Foto: Odd Asle Endestad

Foto: Odd Asle Endestad

 

DEI TO KYRKJEKLOKKENE

Første klokka er frå 1848. Ho vart laga av Bercher i Bergen, og har innskrifta "Støbt til Egefjordens kapell Soli Deo Gloria" (berre Gud skal ha åra).

Primus motor for kyrkja i Eikefjord, Søren Agledal, fekk ikkje barn, og det var Anders, barnebarnet til kona, som tok over garden i Agledalen. Anders døydde og enkja etter han gifte seg oppatt med Ole Olsson frå Naustdal, og det var dei som gav klokka til kyrkja. (Den gang kapell)

Til 150-års jubileet i 1963 vart det installert ei klokke til i tårnet. Innskrifta på den er: "Eikefjord kyrkje anno 1963 - Gåve trå Ola O. Agledal. IN majorem dei golriam" (for å gjere Guds åre større). Det var Olsen, Nauen & Søn som støypte klokka. Ola O. Agledal var ugift bokde i Agledalen.

ALTERTAVLA OG LYSESTAKANE

Alterfiguren frå 1874 er ein kopi av Bertel Thorvaldsens Kristusskulptur frå 1829 i Københavns domkyrkje. Figuren er skoren i tre. På sokkelen star der "Han er vor fred"

På baksida av sokkelen står der "Kommer hid til mig Alle besvårede, og jeg vil give eder hvile" (Matt 11.28 (1863))

To lysestakar i sølv er kjøpt etter ei testamentarisk gåve frå Augusta Hovland på kr 500 i 1963.

 Altertavla

Foto: Arne Stubhaug

 BenkaneFoto: Arne Stubhaug

 BENKANE I KYRKJA

Då kyrkja vart ombygd i 1873, vart stolane tekne ut og nye benkar vart monterte. Stolane i kyrkja frå 1813 var sitjeplassar som kvar familie fekk tildelt. Det var dør frå midtgangen og inn til stolane.
I 1999 vart det laga midtryggstøtte og det kom sitjeputer i seta, så benkane vart straks meir komfortable i sitje i. Benkane unedr preikestolen vart då fjerna.

PREIKESTOLEN

Preikestolen var ny i 1873. Han var med i tilbodet frå kyrkjebyggar Alvær.

 Preikestol
Foto: Arne Stubhaug

 LESEPULT

I 1982 gav Ola Aarseth på Løkkebø lesepult til alle kyrkjene i kommunen

 Lesepult

Ola Aarseth ved lesepulten. Foto: Odd Asle Endestad

 ORGELET

Orgel

Organist Lisbeth Sæter Hovland. Foto: Odd Asle Endestad

Etter reformasjonen vart det ikkje rekna som nødvendig med orgel i kyrkjene. Det var klokkaren som leia songen, men etter kvart vart det vanleg med orgel i dei fleste kyrkjene.

I Eikefjord vart det sett inn orgel, eit harmonium, på galleriet i 1920-åra, og det var kyrkjetenaren som "trødde" belgen. Dette orgelet vart flytta over til det gamle skulehuset då kyrkja fekk nytt orgel i 1961.

Orgelet i Eikefjord vart bygd i Oslo (Christiania) av Olsen & Jørgensen i 1898. Det vart bygd for Eik kyrkje i Nordfjord, og der stod det heilt til 1961. Det året fekk Eid kyrkje nytt orgel.

Ved hjelp av gåve frå Ola O. Agledal i Agledalen og innsamla midlar, kjøpte Eikefjord sokneråd orgelet frå Eid kyrkje.Orgelet har seks stemmer: Prinicpal 8', Gedackt 8', Gemshorn 8', Gamba 8', Octav 4', fløite 4', tremola. På grunn av for liten plass på galleriet, har ikje orgelet den opphavelege basstemma som høyrde til.

Orgelet i Eikefjord  vart laga av det fremste orgelbyggereiet Norge nokon gong har hatt. Eit firma som vart grunnlagt av August Nilesen. Då nilsen døydde, var det Jens Henrik Jørgensen (1864-1946) og Nils Reinhart Olsen som overotk i 1892. Begge hadde då hatt studieopphald i utlenadet, Jorgensen i London og Leipzig, Olesen i Køln, Paris og London. I 1998 hadde firmaet kring tjue tilsette.

Orgelet vart sett opp av orgelbyggar Heirich Ivers & son frå Bergen i november 1961. Klangidealet er ein stor og smidig dynamikk, inspirert av den tyske romantiske orgeltradisjonen. Olesen og Jørgensen har laga mange instrument av høg kvalitet, der kklangen kan ha både varme og kraft. Diverre har fleire instrument vvorte ombygde, utvida, utskifta eller på andre måtar øydelagde. Men Eikefjord-orgelet har overlevd og er etter alderen i god stand. Ein kan seie at orgelet er nesten som i 1989.

Tidlegare organist i Eikefjord, Jan Overweg skriv om orgelet i 1995:
"Eikefjord har eit godt orgel som stilistisk og klangleg høver godt i kyrkja. Og det er utan til eit utsøkt eksemplar på norsk,  romantisk orgelbygg. All grunn til å ta vare på dette orgelet, no og i framtida."

I mai 20009 vart det gjordt eit stort renoveringsarbeid på orgelet i Eikefjord. Eit omfattande arbeid med reinsing, reparasjon, intonering og stemming vart gjordt. Pipene vaart blåst reine.
Metallpipene var det ein del skade på, trepipene i noko betre stand. Alt som var skada vart utbetra. Mest omfattande var arbeidet med intomering av dei enkelte stemmene ettter at pipene var sett på plass att, og til slutt stemminga for ¨f¨klangen i orgelet reinast ogeleg.

Til dette restaureringsarbeidet løyvde Riksantikvaretn kr. 100.000.-, eit utrykk for at det er viktig å ta vare på slike historiske instrument.

 DØYPEFONTEN

Døypefonten blei laga då kyrkja var ny i 1813. Dåpsfatet i sølvplett er frå 1964, og er ei gåve frå klokkar Nicolai Lien og organist Bergjot Lien. Same året gav Eikefjord bondekvinnelag dåpsmugga, også i sølvplett, til kyrkja. Eva Såterlid sydde duk i hardangersaum til han i 1978.

 Døypefont
Foto: Arne Stubhaug

 BRUDESTOLANE

Dei to brudestolane og fire mindre stolar til bruk for prest, klokkar og forlovar, laga av Alv Aalen og _Aksel Hovland på snikkarkurs i Eikefjord mellom 1910 og 1915.

 Brudestolane

Foto: Arne Stubhaug

 LYSEKRUNA

Lysekruna i messign er frå 1700-talet. Ho er svært vakker med 16 armar. Mest truleg kom denne lysekruna frå Svanø då den kyrkja vart tiven. Kruna vart send til Hestenesøyra for reperasjon i 2004. Til Påske i 2005 tok Kinn Kyrkjeblad med Nils Håkon Skeistrand som stod for arbeidet, og han fortel:

"Dette er ei nydleg gamal lrune i to høgder. Ho er laga i messing. Eg er heilt sikker på at ho er laga i Tyskland - Det kan eg seie p.g.a ørna som sit på toppen av kruna. Men ein kan sjå det på resten av arbeidet ggså. Kruna er laga før 1805, eller i alle fall tidleg på 1800-talet. Det ser vi på gjengane til syshaldarane. Dei er ikkje maskingjengar, men grove handlaga gjenge, d¨det kan stemme at kruna er frå 1700-talet. Det er viktig å halde under armen når de byter lys", seier han.

 LysekrunaFoto: Odd Asle Endestad

 LAMPETTANE

Lampettane på veggane er i messing og vart monterte då kyrkja fekk innlagt lys i 1953, I sjølve skipet er der fire trearma lampettar, og på gallera og i koret er der to  to-arma.

 LampettarFoto: Odd Asle Endestad

Globen.jpg

Foto: Arne Stubhaug

 LYSGLOBEN

Lysgloben er i svart smijern og vart kjøpt inn i september 2000. Den er plassert sentralt under preikestolen.

Den er laga på Norane og gitt av Sunnarvik Sanitetsforening.

SJUARMA LYSESTAKAR

To sjuarma lysestakar i svart smijern er plasserte på kvar side bak i koret. Dei vart kjøpt inn av soknettådet i 2011.

Soknerådet kosta ogs¨prosesjonskorset som kom i 2010.

 7 armaLysestake

Foto: Odd Asle Endestad

 NATTVERDUTSTYR

Sokneprest Claus Finde gav kalk og disk i sølv til kyrkja då ho var ny i 1813.

 Nattverdutstyr.jpg

Foto: Arne Stubhaug

 ALTERDUKEN OG ANTEPENDIUMET

Alterduk

Foto: Odd Asle Endestad

I følgje munnlege overleveringar frå Annie Agledal Havn (f. 1900) var linen til første duken dyrka, spunnen og voven i Agledalen. Ane Selberg sydde ny duk i 1890 åra, også den med lin frå Agledalen.

Første alterduken i hardangersaum sydde Bolette Sørbø. I 1960 åra sydde Magnhild Aalen alterduk i svartsaum. Eva Sæterlid sydde ny alterduk i hardagersaum i 1978. Han var ferdig til ordinasjonen av Reidar Knapstad. Antependiumet sydde Magnhild Aalen i 1960 åra.

 GrønMessehakel

Foto: Arne Stubhaug

 MESSEHAKEL

Det var kongen som kom med forordning om at det skulle vere raud messehakel i alle kyrkjer. Den raude meddehakelen i Eikefjord er svært gammal og sliten. Den raude fargen er martyrfargen

 RødMessehakel

Foto: Odd Asle Endestad

 MESSESKJORTE

Stoffet til første messeskjorta var av grovt lin som vart dyrka, spunne og vove i Agledalen. Det var Ane Selberg som sydde skjorta.

 OFFERBØSSER

Fattigblokk frå 1688 er eit klenodium som kom frå Gamle Svanø kyrkje. "SVANØ KIRCHES OG DE FATTIGSES TAFLE" står det på ho.

Kvifor ho kom til Eikefjord kyrkje og ikkje til Stavang kyrkje , veit vi ikkje, men kanskje vaar Eikefjordingane ekstra gåvmilde og fekk ei påskjønning for det ved å ta over den gamle bøssa. Den gamle bøssa minner oss om fattigdomen som rådde i distriktet og at det var mange fattige som trong hjelp.

 OfferbøsseFoto: Brynjar Svardal

 Offer

Offeret vert samla inn i benkane i dertil eigna innsamlingsposar, når det er svært mange folk i kyrkja. Klokkar og kyrkjetenar, Anders Tyvold , tek mot offeret 17. mai 2013. Foto: Brynjar Svardal.

 KATAFALK

Den svarte duken over katafalken vart sydd på Yngres sine samkomer i 1966 under leiing av Lilly Vasset. Lilly let dei flinkaste jentene i handarbeid hjelpe til med å sy på denne duken. Evy Ann Endestad Esp huskar at dei sat fire jenter rundt bordet hos Lilly og sydde på duken.

 Katafalk

Katafalen, her i gravferda til Olga Hovland i 2013.
Foto: Odd Asle Endestad

 UTSTILLINGSSKAP

BibelenBak i kyrkja er det montert eit utstillingsskap med gamle bøker tilhøyrande i Eikefjord kyrkje. Dette er ei gåve frå ein givar som har tatt vare på bøkene.

 skap

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd