Magnus Svarthumle hadde handelskule i Bergen og starta landhandel på Storebru, like ved riksvegen og vegen til Endestadi slutten av 1938. Han selde kolonialvarer, koppar og kar, fint steintøy og sko. Han hadde også ølutsalg med stor omsetnad både til Naustdal og Førde, som ikkje hadde sal av øl over disk så tidleg som i Flora. |
|
Svarthumle hadde også tønnefabrikk og dreiv med griseavl. I dei tider det ikkje var sal av øl i butikkane i Førde hadde butikken på Storebru mange kundar som kom over Ramsdalsheia for å kjøpe øl. |
Magnus sette også i gang med campingplass litt lengre oppe ved vegen til Endestad. Firda Folkeblad 3. juli 80 kan melde at no er hyttene på plass. |
Kilde: nb.no, Bjørg Liseth, Firdaposten arkiv