16. oktober 1873 løyvde Svanøy sokn 30 Spd. til kyrkjebyggjar Alvær for innvendig måling av kyrkja. Samtidig fekk han utbetalt 25 Spd for ekstraarbeid han hadde hatt med kvelven og for utlegg til kransøl.

Sommaren 1874 tok dei til med grøfting og utviding av gravplassen. Medan dette arbeidet stod på, skulle døde frå Eikefjord gravleggast i Stavang eller Nordal "efter veir og omstendigheter".

På møte 7. mars 1874 sette Svanø Sogn ned ein komité på 3 mann for å regulere stolradene i kyrkja, og 2. desember same året sende Ole M. Hovland brev til heradet der han bad om omregulering av stolradene.

På heradstyremøte 13. januar 1886 vedtok Eikefjord Sognestyre at komiteen sitt forslag til regulering av stolrader skulle vedtakast. (Brevet frå komiteen er dessverre ikkje arkivert)

I 1894 behandla Eikefjord soknestyre eit skriv frå ein del oppsitjarar i Eikefjord sokn om faste sitjeplassar i kyrkja. Til å komme med forslag vart valde Absalon Ramsdal, Ab. A. Hopen, A. Fasteland, Aksel O. Hofland og Anders J. Eikefjord. I 1896 sende Rasmus T. Sundhordvik brev til Kinn herad der han bad om stolplass i kyrkja. Men det er ikkje arkivert noko om resultatet.

21. juni 1895 godkjende kommunestyret regning frå blekkenslager Berle for ny koparkledning på kyrkjespiret.

Kyrkja hadde vedfyring frå 1898. Heradstyret godkjente ei rekning 27. januar 1899 på kr 28,13 frå Abraham Hopen på "omkostningar" ved oppsetting av omnar i kyrkja. Det vart sett inn to vedomnar med stålrøyr som piper. På originalbiletet av kyrkja i 1913, kan ein så vidt skimte det eine røyret som stikk over taket. Seinare vart det mura piper. I 1953 fekk kyrkja elektrisk lys og oppvarming. Vedomnen på sørsida står der framleis.

16. august 1924 vedtok Eikefjord heradsstyre at det sommaren etter skulle leggast skifertak på kyrkja, då det var absolutt nødvendig å skifte pannetaket. Samstundes skulle inngangstrappa på nordsida reparerast.

I 1936 kom målar Johan Lid frå Voss til Eikefjord for å måle kyrkja. Han vart då kjend med Annlaug Hovland. Dei gifte seg, bygde hus på Hovland og vart verande i bygda.

I samband med utvidinga av kyrkja i 1969 drøfta ein planering av kyrkjegarden rundt kyrkja og måling av kyrkja innvendig, ser vi i Kinn Kyrkjeblad, men på grunn av økonomien tok det tid før noko vart gjort.

I 1999 vart golvet slipt og kyrkja måla innvendig. I midtgangane og koret kom det då nye teppe, og benkane fekk ekstra ryggstøtte som gjorde dei mykje betre å sitje i. Det vart også lagt inn polstring i setet. Benkane under preikestolen blei ikkje sett inn igjen for å gje plass til piano og anna som treng plassen når det er konserter og andre arrangement i kyrkja.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd