Påbygg i 1936.


I 1936 gav departementet løyve til å byggje på eit sakristi med inngangsbislag og to rom. Inngangen til koret er bak altertavla. Kostnaden vart dekka av private. Grunnmuren under denne delen er i betong. Det var snikkarskulelærar Saghaug som laga arbeidsteikninga.

 Kyrkja påbygg 1936-400
 

Påbygg i 1969


I 1969 vart det laga sanitæranlegg, og kyrkja og kyrkjegarden kjøpte ein lut kvar i vassverket.

Langveggane på kyrkja vart forlenga fram til midt på tårnet for å gi plass til toalett og til trapp opp til galleriet. Mange meinte at tilbygget vart for lite og ville ha det heilt fram til tårnhjørnet, men det gjekk ikkje riksantikvaren med på, då det ville føre til at tårnet ville få form som ein takryttar.

Det var Ansgar Hovland som hadde arbeidet med utvidinga, og Erik Havn laga svingtrappa.

Eikefjord husmorlag kjøpte flomlys til kyrkja.

 Kyrkja påbygg 1969-400

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd