Ludvig Midtbø, Motorbåtreiar og skomakarverkstad

Ludvig Midtbø var fødd på garden Midtbø i Nordalsfjord. Han mista høyrsla 11 mndr gammal og gjekk Døveskulen i Trondheim. Etter dette og fram til han flytte til Eikefjord i 1925 dreiv han eigenstudie i teikning, båtbygging og skomakaryrket.

I 1926 bygde Ludvig sin første motorbåt, 22 fot, med 4HK Heimdal motor. Den andre båten, 30 fot, med 10 HK Unionmotor bygde han i 1931. Denne båten forlenga han til 37 fot i 1936. Den tredje båten, 50 fot, bygde han i 1940 med 140 HK dobbelsylindra Unionmotor. Dei to siste båtane har han også sjølv sett inn motorane på. Ludvig har også i mange år dreve som førar av desse båtane i skyss- og turtrafikk. Den siste båten går no i rutetrafikk for Sogn og Fjordane fylkesreiarlag.

Sidan 1925 har Ludvig Midtbø også drive skomakarverksemd i Eikefjord, arbeida særleg slagstøvlar og skinntøfler – desse er særs godt etterspurde. Ludvig har no ferdig teikning til ny skofabrikk- og bustadbygning, som skal byggjast slå snart løyve ligg føre.

Ludvig Midtbø har eigen drosjebil.

 LMidt01
LMidt02

Firda 13. mars 1951

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd