Andreas Hesjedal 1917 - 1945

Framfor inngangen til kyrkja er det sett opp ein minnestein over soldaten Andreas Hesjedal som omkom under oppryddingsarbeidet etter tyskarane i Florø 1. september 1945.

Han var med i kampane i Valdres mot tyskarane i 1940, og vart kalla inn som vaktsoldat i dei norske vaktstyrkane i Florø 1945.

Abraham Øvrebotn som ordna med vaktlista, fortalde at Hesjedal var sett opp i transporten den dagen, men kom tilfeldigvis innom kontoret der ein kjenning grå Eikefjordsdalen også var innom for å be seg fri frå vakttenesta om bord i båten "Hekla". Han måtte reise heim for å utføre noko arbeid. Andreas tilbaud seg då å byte med han. I vaktprotokollen for Heimestyrkane i Florø 1945 står der: 

Klokka 15.10 høyrdes ein voldsam eksplosjon. Ved etterrøking synte det seg at det var båten som transporterte sprengstoff frå Moloen for senking som sprang i lufta. Båten sprang i lufta mellom Oddane og Furesund. Sersjant Østby og sersjant Svardal reiste straks til ulukkesstaden. Det var føreåt komme fleire båtar, men ingen fann restar av folket som var med båten. Ulukka kravde 20 menneskeliv: Fangevakt 15332 Hesjedal, ein engelsk sersjant, engelskmennene sin tolk, 10 NS- fangar og 7 tyskarar.

Dagen etter reiste sjefen for heimestyrkane i Florø, Bertel Svardal til heimen med den tunge bodskapen.

Kameratane og Ungdomslaget reiste meinnesteinen som vart avduka 17.mai 1947. Ola Aarset på Løkkebø fortel at steinen vart funnen 50 m. oppe i urda ved Endestadvatnet mellom Øyra og Eikevika då Statens vegvesen henta stein der til ein mur på Knapstad. Ola var 13 åår, og såg på då steinen vart henta ut. Det var ein av lastebilane til vegvesenet som transporterte steinen til Eikefjord, mener han.

Tradisjonen tru la major Olav Aalen ned krans på minnestøtta 17. mai 2013, og heldt minnetale over soldaten Andreas Hesjedalsin krigsinnsats i 1949 og lagnaden hans i 1945.

"Fall i jenesta for fedrelandet".

Foto: Brynjar Svardal

 Minnestøtta

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd