Engelsk retrett frå krigsavsnitt i Gudbrandsdalen

Den 18. april 1940, ni dagar etter det tyske angrepet på Noreg, blei britiske tropper landsette i Åndalsnes. Dei blei sende over til Gudbrandsdalen og var med i kampane i Lillehammer-avsnittet. Dei kunne lite gjera for utfallet. Dei norske og britiske styrkane var snart drivne tilbake nordover i Gudbrandsdalen.

Nokre mindre grupper engelske soldatar miste kontakten med hovudstyrken, og for å unngå tysk krigsfangenskap, prøvde nokre av dei å ta seg austover mot Sverige, andre vestover mot kysten.

Kaptein Peter Brantson si gruppe

Ei gruppe på 16 mann under leiing av kaptein Peter Brantson kom til Eidsbugarden onsdag 8. mai. Dei hadde teke seg opp Sikkilsdalen om Gjendesheim og Gjendebu etter å ha fått god orientering av den norske soldaten Wolfgang Stang.

11. mai kom dei til Årdal og fekk hjelp vidare gjennom heile fylket og kom til Tirdal på nordsida av Nordalsfjorde. Her blei det ordna skyss vidaare over Nordsjøen.

Utdrag frå reportasjen der Eikefjord er omtala:

Fredag 24. mai

Natta vart ikkje lang. Dei var på farten att i firetida torsdag morgon. Vegen gjekk no mot Løtuft (Hogjen) som neste stopp. Turen gjekk over Ramsdalsheia og ned Ramsdalen. Dei kom til Slåtten i Eikefjorden torsdag kveld i elleve-tida.

Laurdag 25. mai

I firetida fredag morgon vart så den 12 mann store gruppa, Branston - og flyktningen som slutta seg til i Årdal - skyssa frå Eikefjord med skøyta Fram til garden Tirdal på nordsida av Nordalsfjorden ikkje langt frå Florø. Båten kom dit i seks-tida om morgonen.

I Tirdal vart dei vel mottekne og budde her til det var ordna med ei skøyte til å føra dei over Nordsjøen til Storbritannia. Måndag 27. mai gjekk dei om bord i skøyta Livlig som sette kurs for Shetland.

Kilde: Fylkesarkivet, Engelske soldatar - frå Årdal til Florø våren 1940

Det er skrive to reportasjer i Firda Folkeblad om ferda gjennom Eikefjord til Tirdalen.

31. mai 1965 med tittelen "Då englandsfarten kom i gang frå Florø

10.september 1965 har Inga Svortevik eit lesarinnlegg om hendinga. Ho var sentral i flukta gjennom Eikefjord.

Her er historia frå dei to reportasjene.

Gruppa kom til Slotten i Ramsdalen torsdag 23. mai kveld i elleve-tida. Her fekk dei vite at dei burde prøve å kjøpe skuta «Livlig» for å komme seg vidare. Karane i Ramsdal har tatt kontakt med Dale Hovland i Eikefjord.

Fredagsmorgon 25. mai kom Dale Hovland til Ola Eikefjord og fortalte at det var nokre engelskmenn oppe i Ramsdalen som dei måtte ta seg av.

Dale Hovland gjekk ut til Hovland og bad Inga Svortevik om hjelp til å lage mat. Han sjølv skulle tilbake til Ramsdalen og hente dei. Etter planen skulle dei komme tilbake i 1-2 tida om natta og dei skulle ta vegen gjennom skogen.

Mellom kl 1 og 2 om natta kom følget ned over eigedommen til Aalen, men då dei skulle svinge ned til krambulemmen møtte dei ein mann som budde i gamleskulen. Men ved å forklare mannen at dette var farlege saker, heldt han tett med det han hadde sett.

Då engelskmennene saman med tolken hadde fått mat, vart det drøfta kvar dei skulle reise, for i Eikefjorden kunne dei ikkje vere. Dei såg på karten og det vart peika på Florø og Tansøy, men dit ville dei ikkje.

Enn om vi tek dei med til Tirdalen, sa Inga Svortevik. Dei såg på kartet og fann ut at dette var den beste staden. Inga var litt fortvila då ho tenkte over kva ho hadde gjordt, for dette kunne setje folket i Tirdalen i ei farleg stode. Men det hjelpte ikkje, - til Tirdalen skulle dei.

Dale Hovland tok følget med på motorbåten «Fram». Olav Havn, Elna Clason og Inga Svortevik var også med. Dei såg ingen båtar før dei kom gjennom Brandsøysundet, men då kom eit par tyske patruljebåtar mot dei. Vi vart redde, men gav engelskmennene eit vink om dei måtte halde seg i lugaren medan dei andre sprang og hoppa på dekk som tenåringar for at tyskarane ikkkje skulle få mistanke om at noko var gale. Vi var elles spente på om tyskarane alt var komne i Tirdalen.

Kl 5 laurdag morgon la vi til i Tirdalen. Dei såg seg godt om til alle kantar for å sjå om «framandfolket» var der, men då dei ikkje såg båt nokonstad kjende di seg trygge. Men Inga hadde ikkje snakka med folket i Tirdalen på lenge og derfor viste ho ikkje korleis dei stod i høve til «herrefolket». Inga gjekk i land åleine og banka på.

Ut kom Henrik Kleiven som sjølvsagt var forskrekka  over at Inga kom til gards på den tida av døgnet. Ho spurte om han ville svare på eit spørsmål: Heldt han med engelskmennene eller tyskarane?

Nei, du kan no skjøne at eg held med engelsknennene, sa han.

Men korleis er det med han Abraham då?

Det er no med engelskmennene det og, men du kan gå inn i soverommet å spørje dei.

Anna vart forskremd dlå ho såg Inga, men då ho hadde fortalt at ho hadde nokre engelskmenn i ein båt var Anna ikkje sein om å komme seg or senga. Flokken vart beden opp i huset, men då dei såg bilde av den tyske keisaren rygga dei attende. Med tolken si hjellp fekk vi fortalt at det ikkje var farleg. Dei skjøna elles straks at dei var komne i trygge hender og det gjekk ikkje lang tid før humøret var på topp.

Søndag 26. mai reiste Abraham Terdal og Aksel Kleiven til Eikefjord saman med tolken og tinga seg fram til kjøp av motorskøyta «Livlig» av Johan Ask. Prisen låg langt under det skøyta var verd, og også langt under det Ask hadde i gjeld på fartøyet. Men fartøyet var på slipp og måtte gjerast ferdig før den kunne legge ut på ferda over havet.

Tirsdag kveld, 28. mai kom «Livlig» til Terøya, i nærleiken av Tirdalen, med Anton Lammetun og Sigfred Sandvik, begge frå Florø, som skipper og maskinist. Folka som skulle være med vart frakta i småbåt over til Terøya for ikkje å vekke sppsikt om nokon skulle sjå dei. Ved midnattstid la «Livlig» i veg mot England, under påskot av at dei skulle ut på fiske.

 flukt01.jpg

 flukt02.jpg

 flukt03.jpg

flukt04

Engelskmennene01 Firda Folkeblad

Engelskmennene02 Firda Folkeblad

I reportasjen i Firda Folkeblad hevda dei at Skøyta "Livlig" frå Eikefjord truleg var den første skuta som kryssa Nordsjøen med flyktningar under krigen.

Eit anna lesarinnlegg i Firda Folkeblad 14. juni 1965 kan «M.M» opplyse at første Englandstur gjekk ut frå Mælver i Bulandet 19. mai 1940.  Jens Værøyvik og Hermann Midtbø førte skuta.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd