Steindal
Steindal låg i Vevring herad og hadde eigen omgangsskule.
Ein kan finne spor etter skule i Steindalen tilbake til før 1700. I eit buskifte i 1694 hadde Ola «schollemester» til gode 12 skilling. Truleg hadde han lært nokon i familien å lese. Nokre år tidlegare, før 1687, hadde ein ved namn Jørund vore lærar i nabolaget, i Eikefjordsdalen, og lært folk der å lese.

12 juni 1917 underretta Kinn skulestyre at skuledirektøren hadde godkjent ordninga med omsyn til Steindal og Svardal krins. Løna til læraren for skulen i Steindal krins skulle betalast av Kinn mot refusjon kvar månad av Vevring. Det burde veljast ein representant til Kinn skulestyre som deltok når spørsmål som angjekk Steindal skulle behandlast.

6 juni 1922 har Vevring skulestyre møte der dei las opp skriv frå Kinn skulestyre der dei sa opp samarbeidet med Steindal. Skulestyret ville prøve å halde skule i Steindal ved hjelp av hjelpelærar det kommande året.

Vevring skulestyre sende søknad datert 1. juni 1962 om born i Steindal i Vevring kommune kunne bli overførde til Eikefjord sentralskule. Desse barna gjekk på skule i Svardal.
Eikefjord skulestyre vedtok at også desse barna kunne overførast til Eikefjord sentralskule.


Svardal
Svardal låg i Kinn herad – det same som Eikefjord, og hadde eigen omgangsskule. Svardal vart skulekrets i Bru kommune ved kommunedelinga i 1922.

7 oktober 1919 behandla heradsstyret skuleforhold i Svardal. Det vart opplyst at det for tida ikkje var meir enn to skulesøkjande barn. Heradstyret kunne gå med på at skulen kunne fortsette i Svardal, om det blei skaffa 4-5 skulesøkjande barn seinast innan nyttår.

I 1927 sende Svardal skulekrets spørsmål om barn frå Svardal kunne gå på skule i Sunnarvik. Skulestyret i Eikefjord godkjente dette med føresetnad av at det ikkje førte til utlegg for Eikefjord.
Tidleg i 1960 skriv Bru skulestyre at skuledirektøren har peika på at Svardal skulekrins i Bru kunne slåast saman med Eikefjord skulekrins når vegen Eikefjord-Svardal var ferdig. Eikefjord skulestyre hadde ikkje mot dette når sentralskulen stod ferdig.

I møte i Bru skulestyre sommaren 1962 vart det gjort følgande vedtak: Skulestyret tar opp tingingar med Eikefjord skulestyre om å ta imot born frå Svardal. Så fremst dei kan overførast til Eikefjord blir skulen i Svardal lagd ned frå og med skuleåret 62/63.
Eikefjord skulestyre kunne gå med på at borna frå Svardal kunne gå i Eikefjord.

Grov og Leversund
Grov og Leversund skulekrins valde Eikefjord skule då Bjørnset skule vart lagt ned i 1980.

Høydalane
Høydalane skulekrins valde å søke skule i Eikefjord ved krinsrøysting i 1983.

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd