HISTORISK

 

Antonio Meucci var ein italiensk oppfinnar og den eigentlege oppfinnaren av telefonen.  Han fant opp telefonen i 1849 og søkte patent i 1871. Alexander Graham Bell jobba i patentkontoret og patenterte sin telefon  14. februar 1876.

Konsul Joakim Anderssen (1829 – 1909) kjøpte ein telefon på verdsutstillinga i Philadelphia i 1876 direkte av Alexander G. Bell same året som Bell registrerte nyheita. Den ble montert for kommunikasjon mellom Anderssen sitt firma og hans private heim i 1876 i Ålesund. Første samtale var mellom far og son. Den historiske samtalen skjedde fire år før telefonen offisielt kom til Norge.

Allereie året etter kom Alexander Graham Bell til Norge. Han demonstrere si nye oppfinning i børsen i Drammen. Men den nye oppfinninga blei ingen umiddelbar suksess.

«- Ja, mine herrer, dette er et meget morsomt leketøy, men noen praktisk betydning får det aldri», var ein av "testarane", bankadministrator Borchs, korte dom.

5. mai 1880 fekk The International Bell Telephone Company lov av formannskapet i Christiania til å starte den første telefonsentralen i Norge. Det blei starten på telefonen si historie i Norge.

I 1907 sette Kinn herad ned ein komité som skulle foreslå utbygginga av telefonlinjer i heradet. Komiteen leverte ein einstemmig anbefaling der både linjer innanfor og utanfor heradet var tatt med. Tre av dei prioriterte linjene gjekk gjennom Eikefjord.

  • Linje frå Eikefjord til Høydalsfjord
  • Linje frå Florø eller Eikefjord til Norddalsfjord.
  • Linje frå Eikefjord til Hyen.

Komiteen ville på det varmaste anbefale ovannemnde linjer blei bygd snarast mogleg, sidan dampskipstrafikken var temmeleg mangelfull og det ofte var mein-is på fjordane og på vatna. I Florø hadde befolkninga i Kinn sin doktor, sokneprest, sparebank og forretningsforbindelsar.

Telestyret sette krav når  lokale stasjon blei opna. Heradet måtte garantere for tilfredsstillande lokale, lys, brensel, reingjering og bodteneste samt godkjent betjening. Ofte vart dette ansvaret flytta over på stasjonshaldaren dei første fem åra.

Heradet måtte også garantere for fri stolpegrunn og rydding av trasear til linjene. Dette ansvaret vart  oftast flytta over på grunneigarane i området som fekk telefonsentral.

Bodtjeneste ved telefonstasjonen bestod i at ein kunne ringe telefonstasjonen og sende beskjeder til dei som budde i nærområdet. Ein kunne også be om å hente vedkommande slik at ein kunne snakke på telefonen på stasjonen.
I Kalsvikane hadde dei produksjon av tønner og ei tid var dei underlagt stasjonen i Eikefjord. Om dei fekk telefon måtte bodet ro ut i Kalsvikane og så måtte vedkommande ro til Eikefjord for å få snakke med eventuell kunde. Det vart sjølvsagt dyrt for dei som ringde, så ofte vart telefonbeskjedane kansellerte.

Etter kvart kom det telefonstasjonar fleire plassar rundt Eikefjord. Med Eikefjord telefonstasjon som naturleg midtpunkt vart det denne stasjonen som formidla samtalane til dei fleste stasjonane i nærleiken.

Det vart oppretta telefonstasjonar på følgjande stadar:

  • Eikefjord 1905-1973
  • Osen 1919-1960
  • Svarthumle 1919-1960
  • Grov 1923-1960
  • Løkkebø 1926-1960
  • Eikevoll 1926-1948
  • Barlindbotn 1935-19xx
  • Steindal 1938-1960
  • Svardal 1938-1960

Det vart også søkt om å opprette stasjonar på Vasset og på Tonheim.

På Vasset nekta grunneigarane fri grunn og gratis arbeid til linjerydding for linja som var planlagt til Osen, medan stasjon på Tonheim ikkje blei omtalt meir.

Også stasjonane i Norddalsfjorden vart formidla gjennom stasjonen i Eikefjord.

AutomatiseringGamal telefon

Dei aller tidlegaste apparata hadde ikkje tastar,  men ei sveiv genererte ringjesignal på den manuelle telefonsentralen apparatet var tilknytt. Sjølv langt utpå 1980-talet var det mange norske bygder som hadde slike telefonsentralar.

 

Automatiseringa av telefonnettet var i byrjinga såkalla spreidd automatisering med «automatiske bisentralar» der abonnentane måtte gå via ein overordna manuell stasjon for å ringe utanom sitt eige lokalområde.

 

Digitaliseringa av telesentralane ble påbegynt i 1985, og den første AXE-sentralen (AXE = Automatic Cross-Connection Equipment) frå Ericsson blei installert på Frogner i Oslo i 1986. Telefonsentralane blei så fortløpande oppgradert frå de gamle analoge sentralane til dei digitale og det første året blei over 300000 linjer digitalisert og sjølv om arbeidet med digitalisering gjekk relativt fort, blei dette arbeidet først fullført den 1. desember 1997.

 

Telefonstasjon formidla samtalar ut til abonnentane.

 

TelefonsentralI Eikefjord hadde dei ein sentral som den på bildet. Kopling til abonnentane skjedde fysisk med å kople leidningane i sentralbordet til linja som gjekk direkte til telefonen til abonnenten.

Når telefonstasjonane rundt om i bygda blei lagt ned gjekk dei over til talestasjon. Talestasjoner, eller dei «Offentlige Talestationer» var forløperen til telefonkiosken.



Eikefjord telefonEikefjord 1905-1973.

Kinn heradsstyre behandla i 1900 eit skriv frå bebuarane i Eikefjord og andre stadar i heradet der dei bad om oppretting av telefon stasjonar. Heradet garanterte for stasjonshald og anbefalte søknadane.

Både i 1902, 1905 gjentok folk i Eikefjord søknad om telefonstasjon. Heradet fekk kongeleg approbasjon av heradet sin garanti for stasjonshaldet og den 22.12.1905 blei rikstelefonstasjonen opna av Telegrafvæsenet, med  Abraham Hopen som stasjonshaldar. Dei fleste telefonsentralar på den tida var private.

I 1907 kom Eikefjord med i Telefonkatalogen, men stod utan abonnentar.

Abraham Hopen sa opp i brev av 24 oktober 1912 og la ved erklæring frå Ole A Eikefjord som ville overta stasjonshaldet og betjening på dei same vilkår som han hadde. Dette blei godtatt av heradet.

Telegrafkontoret i Florø orienterte heradsstyret i 1915 om at betjeninga ved telefon stasjonane  Eikefjord, Stavø og Svortevikholmen hadde avlagt teieplikt.

Telefonstyraren i Eikefjord, Ole A. Eikefjord, søkte heradet i 1917 om løve til at tenestejenter fekk betene telefonen. Det blei gitt løve dersom fru Augusta Hovland avla teielovnad såleis som det blei kravd av dei som betente telefonen.

I 1918 bad telefonstyrarane i Stavang og Eikefjord om høgare godtgjersle for tenestene. Det blei bestemt at godtgjersla for Stavang skulle vere 200 kr pr år medan saka vart utsett for Eikefjord sin del. På neste heradsstyre møte Ole A. Eikefjord som hadde søkt om 500 kr pr år i godtgjersle. Det blei bestemt at godtgjersla skulle vere 200 kr året. Dette vart ikkje godtatt av Ole A. Eikefjord og på heradsstyre møte 7. oktober 1919 får ordføraren i oppdrag å finne ny stasjonshaldar i Eikefjord. Ordføraren går i forhandlingar med Ole A. Eikefjord og heradsstyret går med på at Ole A. Eikefjord fortsette mot ein årleg godtgjersle på 400 kr regna frå 1. januar 1920 og inntil vidare.

I 1926 var det oppført 4 abonnentar i Eikefjord: Kr. Dale, A. Eikefjord, Ludv. Langedal, H. Svarthumle.

Same året ber Ole A. Eikefjord om godtgjersle for formidling av telefonsamtaler til Bru herad. Eikefjord heradsstyre meiner at Eikefjord har fått for denne formidlinga i 1920 avtala, men finn at heradet kan krevje Bru herad for denne formidlinga. Bru herad godtar ikkje dette kravet og saka vart oversendt departementet gjennom telegrafkontoret i Florø.

Eikefjord telefonstasjon blei fort ein sentral stasjon i telefonnettet. Her i frå vart det formidla telefoner vidare til Nordal der linja blei bygd i 1916 med linjer vidare til Haukå og Midtbø. Også Grov, Løkkebø, Svarthumle og Eikevoll blei formidla via Eikefjord telefonstasjon.

Dei andre telefonstasjonane i distriktet blei etter kvart lagt under stasjonen i Eikefjord, sjå under kvar telefonstasjon.

Stasjonsstyrarane:

1906 – 1912           Abraham Hopen

1912 - 1956           Ole A Eikefjord

1956 - 1973           Audvin Eikefjord. Audvin, 22 år, var den yngste stasjonsstyraren i landet då han overtok i 1956

Telefonstasjonen i Eikefjord blei automatisert 23/11-1973.

 

Ostunet 1919-1960

I 1911 anbefalte Kinn herad å opprette telefonstasjonar i Osen, Høyvik og på Hopen. Det gjekk helt fram til 1917 før telegrafstyret bad om garanti for drift av telefonstasjonen i Osen.

Rikstelefonstasjonen blei oppretta 15/4-1919

Frå 1/3-1943 bytte stasjonen namn til Svardalsosen.

Stasjonsstyrarane:

1919

Stasjonen blei lagt ned 3/5-1960 og abonnentane flytte over til Eikefjord. Talestasjon under Eikefjord frå same dato.

 

Svarthumle 1919-1960.

 26. april 1905 bad oppsittarane på gardane Sæterlid, Svarthumle, Humlestøl og Ramsdal om at det blei oppretta av ein telefonstasjon og heradsstyret fann at dei var kvalifisert på grunn av lokale forhold.

Ole A. Svarthumle tilbaud stasjon og fri betjening i 5 år, men heradsstyret meinte at telefonstasjonen måtte vere i Sæterlid. I tilfelle at eigaren i Sæterlid ikkje ville holde stasjon og betjening i 5 år ville derimot heradsstyret anbefale tilbodet frå Ole A. Svarthumle og heradsstyret ville garantere fri betjening og stasjonshold i 5 år, men ikkje lengre.

I 1909 kom spørsmålet om å opprette ein telefon stasjon i Svarthumle opp igjen og heradsstyret anbefalte dette med 16 mot 11 stemmer. Oppretting av stasjonen kom opp i to møter til dette året, der saka vart utsett. Ved fornya behandling den 10. mai om telefonstasjon i Eikefjordsdalen blei det vedtatt å legge telefonstasjon i Svarthumle mot to stemmer. Kristoffer M. Svarthumle  forplikta seg,  i heradsstyremøtet, til å ta stasjonshold og betjening på kommunen sine vilkår. Mindretalet stemte for Sæterlid som stasjonsstad.

På heradsstyremøte den 26. september 1912 blei det opplyst at  Kinn heradsstyre sin garanti for telefonstasjonar innan heradet, ved kongeleg resolusjon av 12 juli det året vart approbert.

I heradsstyremøte den 13 august 1918 behandla heradsstyret eit skriv frå telegrafinspektøren om fri grunn og skogrydding for telefonlinje til telefonstasjonen i Svarthumle. Heradsstyret garanterer for dette frå hovudlinja til stasjonen i Svarthumle.

Svarthumle var oppsynsstasjon frå 17/9-1919.

Stasjonsstyrarane:

1919-                    Kristoffer M. Svarthumle 

Stasjonen blei lagt ned 21/11-1960 og abonnentane flytte over til Eikefjord. Talestasjon under Eikefjord frå januar 1961.

 

 

Grov 1923-1960.

Det første spørsmålet om telefonstasjon i Leversund blei behandla på heradsstyremøte den 31 oktober 1905.  Heradet sendte brevet tilbake med krav om å skaffe den sedvanlege garanti i fem år og inntil vidare.
I 1911 kom spørsmålet opp igjen, men vart utsett. Både i 1915 og i 1916 vart søknad om telefonstasjon i Leversund avslått på grunn av andre stasjonar, men i 1919 fekk oppsittarane i Leversund søknaden sin godkjent i heradsstyret på grunn av Leversund sin sentrale plass i samferdselen samanlikna med Grov, der enkelte ville ha telefonstasjonen.

Det blei opna rikstelefonstasjon på Grov 21/12-1923.

Stasjonsstyrarane:

1923-

Stasjonen blei lagt ned 21/11-1960 og abonnentane flytte over til Eikefjord. Talestasjon under Eikefjord frå same dato.

 

 

Løkkebø 1925-1960

 Første gang telegrafstasjon er oppe til behandling var den 7. november 1922. På grunn av nær føreståande heradsdeling blir saka oversendt til det nye Eikefjord heradsstyre. Her blei saka behandla 15 februar 1923, og kommunestyret garanterte for frie ytingar. Dette innebar at kommunen bar kostnadane med lokale, lys, brensel, reingjering, bodteneste og godkjent betjening. På same møte garanterte kommunen for fri grunn og skogrydding i kommunen for telefonanlegget frå Straume i Hyen til Eikefjord og fri formidlingsteneste ved stasjonen i Eikefjord.

Stasjon skulle opprettast hos Martin Larsen eller Ole Iversen, som begge hadde erklært seg villige å ha stasjon.

Rikstelefonstasjon på Løkkebø blei opna  9/10-1925.

10 november 1931 vil Martin L Løkkebø ha godtgjersle for telefonstasjonen på Løkkebø. Han kravde 50 kr året for dei seks åra, men kommunestyret avviste kravet. Stasjonen på Løkkebø skulle setjast i same stode som stasjonen i Svarthumle med omsyn til godtgjersle for stasjonshaldet.

Seinare på året får Eikefjord formannskap melding frå Telegrafinspektoratet i Bjørgvin krins om at styraren på telefonstasjonen på Løkkebø ville stengje stasjonen dersom han ikkje fekk stetta kravet sitt om godtgjersle for stasjonshald. Formannskapet påla ordføraren å undersøke tilhøva for flytting av stasjonen til eit anna hus på Løkkebø, då ein gjekk ut frå at oppsitjarane der gjerne vil ha ein stasjon i krinsen.

Kommunestyret ville heller ikkje gå med på å setje telefonstasjonen på Løkkebø i noko serstode framfor andre stasjonar. Ville ikkje stasjonshaldaren godta dette vedtaket, måtte ein stengje stasjonen inntil kommunen fekk ein annan stasjonshaldar på Løkkebø. Anders Sørbø og Elias H Øren vert samrøystes valt til å få ein annan stasjonsholdar på Løkkebø og ordne med flyttinga i samband med Telegrafinspektoratet.

H Svarthumle og Kr Langedal forhandla fram ei avtale som blei godkjent av kommunestyret i januar 1932. Det blei innvilga kr 30.- årleg dei første fem år som skulle avskrivast på skatterestanse. Deretter kr 50,- pr år i to år. Vidare same årlege godtgjersle som for Svarthumle stasjon under føresetnad av at stasjonen ikkje blei flytta.

Stasjonshaldaren ville opne stasjonen så snart tilbodet var godtatt. Stasjonen var stengd frå 5/1 til 27/1-1923.

Heradsstyret godkjende samrøystes at Inger Løkkebø inntil vidare overtok som styrar av telefonstasjonen på Løkkebø frå 14/4-1940.

Stasjonsstyrarane:

1926 – 1940         Martin L Løkkebø

1940 - 1960         Inger Løkkebø

Stasjonen blei lagt ned 21/11-1960 og abonnentane flytte over til Eikefjord. Talestasjon under Eikefjord frå januar 1961.

 

Eikevoll 1926-1948

 

I 1923 skreiv oppsittarane på Eikevoll, Endestad og Langedal med fleire garder til Eikefjord kommune og ber om oppretting av telegrafstasjon på Eikevoll. Kommunestyret meinte at det var behov for telefonstasjonen og ville få stasjonen oppretta så snart telefonlinja Løkkebø – Eikefjord blir ferdig bygt. Året etter kjem telegrafinspektøren med krav for opprettinga av telefonstasjonen noko Eikefjord kommune ikkje vil godta.

I 1925 vil telegrafinspektøren inspisere telefonbygginga i kommunen og i den anledning sjå på opprettinga av telefonstasjon på Eikevoll.

På kommunestyremøte 6. juli 1926 gjev Eikefjord kommune dei nødvendige garanti for opprettinga av telefonstasjon  på Eikevoll og den 11 desember same året opna rikstelefonstasjonen.

Stasjonsstyrarane:

1926

 

Stasjonen er ute av listene 10/4-1948 og talestasjon under Eikefjord frå same dato.

 

Barlindbotn 1935-19??.

 Før det var laga telefonlinje til Barlindbotn var dei betjent frå Eikefjord. Var det telefon til nokon i Barlindbotn måtte dei ro frå Eikefjord for å hente folk til telefonen. Dette vart sjølvsagt dyrt for dei som ringde, så ofte vart telefonbeskjedane kansellerte.

Seinare vart Barlindbotn lagt under Hopen og det vart lettare å få telefonbeskjed over land.

I 1918 sende oppsittarane i Barlindbotn skriv til det Kongelige norske Telegrafstyre om å opprette ein telefonstasjon på Kjørslevik i Barlindbotn. Heradsstyret anbefalte søknaden.

I 1923 kom det krav frå telegrafdirektøren om ein garanti på 300 kr ved telefonstasjonen, noko heradsstyret søkte om å få fritak frå.
I staden gav Eikefjord herad 500 kr i støtte til ei privat telefonlinje frå Hopen til Barlindbotn på heradsstyremøte 18. mars 1924, men ville ha pengane tilbake dersom staten kjøpte linja. Linja blei bygd av bygdefolket med ein arbeidsleiar frå kommunen.

Henrik Hopen ville ha godtgjørsle for formidling av den private telefonstasjonen i Barlindbotn, men heradsstyret meinte at Barlindbotn berre er alminneleg abonnement til Høydalsfjord og dermed ikkje forplikta til å yte formidlingsgodtgjørsle til telefonstasjonen i Høydalsfjord.

I 1928 søkte igjen oppsittarane i Barlindbotn om telefonstasjon i Barlindbotn, og heradet støtta søknaden og gav dei nødvendige garantiar.

Den 26/6-35 godkjente Bjørgvin Telegrafinspektorat opning av rikstelefonstasjon i Barlindbotn. Heradet hadde garantert for tilfredsstillande lokale, lys, brensel, reingjering og bodteneste samt godkjent betjening.

Den 13/7-1935 opna rikstelefonstasjonen i Kjørslevika i Barlindbotn.

Barlindbotn vart lagt under telefonstasjonen i Holmøysund der Karsten Olsen hadde landhandel, båtekspedisjon og telefon. Ikkje alltid fekk Karsten ekspedere telefonen med ein gang, så Barlindbotn vart seinare flytta til Hopen.

Stasjonsstyrarane:

1935

 

Svardal 1938-1960

 Oppsitjarane i Svardal søkte om telefonstasjon i 1918 og ordføraren fekk myndigheit frå heradstyret til å gå vidare til myndigheitene med saka.

Det gjekk mange år før stasjonen blei oppretta, men den 14/7-1938 blei det oppretta rikstelefonstasjon i Svardal.

Stasjonsstyrarane:

1938

Stasjonen blei lagt ned 3/5-1960 og abonnentane flytte over til Eikefjord. Talestasjon under Eikefjord frå same dato.

 

Steindal 1938-1960

 Jamvel om Steindalen høyrde til Vevring, var det på grunn av geografien og stor avstand ikkje naturleg å byggje telefonlinje derfrå. Linja måtte komme anten frå Eikefjord eller Høydalsfjorden. Osen i Høydalsfjord fekk telefonstasjon 15.4.1919, same dato som Holmesund fekk sin stasjon. Men Steindalen måtte enno vente lenge. Når Osen hadde fått telefon, var det naturleg å byggje linje derfrå.

Avstanden etter telefonlinja Osen - Svardal var 3,55 km og med 91 stolpar. Linja Svardal—Steindal var 2,61 km med 59 stolpar, og 4 mm tjukk jarntråd. Fri grunn og rydding av skog var vanlege krav frå Televerket til oppsitjarane. Truleg var oppsitjarane også med på anna arbeid med linja, t.d. køyring av stolpane, kanskje også reising av dei.

Den 14. juli 1938 opna rikstelefonstasjonen Steindal i Sunnfjord, same dato som stasjonen i Svardal opna. I Steindalen var stasjonen Oppi Tuna, og Andreas K. Steindal var stasjonsstyrar.

Taksten i 1938 for ei samtale om dagen var 25 øre, og mellom kl 22 og 07 var han 50 øre.

Rikstelefonstasjon i Steindal blei oppretta den 14/7-1938.

Stasjonsstyrarane:

1938 Andreas K. Steindal

Stasjonen blei lagt ned 3/5-1960 og abonnentane flytte over til Eikefjord. Talestasjon under Eikefjord frå same dato.

 

Brekkene

Telefonstasjonen i Eikefjord blei automatisert 23/11-1973 med ein ARK 200 nr. sentral. 26/10 1979 blei Eikefjord utvida med 100 nr, med same type telefonsentral. Det var då totalt 300 nr. i Eikefjord.

Hovland

Det blei sett opp ny telefonstasjon på Hovland. Denne betente abonnement frå skulen og utover fjorden

 

Kilder:

Heradstyreprotokollar Kinn og Eikefjord – Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Telestasjonar i Sogn og Fjordane – H J Runde

Skriv frå Telemuseet 15/8 2013 Arve M Nordsveen

Wikipedia

Ei fjellbygd i Sunnfjord

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd