Henrik Svarthumle dreiv Landhandel i  Eikefjord frå 1901.

Henrik var også viseordførar i Kinn herrad i 1911. Han var også ordførar i Eikefjord frå 1922.

Landhandelen blei etter kvart drive i eit hus som stod like ved vegen mot kyrkja like ved der verkstaden til Havn seinare blei bygd. Huset blei rive for å gi plass til bensinstasjonen.

Svarthumle likte ikkje at Ludvig Langedal opna sin eigen butikk. Han bygde opp ein levegg langs elva så han slapp å sjå bort til butikken på nabotomta. Denne leveggen vart seinare utvida til eit hus, først hestestall, seinare bakeributikk og manufakturbutikk.
 HSvarthumle01

 Det kvite huset var forretninga til SvarthumleHSvarthumle02

På bildet ser vi også saga til Olav Havn ved landgangen til sjøbua på Øyra.

 Henrik utrusta fiskebåten til Albert Hamn (f. Eikefjord). Ein av sesongane slo skikkeleg feil og dette medførte konkurs for Albert og stort tap for Henrik.
Bror til Albert i Salmontunet, Salamon Eikefjord, måtte selje det meste av innbu for å dekke kausjonen han hadde gitt til broren.
HSvarthumle03 
 

Her er ei typisk side frå kassaboka til Henrik Svarthumle. Vi ser han sel tørr bjørk, skrubbert og formidlar arbeid for skulen.

Ser vi på kundane i kassaboka hadde landhandelen i Eikefjord eit stort nedslagsfelt. Her er kundar frå Løkkebøen, Solheim og Svarthumla, rundt og ut fjorden. Knut Osen, Karl Vassbotn, Thomas Stendal var også blant kundane hos Svarthumle, desse bestilte sikkert varer pr telefon og fekk dei sendt med rutebåten.

Frå kassaboka ser vi at Svarthumle fekk brød frå bakar Trovik i Florø.
 HSvarthumle04

Henrik Svarthumle døydde brått i 1932.

Kona til Henrik, Maren Svarthumle fortsette med handelen ei tid etter at mannen døde. I 34 er butikken nevnt som handelsbu i herradsstyret.

Olaf Havn og Asbjørg Havn kjøpte eigendommen av Maren Svarthumle i 1939.

Olaf Havn starta mekanisk verkstad og bensinstasjon. Dette er starten på Havn Auto og Havn Eigedom.
HSvarthumle05

Kilde nb.no, Arve Havn, 

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd