Odd Reiakvam gjekk i bakarlære i Naustdal. Under krigen var han i Bulandet, men så opna det seg i Eikefjord og han flytte hit.

I 1946 kom bakar Reiakvam og overtok som bakar. Han leigde same lokale som Garshol.

Odd kom fort i kontakt med Magnhild Langedal, søster til Arnljot Langedal og dei
gifte seg i 1950.

Dei overtok den gamle tønnefabrikken og bygde først bakeri i kjellaren og fekk konsesjon på dette bakeriet.

Reiakvam01 

Bakaromnen vart sett opp av nokre danskar som var ekspertar på bakaromnar. Den var vedfyrt, dvs at ein fyrte med ved i same kammer som ein steikte brød. Når varmen var god nok sette dei inn bakevarene for steiking.
Seinare vart omnen bygd om til elektrisk oppvarming.

Same type omn vart også sett opp i bakeriet til bakar Myklebust i Florø

På slutten av 50-talet reiv han den gamle bygningen og sette opp eit stort hus med to leilegheiter på dei gamle murane.

Noko av materialane til huset fekk han hos Magnus Svarthumle som dreiv butikk på Storebru.

Materialane var betaling for brød og bakarvarer som var levert.

Reiarkvam Odd

Bakerbutikken02

Forutan bakarvarer var det på bakeriet ein kjøpte mjølk, smør og andre meierivarer.

Først leverte han mjølk i spann til kundane, seinare kom dei brune flaskene med aluminiumskork som kundane tok med seg i stålkorg.

Bakaren selde også kioskvarer, is og snop.

Reiakvam03

Bakerbutikken01

 Marit Akselsen leigde ei stund lokale hos bakaren og hadde frisørsalong der.

Sparebanken Flora-Bremanger leigde lokale frå 1964 til 79 hos Bakaren.

Når det var bankdag i Eikefjord tok funksjonæren med seg pengeskrin og andre nødvendige saker frå kontoret i Florø.

Til å begynne med var det ein kontordag i Eikefjord, seinare vart dette utvida etter behov.

Odd Reiakvam slutta som bakar i 1981

 Reiakvam04
Reiakvam05
Firda Folkeblad 3 des 1981

I 1983 starta Audun og Olaug Bareksten bakeriet på ny.

Med på leiga av bakeriet følgde også dei gode oppskriftene til mesterbakaren, Odd Reiakvam. Odd budde også i andre etasje og var god å ha når nyebakarane trengte råd og veiledning.

Bareksten innreia også ein liten kafekrok der ein kunne nyte kaffi og ferske bakervarer.

Ei dame med gamle mor på besøk ville sette seg ned og nyte ein kopp kaffi på bakeriet. Det meinte ho gamle mor ikkje var nødvendig for kaffi det hadde ho heime.

Den største konkurrenten til bakeriet var dei store bakarhusa og i 1990 la dei ned bakeriet.

Reiakvam06

Kilde: Firdaposten arkiv, nb.no, Dagfinn Reiakvam, Audun Barelsten

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd