I matrikkelen frå 1723 blei det nemnt at gardane på Tonheim låg farleg til for fjellskred.

Dommar og 8 menn hadde i 1786 synfaring etter jordskade i såtida i 1784. I regnvêr losna ein stor stein i fjellet og for rett til sjøs. Den reiv med seg åker, eng og 7 hus hjå Bertel Hallvardson. Ei bu stod igjen, også denne noko skada. Skatten for denne garden vart sterkt redusert.


I 1936 behandla Eikefjord kommune skriv frå oppsitjarane på Tonheim. Dei bad om at fjellet over Tonheim vart granska. Statsgeolog Arne Bugge skulle til Vevring og Eikefjord kommune bad om at han også kom på synfaring i Eikefjord. Svar fekk kommunen i 1938 og i september same året fekk kommunestyret skriv om kontrollboltar som var sett opp i fjellet.

REPORTASJE FIRDAPOSTEN 23/4-201620160425 300 Firdaposten

Dei svære steinane på bøen på Tonheim vitnar om at det lenge har vore uro i Strandafjellet. Ellen Tonheim Ulfstein, Solfrid Tonheim og Asbjørn Tonheim mimrar over barndommen på heimegarden før dei måtte flytte. Steinane var og deira barndoms leikeapparat.

Asbjørn Tonheim (71) var 14 år gammal då tre familiar måtte tvangsflyttast frå gardane sine på Tonheim ved Eikefjord, fordi svære blokker på toppen av det stupbratte Strandafjellet over dei truga med skli ut.
I dag bur han framleis like i nærleiken, men vekk frå fjellet. Faren, Peder Tonheim vart pålagt å flytte frå garden sin med kona og åtte born i 1969. Det var blitt for farleg å bu her, meinte Flora kommune. Flytte måtte også familiane frå begge nabohusa.
– Det var mykje snakk om at det kunne rase i desse åra, minnest Asbjørn.
– Bestemor hadde fått opp nytt hus litt lenger vest. Men bestefar ville ikkje flytte med. Her har eg budd heile livet. Her vil eg døy, sa bestefar. Han døydde også like etter 88 år gammal, før det kom så langt at han måtte flytte, fortel Solfrid Tonheim og Ellen Tonheim Ulfstein, søstrer til Asbjørn.
Tre av dei åtte søskena som hadde barndommen sin i midtre huset under det farefulle fjellet er tilbake på heimgarden.
Søskenflokken som i dag er i seksti sytti åra, vokste opp med stor respekt for Strandafjellet.
steinen i vogga
Mest inntrykk gjorde ei historie frå då bestefaren var liten. Mora hadde lagt han vogga, men fekk slik uro i seg om at noko var gale. Ho treiv babyen ut av vogga. Like etter høyrde dei eit brak. Ein sværa stein knuste eit hol i taket og landa oppe i vogga. Om historia er sann veit dei ikkje. Men dei veit at er noko seinare kom rullande ein svær stein som delte seg heilt inntil husveggen.
Solfrid minnest at det av og til kunne vere vanskeleg for eit barn på åtte-ni år å få sove i desse åra, med så mykje snakk om rasfare.
– Når store bilar susa forbi nede på vegen under, hende det at vi vakna og lurde på om det var raset som kom.
I dag vitnar svære kampesteinar utover bøane bak låven om at det kunne vere farleg å bu under Strandafjellet på Tonheim. Dei minnest likevel oppveksten her mest som fri og rik. – Då vi var små leika vi mykje på desse steinane og gjorde fantestrekar. Her hadde vi ei hole vi kunne gå inn ifrå begge sider. Og her klatra vi opp og tevla om kven som våga å hoppe ned frå høgste høgda. Og om somrane bada vi i sjøen nedanfor og tok ut båten- ofte utan lov, fortel Ellen. For dei var dette mest kvardagen, sjølv om det hende at dei og kjende seg redde.
ikkje spreke greiene
Berre litt av tuftene står i dag att av bustadhuset der Tonheimsøskena vokste opp. Men løa er bra halden. Her står også eit vedahus på tomta
– Vi fekk ei viss erstatning for huset. Men det var gammalt og lite verd. Så eg trur ikkje det var spreke greiene, seier Asbjørn. Han fekk overta den fråflytta eigedommen. Etter eit omflakkande liv i verftsbransjen er han pensjoninist og held framleis ei lita drift gåande med eit tjuetals vinterfôra sauer.
Strandafjellet står framleis heilt og reiser seg 700 meter i enkelte parti rett opp. Ein og annan stein har dotte langt ned, andre er gøymde vekk i urene.
For nokre år sidan sat Asbjørn Vågene på kjøkkenet sitt i Sørgardfeltet i Eikefjord og observerte ei svær støvsky som vart kvervla opp av eit ras i Strandafjellet.
Men spådommen om at ei stor seinblokk kom til å skli ut innan femten år, har ikkje slege til. Dei siste par åra har den store Tonheim- familien og teke opp att den gamle tradisjonen om å samlast til Jonsokfeiring, saman med andre som bur i nabolaget. Seks av søskena bur framleis i Flora eller området og har gjerne med sine etterkommarar.
Asbjørn er den som brukar Strandafjellet mest. Eg går mykje og ser etter sauene og er på toppen oftast 4–5 gongar kvart år.
– Frå toppen har du eit fantastisk utsyn, Du får det ikkje betre, prisar Solfrid som sist var oppe på toppen søndag for ei veke sidan tida
– Strandafjellet er i dag stabilt. Det viser målingane, fortel regiondirektør
Brigt Samdal i Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE).
Konklusjonen er såleis i dag ein heilt annan enn den nesten nifse stemninga som rådde då familiane på Tonheim vart tvinga til å flytta i 1969.
NVE har eit eige overvakingsprogram for utviklinga av Strandafjellet som måler om her har vore ei utvikling kvart tredje år, fortel NVE-direktøren.
– Vil det seie at det var feil å tvinge familiane til å flytte frå området?
– Det var sikkert rett å gjere på den tida. Naturen er heile tida i endring, og det som var i utvikling den gongen, kan ha stoppa opp, svarer Samdal.
Som ung gut var Asbjørn Tonheim med då faren rigga opp måleboltar på toppen av Tonheimsfjellet i områda dei frykta utgliding. Målingar frå 1968–1971 synte at blokkene berre rørde på seg nokre få mm i året, men enkelte år like mykje tilbake som fram. Sidan den gongen har det vore lite offentleg omtale av Tonheimsfjellet.
Dokument frå sekstitalet fortel om ei nesten nifs stemning i perioden før familiane måtte flytte
«Mi personlege meining er at fjellet kan ramle ut kva dag som helst. Og det vil undre meg mykje om det vert ståande i 10–15 år til. Så sundt fjellet og oppsprukke som fjellet er, trur eg at vatn og frost innan
kort tid vil føre til at heile partiet ramlar ned, skreiv S Hopland ein rapport til Flora formannskap i august 1968. Hopland fann situasjonen så utrygg at han ikkje kunne vere med på å ta noko ansvar for busetnaden på Tonheimsgardane. Han la til at fjellet også representerte ein fare for trafikken på riksvegen nedanfor.
Endeleg er kanskje faren for flodbølge til stades, skreiv Hopland.
Han skisserte to utvegar:
Nemleg at Tonheimsgardane vert fråflytta og utviklinga i fjellet går sin gang. Ein får då ikkje eliminert faren for riksvegen og flodbølge. Endeleg kunne eg tenka meg at gardane vert midlertidleg fråflytta
og at fjellet vert nedsprengt. I så fall må sprenginga nøye vurderast av Sprengingsekspertar og geologar.
I januar same året var vit ass og Lidvin M Osland, geolog frå Universitetet i Bergen (seinare fylkeskultursjef ) vore oppe på toppen. Han laga ein noko mindre dramatisk rapport som konkluderte med at fjellpartiet kunne gli ut, men at faren ikkje er overhengande. Osland føreslo og at det vart sett opp boltar over eit par sprekkar i fjellet for å følge utviklinga.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd