Laarseth01Lars Aarseth var fødd på garden Aarseth i Vevring. Etter folkeskulen begynte han som snikkar og spesialiserte seg etter kvar på vevstolar. I 1932 gifte han seg med eldste dotter til Ole iversen Løkebø. Han overtok garden og gjekk straks i gang med modernisering. Han bygde nye hus og anla ein betydeleg frukthage.

Han bygde elektrisitetsverk i 1941 og ein liten trevarefabrikk i 1947. Han leverte store og små vevstolar og hadde fult arbeid for 2-3 mann i 1954.

På landsutstillinga i Bergen i 1928 fekk Lars Aarseth sølvmedalje for vevstolen han hadde stilt ut kan man lese i Nordre Bergenhus Amtstidende 9. juli 1928.

 

 

 

Kilde: nb.no

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd