Sørbø oversiktI 1855 fester Samson Salamonsen frå Kvalvik ei tomt hos Jacob Andressen. Tomta låg sør for kyrkja. Dette er tomta der Sørbøbryggja ligg og der det seinare vart bygt badestrand. I 1876 kjøper Landhandlar S Hopen det stykke som han har nytta og som var inngjerda på Sørbøen. Kjøpesummen var 300 Spesidaler.

Sørbø

 

Den 11. juni 1859 fekk Samson Salamonsen Hopen løyve til handel på Sørbøen. Lov om landhandel tredte i kraft 1/1-1860 så Samson var blant dei første som fekk drive landhandel utanfor ein by.

Samson Hopen fornyer løyvet gitt i 1859 etter Lov av 17 Mai 1890.


Butikken var i same bygget som Jacob Sørbø seinare utvida og dreiv sag.

 Sørbø01

Samson Hopen bygde Sørbøbryggja for å få ein god plass å få varer i land. Dette var den første av dei karakteristiske sjøbuene i Eikefjord.

Då Fylkesbåtane i 1880 starta med rutefart vart skipsekspedisjon lagt til Sørbøen.

Året etter vart også postkontor opna her med Samson Hopen som postopnar.

Ekspedisjon og post var i huset ved vegen som vart rive for å bygge servicehuset på badestranda.

I følgje branntakst i 1865 er det fire bygningar på Sørbøen. Branntaksten er nok forlangt med bakgrunn i eit nytt hus på eigedommen.

Eit stort hus med blant anna 2 stuer og kjøkken. Ein kan anta at vertshuset blei bygt dette året, Samson betalte også vinskatt dette året.

Dei tre andre er 11-12 meter lange der det eine nok er bustaden.

I 1871 er det sju bygningar på Sørbøen og i 77 er det i alt ni bygningar.

Sørbø02
 Samson Hopen er den einaste i Eikefjord som betalte øl og vinskatt til Kinn herad i 1865, det same for 1875. På Sørbøen dreiv han skjenkestove og vertshus.   Sørbø03
 Sørbø04Sørbø04b
 Etter mange år med god drift på Sørbøen gjekk det tyngre etter kvart. I 1902 har dei frivillig auksjon over garn og not, høvlebenk og dreiestol og ein god del innbu.

Like etter auksjonen i 1902 tar son til Samson, Salomon Hopen over butikken på Sørbøen.  Eigendommen overtar han  i 1904.

Det var han som dreiv butikk, post og ekspedisjon for faren mange år før dette, sannsynlegvis frå 1888.

Sørbø05
Sørbø06 Sørbø07

Salomon hadde store problem med drifta og det var fleire tvangsauksjoner på Sørbøen.

Sørbø11

Sørbø08

Sørbø09

Andreas Agledal hadde vore i Amerika og han fant gull i Klondike. Første kona døydde før han kom tilbake til Eikefjord. Her fant han seg ny kone og reiste over til statane og gifta seg med Olina Selberg. Dei reiste tilbake og busette seg i Eikefjord.

Ekteparet budde lenge i «Foreninga» før han i 1908 kjøpte Sørbøen på auksjon. Butikk, post, bakeri og skipsekspedisjon følgde med på kjøpet.

Seinare måtte han gje frå seg eigedommen att, men beheldt butikk, post og skipsekspedisjon.

Posten vart i 1930 flytta til Solstrand der dotter til Andreas Agledal, Annie Agledal Havn saman med Erik Sigvald Havn bygde bustadhus med plass til posten. Erik bygde også opp trevarefabrikk der.

Andreas Agledal dreiv butikken på Sørbøen fram til han døydde i 1935. Barnebarnet til Andreas, Oline Agledal Havn g.Endestad, husker best at bestefaren hadde godteri. Ho var ofte på Sørbøen til bestefar.

Skipsanløp på Sørbøen vart det slutt på når bryggja utanfor bua svikta. Oline Agledal Havn (g. Endestad) som ekspederte post var om bord i båten og leverte post når bryggja fall ned. Mange av dei som var på bryggja falt i sjøen, men det seiast at polvarene som folk hadde fått var like heile.

Etter dette gjekk båten til Langedalskaia.

Sørbø10

I 1947 søker Anders Sørbø om å drive agentur og kommisjonsforretning på Sørbøen.

Det blei aldri noko omfang av denne forretningen.
Sørbø12

Kilde: Olina Endestad, nb.no, Riksarkivet, Fylkesarrkivet.no, Bjarte Sindre - Posten i Flora, 

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd