I kveldsmørkretSigrid MoenSigrid Moen F. 08.09.1902 D. 11.01.1952 Foto utlånt av niesa Oddrun Bryn hausten 1944 går to unge kvinner med vaktsame blikk ned til Hegrenes mølle i Bergen. Dei kjem frå Neevengården sjukehus der dei begge har arbeidet sitt. Ved kaia ligg ein mjølfraktebåt frå Florø som dei tek seg ombord i, og stikk seg stille vekk i lasta. Dei har avtale med skipperen om å få bli med nordover dersom dei har med seg dei naudsynte papira som okkupasjonsmakta krev ved ein eventuell kontroll. Den eine har fortalt at ho skal heim til Medvatne i Redalen ved Førdefjorden for å hjelpe til på garden. Ingen veit at ho i tillegg har eit anna og eit langt meir dramatisk ærend; finne ein gøymestad til kvinna ho reiser saman med, og som i angst for å røpe andre, må komme seg bort frå Bergen for å gå i dekning på ein stad der ho kan få mat og hjelp og kjenne seg nokolunde trygg.

Ved midnatt reiser dei frå Hegrenes mølle og går leia nordover gjennom Straumane. Alle husa er mørklagde, og landskuggane er mørke og nifse. Kva ventar dei bak neste nes? Men lukka er med dei, og båten dunkar roleg nordover utan dramatikk av noko slag. På ettermiddagen legg dei til lands i sentrum av Florø der båten skal levere mjøl til butikkane.

Før dei vågar seg i landrimmaBernt og vesle Per Rimmen utanfor stova på Rimma. Foto utlånt av Karl-Arne Rimme får dei eit vink frå skipperen om at det er klar bane utan soldatar i nærleiken. I Strandgata innover mot busshaldeplassen blandar dei seg med dei handlane før dei tek rutebussen til Eikefjord. Bernt Rimmen har bedt brorson sin, Karl Rimmen og svogeren hans, Odd Kvamsås om å hente kvinnene i Eikefjord. Dei ror kvinnene over til Rimma der Bernt tek vel i mot dei.

Frå Rimma ror Bernt inn til Sunnarvika med ho som skal heim til Medvatne. Dei går til Vasset der Bernt låner båt og ror henne over Vassetvatnet til Svardal. Søskenbarnet hennar, Bertel Svardal går seine kvelden over fjellet saman med henne, slik at ho er kommen på plass heime på Medvatne då "Bergensbåten" fer inn fjorden. Dermed var mi dekkhistorie klar, fortel Janikke Hundvebakken.

Ho fortel Jannike HundvebakkeJanikke Hundvebakken på 100-årsdagen 26.04.11 Foto: Brynjar Svardalat det var arrestasjonane av motstandsfolk i Bergen våren 1944 som var årsaka til at angsten for å røpe andre, tok Sigrid Moen. "Eg må komme meg vekk for eg veit så mykje", sa ho, "og dersom eg blir avslørt veit eg ikkje korleis det vil gå".

Også andre ho var knytt til, vurderte situasjonen slik at Sigrid måtte komme seg vekk, seier Janikke, og nemner at kvinner i NS var på sporet etter henne. Seinare var to kvinner på Rimma for å undersøke, fortel ho.

Sigrid Moen f. 1902, var dotter av Ragnhild Andersdotter Flatlandsmo og Knut Nilsen Fenne på Voss. Mor hennar gifte seg med Aslak Olsen Istad, og dei busette seg på Istad der dei tok over ein gard.

Våren 1944 flykta Sigrid til Istadstølen og gjekk i dekning der. Ho fekk hjelp av morfar sin og av Janikke som reiste frå Bergen til Voss og ordna med mat og anna Sigrid hadde bruk for. Janikke fortel at Sigrid gøymde seg i høystålet når ho meinte det var fare på ferde, og då la ho dokumentmappa over bringa i fall soldatane skulle finne på å renne bajonettane ned i høystålet. Med tyske soldatar stasjonert i militærleirane på Voss og med kommande vinter, vart nok denne gøymeplassen noko utrygg.

Janikke hadde høyrt at einkvan i Eikefjordsdalen tok mot slike som hadde behov for å gå i dekning, så ho kontakta bror sin, Bertel Hundvebakken på Medvatne, og bad han undersøke. Han tok turen til morbror sin, Bernt Rimmen på Rimma i Eikefjord. Bernt forstod alvoret, og var ikkje redd for å hjelpe.

Bernt hadde funne ei hole i urda oppe i lia under Vikanipa der han meinte Sigrid kunne gøyme seg. Ho oppheldt seg for det meste der i den tida ho var på Rimma, men om natta gjekk ho ofte ned til huset og fekk ordna seg med mat på kjøkenet. Slektningar som overnatta hos Bernt, fekk seg ein god støkk då det midt på natt kom ei kvinne til gards og tok til å romstere på kjøkenet.

Det vart og fortalt at ho fann ei hole bak ein liten foss ved garden. Der kunne ho gøyme seg dersom det stod om, og Sigrid fekk god bruk for gøymestadane sine, for fleire gonger kom der framande til gards for å undersøke. Ein gong kom dei då Bernt heldt på å kinne. Han fekk dei bort ved å stikke til dei ein smørklatt frå kinna, fortel Janikke.

Midt i mars 1945 føretok tyskarane rassia på Rimma, og då heldt det på å gå gale.

Torfinn Sunnarvik hugsar rassiaen. Han fortel at det kom båtar frå Florø og tok til lands ved Porsemyra. Der arresterte dei Martin Sunnarvik på grunn av at dei fann dynamitt på garden hans. Han måtte bli med til Florø, men vart seinare sett fri. Tilfeldigvis var Sigrid nede hos Bernt den dagen. Men Bernt oppdaga tyskarane, og fekk varsla Sigrid som var inne i huset. Bernt møtte tyskarane i grinda og fekk heft dei der til Sigrid var komen i sikkerheit, fortel Torfinn.

Janikke høyrde og om denne hendinga. Ho fortel at tyskarane fann eit forkle på kjøkenet og ville vite kva kvinnemenneske som budde hos han. Bernt spela truskuldig og svara: "Det kom eit kvinnfolk hit etter bombinga av Laksevåg, og eg tok henne i teneste, men så reiste ho ut att til Florø og sidan har eg ikkje sett henne", fortel ho. Dette virka så truverdig at tyskarane reiste utan å undersøkje noko meir.

På butikken kommenterte folk at Bernt handla meir og annleis enn vanleg, men Bernt visste å parere; det var hunden som var blitt så kresen at han måtte kjøpe inn litt ekstra og litt god mat til han.

fjellet hola
Rimma i Eikefjord              Inngangen til berghola         Inne i berghola
(Ring rundt hola) Alle foto: Odd Asle Endestad

Sigrid overlevde siste krigsåret i berghola på Rimma, og tok oppatt arbeidet sitt på Neevengården sjukehus då krigen var slutt. Seinare vitja ho Bernt Rimmen fleire somrar, fortel Torfinn som rodde henne frå Sunnarvika til Rimma mange gonger.

Lagnaden til Sigrid vart likevel tragisk, for på veg til arbeidet sitt 11. januar 1952 då ho skulle krysse vegen ved sjukehuset, vart ho påkøyrd av ein buss og miste livet, fortel Janikke.

Ho vart gravlagd på Voss, og Janikke reiste dit og var med i gravferda. Torfinn fortel at det vart ei stor sorg for Bernt då han fekk høyre at Sigrid var gått bort.

Vi har rimeleg god kjennskap til kva som hende i Bergen i 1943 og 1944. Tyskarane vart svært aktive for å rulle opp motstandsrørsla på Vestlandet, og bakgrunnen var likvideringar i Bergen, sabotasjeaksjonar, Nordsjøfarten og radiooperatørane på kysten.

I 1943 vart deler av Milorg (motstandsbevegelsen sin militærorganisasjonen) i Bergen avslørt av tyskarane. Mellom anna vart sjefen for Milorg, seinare generalmajor, Mons Haukeland arrestert og sendt til Sachsenhausen i Tyskland. Den illegale avisa "Norsk vilje" i Bergen vart og avslørt tidleg i 1944.

Journalist og forfattar Ragnar Ulstein, f. 1920, seier at han tvilar på at Sigrid Moen høyrde til Milorg. Han ville i så fall truleg ha fått kjennskap til henne då han organiserte Heimefronten i Sunnfjord og Nordfjord våren 1945.

August Rathke, f. 1925, som var sentral i den kommunistiske motstandsrørsla i Bergen og byrettsjustitiarius der etter krigen, fortel at Saborg (kommunistisk sabotasjeorganisasjon) vart avslørt våren 1944. Erling Jørstad og Ingolf Knag, som var i etterretningstenesta, vart arresterte 9. februar og sende til Tyskland.

Å finne ut av Sigrid sin eventuelle plass i organisasjonen no så lenge etter krigen, ser August Rathke på som svært vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg, då dei fleste i motstandsrørsla som kunne ha hatt kjennskap til henne, er gått bort. Ho kan ha arbeidt som "postkasse" og samla inn opplysningar som var viktige for dei allierte i London. Slike opplysningar vart formidla frå Bergen til Oslo, og vidare derfrå til Stockholm, fortel han. Han meiner likevel at det er underleg at ho ikkje kontakta organisasjonen dersom ho var med i Saborg og følte så sterkt for å gå i dekning. Organisasjon hadde ei rimeleg sikker fluktrute både til Sverige og over til England. Han kjende ikkje til Sigrid, men dersom ho var med i Saborg, fortel det berre at systemet med celler - der færrast mogleg skulle vite om kvarandre - virka. Motstandsrørsla var organisert slik, seier han.

Under arbeidet med å finne ut av Sigrid si historie, har eg vorte kjend med at legar på Haukeland sjukehus hjelpte folk som var komne i søkelyset til tyskarane, ved å skrive dei inn på Neevengården sjukehus når dei spelte mentalt sjuke. På spørsmål om ho kjende til ein namngjeven mann som spelte sjuk, svara Jannike: "Å ja, det var overlegen som hjelpte han". Det måtte såleis vere samarbeid mellom fleire på dei to sjukehusa. Kanskje opererte helsepersonellet som ei lokal motstandsgruppe.

Sigrid var busett i Edvardsensgate i Sandviken, fortel Janikke. Saborg hadde dekkleilegheit i Reipslagergata som ligg like ved. Ho flykta frå Bergen straks etter Erling Jørstad og Ingolf Knag vart arresterte, men i arkiva finn vi ikkje noko om at ho då var etterlyst, eller at ho seinare vart det.

Kva Sigrid Moen arbeidde med under krigen, var nok hemmeleg både under og etter krigen, men Janikke fortel at ho fleire gonger vart send av stad for å hente inn opplysningar til Sigrid når det hende noko i Bergen, og ein svart hund kom av og til opp til gjerdet ved sjukehuset med ein lapp i kjeften for å levere den til Sigrid.

Etter krigen vart det i Eikefjord fortalt at Sigrid hadde radiosendarutstyr og kommuniserte med England. Dersom ho stod i radiokontakt med dei allierte, ville det vere svært merkeleg seier både August Radhke og Ragnar Ulstein. Begge opplyser at alle radiosendarane og operatørane var registrerte hos dei allierte, og i det registeret er ho ikkje. Janikke meiner at ho ikkje hadde med seg slikt utstyr frå Bergen. Då er det meir truleg at ho hadde radio og såleis kunne halde seg orientert om det som hende.

Sigrid hadde ikkje etterkommarar, og slekta hennar veit ikkje noko om kva oppdrag Sigrid hadde i motstandsrørsla. Det veit heller ikkje Janikke, eller andre privatpersonar eg har vore i kontakt med. I offentleg arkiv finst ingenting. Men skal ein våge seg til med ein teori ut frå det som vert fortalt, kan ein kanskje gå ut frå at ho arbeidde som "postkasse" og informant for ei motstandsrørsle i Bergen, og mest truleg også for ei lokal gruppe av motstandsfolk og hjelparar som bestod av legar og andre på Haukeland- og Neevengården sjukehus .

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd