1938-1960
Jamvel om Steindalen høyrde til Vevring, var det på grunn av geografien og stor avstand ikkje naturleg å byggje telefonlinje derfrå. Linja måtte komme anten frå Eikefjord eller Høydalsfjorden. Osen i Høydalsfjord fekk telefonstasjon 15.4.1919, same dato som Holmesund fekk sin stasjon. Men Steindalen måtte enno vente lenge. Når Osen hadde fått telefon, var det naturleg å byggje linje derfrå.
Avstanden etter telefonlinja Osen – Svardal var 3,55 km og med 91 stolpar. Linja Svardal—Steindal var 2,61 km med 59 stolpar, og 4 mm tjukk jarntråd. Fri grunn og rydding av skog var vanlege krav frå Televerket til oppsitjarane. Truleg var oppsitjarane også med på anna arbeid med linja, t.d. køyring av stolpane, kanskje også reising av dei.
Den 14. juli 1938 opna rikstelefonstasjonen Steindal i Sunnfjord, same dato som stasjonen i Svardal opna. I Steindalen var stasjonen Oppi Tuna, og Andreas K. Steindal var stasjonsstyrar.
Taksten i 1938 for ei samtale om dagen var 25 øre, og mellom kl 22 og 07 var han 50 øre.
Rikstelefonstasjon i Steindal blei oppretta den 14/7-1938.
Stasjonsstyrarane:
1938 Andreas K. Steindal
Stasjonen blei lagt ned 3/5-1960 og abonnentane flytte over til Eikefjord. Talestasjon under Eikefjord frå same dato.
Kilder:
Heradstyreprotokollar Kinn og Eikefjord – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Telestasjonar i Sogn og Fjordane – H J Runde
Skriv frå Telemuseet 15/8 2013 Arve M Nordsveen
Wikipedia
Ei fjellbygd i Sunnfjord