Søndag 31 januar i 1954 var vi nær å miste kyrkja vår. Lars Eikefjord var kyrkjetenar og hadde fyrt i ovnane til preike på søndagen. Det var hett og godt i kyrkja og ovnane og pipene var heite.
Ut på kvelden skulle Leif Refsøy, barnebarnet til Lars, reise til Florø med kveldsbussen. Då han kom forbi kyrkja såg han at det rauk og sprang heim etter nøklane. Det var fyr i søre galleriet. Skorsteinen var så oppvarma at det hadde byrja brenne.
Audvin Eikefjord hugsar godt at det stod rekkje med folk frå fjæra og sende vassbøtter opp mot kyrkja og kyrkja blei redda. Brannvesenet frå Florø rykte ut, men brannen var sløkt før dei kom fram.