Originaltekst: Firdaposten 30. desember 1980. 

Bjarne LokeboBjarne Løkebø minnest sin hardaste tur på kverna med korn, krigs-vinteren 1944.


Det var under siste krig, og ikkje så greitt å skaffe seg mat. Nesten alt vart selt under disk, pengar var i mange høve ikkje stort verdt. Det var byting med varer som var i vinden. Den som hadde smør, var heldig, med det kunne ein byte til seg det meste.
Vi som stelte med gardsbruk, måtte produsere mest mogleg. Vi hadde rikeleg med poteter og grønsaker. Frå kysten fekk vi sild om vintrane. Sild og poteter var god mat.
Vi utvida åkrane i desse åra og det vart sådd havre på alle gardar. Den tok vi godt vare på, tørka i jarngryte så kornet skulle bli tørt og godt og late seg betre male mellom kvernsteinane.

Men det var strenge tiltak i desse åra. Okkupantane hadde gitt lensmannen pålegg om å forsegle alle kverner kringom på gardane, slik at vi ikkje skulle få male kornet sjølv. Dei hadde vel ein baktanke med dette, herrefolket.
Men ikkje alle kverner kom med. Dei som låg borte i ville marka der ingen veg førde fram, dei gjekk fri. Der mol vi kornet vårt og kjede oss trygge.

Den kverna eg mol mitt korn på, stod på sørsida av Endestadvatnet, 50 meter frå vassfjøra, oppe i tett oreskog. Det var ei god kvernelv, ho kom frå eit fjellvatn der det var laga demning, slik at ein kunne ha kvern-vatn også i godvêr.

Alle mol ulovleg

Denne kverna gjekk både dag og natt i lange periodar. Når ein mann var ferdig med si maling, kom neste og tok over.
So var det ruskeveirsvinteren 1943/44. Dette var i januar 1944. det eine lågtrykket hadde avløyst det andre med storm og regn, so det mangla ikkje kvernvatn.

I kjellaren heldt eg på å tørke havre i ei 130 kilos bryggjepanne. Utpå ettermiddagen, i to-tre tida, var eg ferdig. 70 kilo korn hadde eg delt i to sekkeposar, og gjorde meg ferdig til å fare på kverna. Etter å ha køyrt kornet til naustet, henta eg med meg ei lykt og ei ekstra flaske med parafin. Eg rekna med at natta kom til å gå.

Så vart båten sett på varnet og ein presenning vart lagt over sekkane med tørka havre. Eg tok årane fatt og rodde ned til elva mellom Løkkebø- og -endestadvatnet. Der hadde gamlekarane rydda eit godt løp, og eg let det stå til. Elva var stri så det skvatt inn over stamnen av og til.

I Endestadvatnet var vestavinden temmeleg stri, så det vart ein time med hard roing før eg var under kverna med den dyre lasta.

Eg fekk kornsekkane på plass, og for å være sikker, gjekk eg ned att og drog båten ekstra langt opp og støtta han av for vind og ver.

Vel kommen under tak, tok eg til å sjå over alt på kverna. Det første var å sjå om der hadde vore myser og forsynt seg av mjølrestar. Slike skapningar plar alltid å legge etter seg noko lite som ikkje er særleg til å blande inn i mjølet.
Så fylte eg eine sekken i kornteina, såg om skaff-teina var lang nok, og stilte opp skoen der kornet kjem fram og ned i kvernsteinsauga. Det er mange ting som skal arbeide saman. Få av dei yngre veit vel å stille ei kvern i dag.
Måtte hogge oppatt steinane.

Så gjekk eg opp i stemme-luka og slepte på vatn til kvernkallen. Eg sprang ned att, for no måtte eg vere på plass, regulere på alt, lette eller senke steinen, gje passeleg med korn, stille og justere. Det var ein heil prosedyre som eg hadde lært av bestefar. Han var svært link til å stelle med kverner.

No var eg i den situasjonen at skulle eg late kverna få normalt med korn, så vart det fliser i mjølet. Og stilte eg opp skoen så ho fekk berre det halve med korn, så vart eg vel ståande eit døger i kvernhuset, og det gjekk ikkje. Kvernsteinane var slette under og måtte hoggast.

Ja, ja. Det var berre å få i gang. Opp i stemma og stenge vatnet, ned att og ta til. Dette med å hogge riller i kvernstein, var ein kunst eg hadde lært av bestefar, og no kom den vel med. Dette hoggearbeidet må gjerast svært nøye for å få eit fint utmalt mjøl.

Skal seie det trongst, ja. Kverna hadde vore svært mykje brukt. Til sist var eg ferdig, kosta godt vekk sand og steinsprut og gjekk oppatt for å sleppe på vatnet. Elva hadde vakse i ausregnet og kvernsloket rann over. Eg skunda meg ned att. Kvernkallen gjekk sterkt, eg høyrde den snerrande låten av skovlene når kallen tok vatnet frå renna.

Triveleg i kvernhuset

No gjekk malinga betre, kverna tok meir korn og det var ikkje lenger fliser i mjølet.

Med dette arbeidet hadde eg brukt ein god del tid, og no heldt det på å mørkne. Parafinlampa vart kveikt og hengt på ein spikar i eit sperr i taket. Eg tykte eg hadde det fint. Ute sjoga elva, det pøsregna, og no sette nordvesten inn så bølgene tok til å få kvite på vatnet.

Så kom eg til å tenkje på båten. Det var kanskje sikrast å sjå ned. På høg tid, viste det seg. Han måtte bergast lengre opp på land.

På kverna slappa eg av. Her gjekk alt som det skulle. Eg høyrde på den ein-tonige duren av kvernsteinen, suset av vatnet og kvernkallen under golvet. I ti tida om kvelden var eg ferdig med første kornsekken og tømde oppi den andre så teina på nytt vart full.

Det gjekk mot ei uvêrsnatt. No bles det full storm, elva var flaumstor, regnet hølja ned. Endå ein gong gjekk eg i fjøra for å fjå ril båten, og endå ein gong måtte eg ale den lenger på land for å få han fri for bølgeslag.

I kvernhuset gjekk timane, kornet minka i teina og mjølet vaks i kista. Ved midnatt heldt eg visst på å sovne av, eg høyrde ikkje torevêret, det vart borte i kvernduren.

Men under golvet var det eit kvart som buldra, det small i kallen. Nykke trudde eg ikkje på, så det var vel ein stein som hadde kome med vassflaumen.

Så var det nesten gjort. Kornet var kome i skoen, berre to tre liter att. Så riste eg resten ned i kvernsteins-auga, tok lykta av spikaren og la opp mot stemma. Ho ville vere ferdig med resten når eg tok vatnet. Takk for jobben, kvernkall du har vore flink i natt.

No fekk eg det annsamt med å pakke mjølet i sekk. Det skulle ned i båten og breiast over for ikkje å bli vått i dette Herrens ver. Eg leste godt med stein over presenningen, for på vatnet gjekk det kvitt. Det bles full storm og av og til stod vassdrivet som røyk bortetter. Skulle eg take ut i dette veret?

Månen var komen, han lyste såpass bak bye skyene at eg hadde landkjenning kring vatnet. Eit kvast lyn nesten blenda meg. Nei, det var ikkje farande ver. Eg gjekk oppatt i kvernhuset og venta i von om at stormen skulle spakne. Men det drog ut, eg fraus, vart kald og stiv. Ingen låt i kverna. Det vart svært stusseleg. Etter ein time tenkte eg med meg at det fekk vere nok. Eg gjekk til båten, skauv frå land, og var som ein elding over årane for ikkje å bli kasta oppatt i fjøresteinane.

Min hardaste ro-tur

Eg krøkte på ryggen og sleit på årane det beste eg vann. I båten hadde eg 70 kilo mjøl og litt stein. Passe bra last. Men det ville ikkje mune, eg kom lite på fram, men dreiv desto meir tvers over. Bølgene gjekk høge midt utpå. Skvette stod innover meg, av og til flerra eit lyn og toreskrall slo kort etter. Ute i vest svartna det til og ei kraftig haglbye piska stormen endå meir opp.

Mot min vilje og med all mi makt bak åra, var båten likevel blitt pressa oppunder ein farleg stad, rett ut for skredene under Endestadnipa. Her kom kastevinden ned fjellsida og slo tvers ut fjorden. Her fekk eg ei nifs oppleving. Ein kvervel-vind slo ned frå fjellet, sopte over båten med slik krat at den vart snudd rundt på sentrum, så framstamnen peika den vegen eg kom frå.

Skal dette bli min siste tur? Tanken var der. Eg tok i meir enn eg hadde godt av og la no skrått over fjorden. Det vart eit blodslit, men det gjekk bra. Og til slutt var eg komen oppunder mot Teigefjellet. Her var det inga bøn. Steile veggen like i vatnet med skolande bølger. Dei vart endå krappare då eg kom opp mot elva mellom vatna. Det skola over ripa i eitt. Her i denne straumskavlen drukna det sju menn ein gong. Dei var på veg heimatt frå ei gravferd på Svanøy. Dette kom meg i tankane der eg sleit som verst.

Eg kom igjennom og inn i denne stille «laguna» under grevn-elna. Eg var heilt gjennomvåt av sveitte. Så var det til å sette dragtau i båten og slite han opp elva, mot straumen. Det gjekk toleg bra, og på Løkebøvatnet vart det unna vinde, så turen var gjort.

Då eg kom til båtnaustet såg eg på klokka. Den var fem om morgonen.

Så vart mjølet plassert i naustet, båten etterpå, og så tok eg lykta i neven og hasta meg heim. Mor og far hadde sete oppe heile natta. Dei var redde for at det hadde gått gale med meg. Til gladare vart dei, då eg kom. Og no smakte det med kaffi og mat.

Dette var den hardaste tur eg hadde hatt over Endestadvatnet. Ein tur eg aldri gløymer.

Bjarne Løkebø

Kilde: Firdaposten

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd