Ludvig Midtbø eller skomakaren som han blei kalla i Eikefjord hadde fleire fraktebåtar opp gjennom tida. Først var det "Braabre" og så kom "Blaafjell" som vart seld til Artur Engebø frå Vevring. Deretter kom Blaafjell I den største av alle som skomakaren bygde sjølv. Seinare kjøpte han Von III i Ålesund.
Blaabre I 1926 bygde Ludvig sin første motorbåt, 22 fot, med 4HK Heimdal motor. Bilde lånt av Jostein Midtbø
|
Den andre båten, 30 fot, med 10 HK Unionmotor bygde han i 1931. Bilde lånt av Jostein Midtbø
Denne båten var bygd av Ludvik Midbø, kalla «skomakaren». Han hadde ei drivande personlegheit og var ein nevenyttig mann som bygde i alt 3 båtar. MB Blåfjell ligg her på Florøvika ved Jakob Gotteberg sin hermetikkfabrikk, seinare Bjelland Hermetikkfabrikk. Dette er før 1940. Båten vart seld til Vevring når han fekk ferdig Blåfjell I. Her har vi ein lystig ungdomsgjeng ombord i Blåfjell. Vi har ikkje namna til alle, så om det er nokon som kan hjelpe oss med dei vi manglar, så ta kontakt. I bakgrunnen ser vi landgangen til Sørbøbua. Den står den dag i dag, men landgangen er borte. Frå venstre kjenner vi ikkje namna til dei fire første, nr. fem frå venstre er Hedvik Eikefjord (Moe), Elna Eikefjord (Classon), ukjend, Anders Eikefjord og Hilmar Øvrebø. |
Denne båten vart bygd i Hamnafjæra i 1936. Ludvig henta erfarne båtbyggarar frå Hardanger til å lede arbeidet og deltok sjølv med liv og sjel under arbeidet, saman med andre eikefjordingar. "Blaafjell I" var 55 fot og tonnasjen var 24 bruttoregistertonn og med ein 60 hk tosylindra Union. I casinga akter var det damesalong, under dekk var der herresalong, og båten hadde sertifikat for femti passasjerer. Mannskapet, som vanlegvis var på tre mann, hadde lugar helt forut.
Her er eit av mannskapa på MB Blåfjell I. Frå venstre: Salamon Havn (skipper), «skomakaren» Ludvik Midtbø (reiar, maskinist), Erling Havn og Gustav Kjørslevik.
Ein av passasjerane tok seg fram til Gunnhildvågen og telegraferte etter hjelp. Enkelte båtar kom til , men kunne ikkje gjere mykje på grunn av sterk pålandsvind. "Blaafjell I" var forsikra for 30000 kroner, så det vart betydeleg tap for eigaren. Seinare forsøkte Olav Aalen frå Kvammen å heve "Blaafjell I". Dei greidde å få virestropper rundt "Blaafjell I", men når dei begynte å hive vrei sikkert vraket nede i djupet seg og sklei nedover. Bergingsbåten hadde sansynlegvis forlist om ikkje viren hadde slitna. |
Denne kom inn i ruta til Blåfjell I etter at denne forliste i Ausa. Båten kjøpte Ludvik Midtbø i Ålesund. Båten vart økonomisk tung for skomakaren. Han valgte å selge huset han hadde sett opp på Hovland i 1958 for å behalde båten. Carl Eikefjord kjøpte båten av «skomakaren», han selde den seinare til Moss. |
Kilde: Båtar med sjel III. (Bildetekst i boka hevdar at "Blaafjell I" vart mykje ombygd. Blaafjell og Blaafjell I var to forskjellige båtar)
Eikefjordkalenderen 2007