vogn inntil 1 ½ tonn på vegane til Løkkebø, Langedal og Vasset. Heradsstyret oppfordra vegvaktaren til å sjå til at det ikkje var trafikk på vegen når den var dårleg.
I 1942 vart det også opna for biltrafikk til Svarthumle.
Det var Bendik Endestad og Jarl Havn som hadde dei første bilane i bygda. Jarl sette sin bil i land frå båt på Helleneset. Herifrå gjekk det tur til Knapstad for alle det var plass til på lasteplanet. Olina Endestad husker godt ho fekk sitte i styrehuset med onkelen.
Heradsstyret sette ned ei nemnd som kom med forslag til rutetider og billettprisar. Det vart sett opp rute til Løkkebø på onsdagar og laurdagar, og til Hyen på søndagar. Frå Vasset var det køyrt søndagar dersom minst 5 personar melde seg.
Taksten var 0,08 kr pr.km, så ein tur til Løkkebø kosta ei krone.
FIRDA BILLAG
15. juli 1944 starta Firda Billag rutekøyring mellom Florø-Eikefjord.
19 august 1944 vedtok Eikefjord heradsting å melde seg inn i Firda Billag.
Firda Billag vart skipa 17. desember 1920 av heradane Gaular, Førde, Jølster og Breim. Dei overtok rutebilar i dette distriktet, 7 personbilar og 5 lastebilar. Ruta var Vadheim – Breim med sidelinjer.
I oktober 1944 rådde Eikefjord heradsting til at Firda Billag fekk konsesjon på rutekøyring mellom Florø og Førde
22. juli 1945 starta den første bilruta mellom Florø og Førde.
Bilruta gjekk frå Florø kl 9.00 om morgonen og var i Førde kl 12.30.
Omtrent slik kan ein forestille seg første «bussen» til Eikefjord i 1944 og mellom Florø og Førde i 1945.
Det er lett å tenke buss når ein snakkar om rute, men dei første rutene var lastebilar med benkar på lasteplanet. Først vart lastebilen til Erling Sandvik brukt til turen, men Firda Billag hadde kjøpt lastebil S-1018 hos Bendik Endestad. Etter verkstadopphald ville denne lastebilen bli satt inn i ruta.
Ikkje alle var imponerte over standarden på bilrutene. Ein turist hadde tinga tur frå Ramsdalsheia til Florø gjennom reisebyrå i Bergen. Han forventa buss eller kanskje drosje, men der kom det ein lastebil. I tillegg ville ikkje ungdommane som sat på benkane flytte på seg så han fekk sitte, men måtte stå på turen ned frå Heia. Han måtte passe seg for slingringar og greiner som truga med å slå han midt i ansiktet. Dei måtte også av i ein bratt bakke, men etter den bakke fekk han sitte i lag med fire andre på bakerste benk. (Firda Folkeblad 7.sept. 1945).
I Firda 13. juni 1945 står det at billaget planlegg å bruke ein kombinert laste- og personbil. Den skulle gå på vedgass, men på grunn av dei bratte bakkane måtte ein også ha bensin.
I 1946 blei ruta køyrd av ei buss, S-1107. Eikefjordingen Johan Svarthumle var sjåfør på bussen.
Johan Svarthumle køyrde buss i mange år. Her ser vi han finsikter for å komme seg skadefri til Løkkebø.
Bilde frå Hornearkivet.
Kilde
nb.no - Firdaposten, Firda folkeblad, Firda, Transport mellom fjordar: Firda Billag 1920-1955
Hornearkivet