Bjarne Lokebo - Ja, her frå stova di, Bjarne har vi utsikt ned mot skulehuset i grenda. Og eg veit det at det for tida er det slik at skuleborna herifrå reiser til Eikefjord for å få skulegang. Eg berre lurer på om det var dette skulehuset vi ser her ca. en 3-400m herifrå, om det er det skulehuset du gjekk på skule i?

- Nei, det er det ikkje. For den tida dei bygde det skulehuset då gikk eg ut av skulen. Då var eg ferdig med min skulegang. Eg var konfirmant i 1927, og begynte selvfølgeleg på skulen i 1920. Så eg gjekk 7 år. Detta skulehuset her nede det vart vel teke i bruk i 1930 åra.

- Det skulehuset som du gikk i, korleis var det og kor stod det henne?

- Da stod på inste Løkkebøane, det var ei gammal røykstue som dei leigde til detta bruk, så vi skulle ha til skulehus. Det var ei vanleg, gammal røykstove med to svære bjelkar tvers over rommet. Vi såg oppi sperrene, både sperrene og troe var kolsvart av røyken, som hadde vore brukt tidlegare.

- Korleis var det når de skulle varme opp skulehuset, det var sjølvsagt ved de brukte?

- Ja, det var ein gammal kakkelomn, med portar i, som vi hadde til å varme opp huset med. Og veden var det ein mann som kom med frå skogen, han hadde hogge ned ei gammal, stor bjørk oppi lia, så hadde han vag og hest, og så kom han køyrande med dessa lassa ned på tunet. Da var vi ungande og læraren som tok der og saga opp. Vi hadde bogesag og vi ungane saga opp kubbar av dessa bjørka, og læraren kløyvde. Så var det til å begynne å bæra inn i skulehuset. Detta brukte vi frikvarteret til. Og så la vi då ved, fulle portane med ved, så vi skulle få tonne, slik at vi hadde noe å kveikje opp neste dag. Men vi fyrte berre med rå bjørkeved, og han brann godt, no berre omnen var godt oppfyra frå før.

- Kva var som la i omnen om morgonen?

- Eg trur det var læraren som gikk inn og la i omnen, for han budde tett "atte me" der.

- Du har fortalde meg en gong om at de på skulen fekk besøk av skuledirektør Vevle. Kan du fortelje litt om det besøket?

- Ja, det kan eg fortelje om, for det hugsar eg veldig godt. Vi var ikkje så lite spente vi borna når vi skulle få besøk av skuledirektør Vevle. Og eg hugsar dagane forut. Læraren vår informerte oss då korleis vi skulle stelle oss, være høfleg òg, og selvfølgeleg måtte vi lære leksene godt. No var det kvelden forut det her og vi les på leksene òg, for i mora kjem skuledirektør Vevle, og nå må vi kunne tinga våre. Og då var det at det eg hugsar enda godt far min stod på saga den kvelden og eg måtte gå ut med mat til han. Når eg var ferdig der ute så gjekk eg heim igjen og les på leksa. Det vart nå kvelden og vi la oss, for i morgon kjem skuledirektør Vevle. Det var ein spennande dag i vente. Så kom dagen, det hadde vore regnvær, men nå hadde gått over til nordvest med kraftige snøbyger og regnfokk. Vi sat i skulestua no om morgonen og venta på at læraren og skuledirektøren skulle komme, for dei budde tett ved der. Så såg vi dei kom uti veia, no var vi spente, - så banka det på døra. Vi reiste oss opp alle og helsa. Dei kjem inn og skuledirektøren Vevle tok føre seg som lærar med ein gong, og begynte å spørje oss i leksene våre. Det gikk fint, vi kunne leksene til punkt og prikke. Når det lei på dag, utpå ettermiddag, mens vi sat i stova, vart det så mørkt. Det kom ei svære snøbyge frå vest med et voldsomt regnfokk. Der borte som skuledirektør Vevle sat, der var eit lite hol i veggen. Der kom ei kvite snøstripe inn over golve, etter den svære byga. Detta såg skuledirektør Vevle. Då sa han det: Eg hadde no hørt at vi sat i et dårleg hus, men at vi sat i et så an dårleg hus som dette her, det hadde eg aldri drømt om, så han. Eg skal love dokke en ting, de skal sleppe å sitte lenge i dette huset. Det skal eg syte før!

- Og det var ei held ikkje lenge, før at eg vart konfirmert i 1927 og så i 1930 då vart detta nye skulehuset vårt overteke her i bruk.

- Du fortel om at de lærte leksene dykkar godt, kva slags lekser var det de øvde på?

- Vi hadde no kristendomstime, det var den fyrst timen om morgnane. Så var det rekning og det var arbeide i skulen føre middag, dei to timane. Etter middag då var det no forskjellig skriving, grammatikk, lensing, noregshistorie hadde vi somme dager, landkunna hadde vi, og så hadde vi song. Vi hadde mykje song.

- Men eg må no fortelje om det at læraren sa til oss, at no må ikkje de gjøre det like tungt som de gjorde det på ein annen plass som dei skulle få besøk av skuledirektøren. For der sa læraren det at de måtte være veldig høfleg, de må seie Herr, direktør. Alltid må de da seie. Og på den plassen kom direktøren, dei hadde kristendomstimen, så han da spurde dei om syndefallet: Kva sa Gud til slangen då han forførte Adam og Eva i Paradis?

- Det var stilt lenge i klassen, men så var det ein gut som rekte opp handa. Ja, då sa han: Gud sa til slangen: Forbanna skal du være og på buken skal du krype og ete støv alle dine levedagar, herr. direktør!

- Detta var uheldig, han skulle ikkje ha brukt detta : Herr. direktør, selvfølgeleg. No må ikkje de gjere like gale de òg, no må de hugse på det.

- Når det gjaldt for eksempel gymnastikk. Var det et fag i din tid, handarbeid for eksempel også?

- Ikkje tale om! Ingen ting. Vi hadde ikkje gymnastikk og ikkje handarbeid.

- Kva slags fag var det som det vart mest vekt på, syns du?

- Eg trur det var mykje rekning som vart lagt mykje vekt på, og lesing. Og skriving.

- Kva med religion?

- Det var veldig viktig. Det var påpassa alltid. Religionen var slik at, mandag begynte vi med den timen fyrst. Det var en time med bibelhistorie. Hadde vi fått lekse i den, skulle vi reise oss opp og sei den utenat. Tirsdag var det Luthers forklaring, som vi hadde. Onsdag igjen var det bibelhistorie osv. heile veka igjennom. Ja, laurdag var det bibellesing.

- Song de mykje i skulen i din tid?

- Vi song mykje, for læraren vår var veldig interessert i song. Vi song ofte. Ja, vi song ofte utanom det program som vi skulle ha. Vis vi var åt og søvnige og slappe og vi sat gjerne lenge å skreiv. Så sa læraren det: Stram dykk opp! Reis dykk opp! Vi tar ein song.

- Kva slags fag var det du likte best i skulen når du nå ser tilbake?

- Eg for min del, eg likte best å skrive stil, for det syns eg var veldig moro. Eg må no skryte lite grann òg. For læraren les alltid opp mine stilar i skulen, som et fordøme på kor ein stil skulle skrivast. Slik skal ein stil skrivast, sa han, som han har skrive her.

- Når det gjaldt det faget du likte minst då, kva kan du seie om det?

- Det var rekning.

- Når det gjelder utstyr på skulen. I dag har vi jo skular med veldig godt utstyr, som regel, og greier av mange slag. Korleis var det i di tid, utstyr med bøker, lærebøker og det heile?

- Ja, eg skal fyrst ta for meg dei pultane som vi hadde, som vi sat på. Vi hadde slike lange pultar som vi sat fleire stykker i same pulten. Så kan du tenkje deg til kor det var når vi skulle skrive. Vi sat fleire stykker og så var vi ein del som rende borti pulten, så fekk du ein lang strek i boka. Så det var ein sørgjeleg tid. Men seinare fekk vi enkeltpultar som vi sat kvar for oss sjølve. Da hadde vi sakene nede i skuffa. Vi hadde blekkhus da og penn, pennholdaren med pennar vi sette oppi. Når pennen var øydelagt fekk vi ein ny hos læraen. Dei ting fekk vi i skula gratis: Penn, blekk og skrivebøker. Men slik som bibelhistorie, Luthers forklaring, Noregshistorie og landkunna bøkene, dei måtte foreldra våre kjøpe.

- Blyantar og kladdebøkene de var gratis?

- Dei var gratis ja.

- Når du tenkjer tilbake til skuletida, syns du det var ei god eller vond tid?

- Eg synes det var ei veldig god tid. Eg har gode minner frå skuletida mi. I alle fall frå den songen som vi hadde. Vi lærde mykje songar i skulen. I alle fall om morgnane starta vi alltid med denne: "Syng i stille morgonstunder, syng Gud fader lov og ros. Sjå han gjevar nytt eit under: Kallar from av mørkret ljos." Osv.

- Dei lærde grundig dei songane og salmane som de brukte?

- Vi lærde dei grundig! Eg hugsar at det var ikkje alle som hadde så veldig interesse av å lære dei, kom på skulen kanskje etter fjorten dag og ikkje lært nokon ting ut av det vi skulle lære når vi hadde fri. Eg hugsar en som ikkje hadde lært fyrste verset eingong. Det var denne her: "Synd og sorg er syskenord, fylgast jamnan her på jord." Slik begynte den. Denne karen hadde ikkje lært nokon ting av dette her. Han måtte sitte inne i frikvarteret og lære på dette her. Så gret han, veit du, for han måtte sitte inne. Ja, dette her er både synd og sorg det, sa læraren til han.

- Kva slags minne frå skuletida har gjort mest inntrykk på deg?

- Nei, det er vel det vi lærte om i religionsundervisninga, dei songane og den andakten som fylgde med.

- "Når sola går ned i vest, og sola går opp i aust." Det minner om natura, og minner meg veldig om skaparverket og dei ting. Det er det som har grodd fast i mitt minne. Dei songane med den teksta i.

- "Sjå dagen sprett i auster, et, han liver oppi lygna. Og kvelden, sola går ned i vest. So soli nedi vester glader. Sol går opp og sol går ned." – Det er grodd fast i mitt minne!

I våre dager er det jo mykje diskusjon om straffemetodar i skulen og kva en skal bruke, og om en ikkje skal bruke, nær sagt straffe. Korleis var det i di tid?

- I mi tid var det no brukt straffemetodar. Vi fekk som regel ein smekk utav linjalen. Det vil eg seie, at den eleven som fekk det, han var verd det òg. For eg syns det i dag at dei er for lette på handa såleis, dei skulle ha lov til å ha litt meir streng disiplin i skulen, enn det nå er. Vi hadde streng disiplin og vi respekterte læraren.

- Når det gjelder leik og sånn i skuletida, kan du fortelje litt om det? Utanom undervisninga altså.

- Eg veit det om haustane, med det same skulen begynte, då hadde vi ein time fri med middag, middagstime eller var det ein halv time? Eg trur det var ein time vi hadde. Og då var det om å gjere for oss å komme ut og oppi uren utmed Løkebøfossen, der var store hatlelundar, med mykje neter. Og så var det sånn svære nypelundar oppi der, med masse nyper på. Det plukka vi på. Og vi samla på nyper og neter, alt det vi kunne greie og makte, til vi høyrde læraren fløyte på denne fløyta si, langt inne med skulehuset. Då sprang vi for livet for å komme tidsnok inn. Så det er forskjellige minner som vi har, men eg var ikkje med på di greine eg, men dei gjorde no læraren og fantestykke stundom, elevane: En gong hadde dei gøymd seg på naustlemma, nære heile skuleklassen. Læraren gikk og fløyte på denne fløyta, lette og ikkje visste kor ungane var vorte av. Der gøymde dei seg, kan tenkje fyrste timen, men det fekk dei no straff for.

- Korleis straff var det han brukte då?

- Dei fekk ikkje frikvarter. Dei måtte sitte inne, uten å få gå ut.

- Var læraren med på leikande dokker?

- Læraren var med på leik, særleg om vinteren når vi hadde snøballkrig, da var han med på det. Da var det no om å gjøre å treffe, veit du, når vi kriga med snøball. Og så var det alltid på hue vi sikta. Vis vi greidde å få en fulltreffar der, da skal eg sei det at dei skogga og lo.

- Elles var vel ski og kjelke vanleg, då også , i leiken dokka?

- Ja, om vinteren var det ski på med en gang. Vi hadde laga oss til hopp uti en bakke. Så var det oppi bakken for å sjå om vi greidde få oss et hopp, eller to. Så var det ikkje alltid at det gjekk fint føre seg desse hoppa. Vi gjekk no kant i kant nedover bakkene. Så kom vi fulle av snø og fæle inn igjen i skulehuset.

Der bråna denne snøen i kleda, og så var vi våte på føtene. Vi gjekk i tresko, som oftaste i dei dagar. Vi hadde ikkje anna sko, enn tresko. Og då hadde du alltid ein snøkladd under hælen. Så det iste oppunder foten når du sat med detta der. Det var så kaldt i denne skulestova, der inne, at vi kunne ikkje ha føtene nede på golva. Vi hadde føtene oppå pultesessen og sat på dei.For denne omnen som vi fyrte i, han var raude, gloande raude, men ga en svær varme frå seg borti gjennom rommet, men det var alt. Det fòr ut igjen i veggene.

Ein gong tok der fyr i veden, vi hadde ved i porte, liggjande til turke. Det tok fyr i veden. Då sprang eg ut og tok ei stor famn med snø og kom i skulestova og kleste det i omnen. Da vart det en vassrøyk så en ikkje såg noko. Alle elevane rende på garden og læraren med.

- "Ja, du må no være snartenkt du," sa læraren til meg. "Som tek uten noko vidare og spring ut på denne måten i snøfonna og hentar snø og hyv i omnen."

- Sommarsdag, kva slags leikar var det då, vår og haust?

- Ja, då var de helst sånn spel som vi hadde, som vi kalla for kil-spel. Vi hadde ti trekjeppar, kvar, som vi kalla for kiler. Dei sette vi på tunet i ei rekke: Ti i kvar rekke. Så var vi to spelare på kvar kant. Vi hadde to treklubber som vi skulle kaste kvar vår gonge med. Dei kilane, dei du slår ned, dei skulle han hive bort i rekka som vi hadde vore kilar. Då var det om å gjere å samla dei godt slik at du fekk mange kilar på en plass. Så då greidde du å slå ned mange i gongen, når du skulle kaste neste gong. Det kalla vi for kil-spel. Dei spela vart sjeldne utspelte, for frikvartera rakk ikkje te det.

- Var det andre slags spel og leikar som du kan nemne, kanskje?

- Nei, noko anna aktivitetar hadde vi ikkje då. Det var komet så langt at vi hadde fått syklar. Somme hadde, og då var det på sykkelen og sykle att og fram i vegen, nede ved skulehuset, og leike seg med det. Det var noko nytt og svære greier, veit du, for den som hadde ein gammal sykkel.

- Leikte gutar og jenter i saman?

- Ja, dei leikte saman. Vi hadde samla skule og vi var ein elevflokk.

- Kor mange elevar var de til vanleg på skulen dokker?

- Vi var vanleg ein tolv, tretten elevar.

- Nå til dags er det slik at elevane kjører mykje med buss når dei skal et stykke veg til skulen. Det er jo tilfelle her på Løkebøen òg. Dei kjører jo til Eikefjorden med buss. Korleis var det i di tid med skulevegen? Kan du fortelje litt om det?

- Ja, vi hadde en kilometer å gå på skulen. Her var ingen som vart køyrde til skulen i dei dager, same kor langt dei hadde å gå. Dei fekk bruke "apostlane". Men så måtte dei gå i djupe snø. Vis det var altfor voldsomt med snø, måtte foreldra følgje og brøyte veg for ungane, så dei kunne gå etterpå.

- Eg hugsar bestefar min, han fylgde oss i skulen stundom, og da gjekk vi til belte i snøen ein gong vi fòr i vegen. Det var nett så mykje vi kom oss fram. Det var ikkje plogar i dei dager og ikkje pløgde vegar, så det var bare å trampe seg igjennom snøen og komme seg fram. Vi brukte jo hestane me og brøyte med. Da var det om å gjere, når det var store snøfall, at dei køyrde på stadig vekk heile dagen for å trakke dette her ned, så det ikkje vart for mykje.

- Du sa at du hadde ein kilometer å gå, men var det nokon som hadde lengre veg enn du på skulen?

- Ja, utav Eikevika hadde dei mykje lenger veg enn eg. Og bort av Barlunda. Dei kom no over isen, når det var sterk is på vatnet. Når vatnet var opent, då kom dei med båt over, roande hit til Løkebøen her. Dei uti Eikevika, dei gjekk no vegen. Men den vegen her nede den var slik at vegbana var sammantrakka med snø om vinteren. Då var ho til jamte med stabbesteinane. I same høgde som stabbesteinane, nedtrakka veg. Så begynte sola og tære inn om våren, i frå stabbesteinane og inn i vegen. Til slutt så vart det berre en rygg igjen med snø som ikkje var køyrbar eller nokon ting. For då måtte du vente til snøen fòr. - Då var vegen uframkommeleg.

- Kor langt er det frå Eikevika og hit omtrent?

- Det er vel en tre kilometer.

- Når det gjaldt vegen, meiner du det at det var plassar der det var farleg å gå. At man kan snakke om farleg skuleveg somme stader.

-Ja, Eikevik-hamrane ute. Der måtte dei passere forbi, og der var voldsomt med is oppi om vinteren. Når våren kom, kom detta ned i vegen. Det var veldig farleg å gå forbi der. Vegen var sperra mange gonger med is. Det var store røyser midt i vegen. Når sola stod på, på vårparten, då var det veldig farleg å gå forbi der.

- Så det kom ramlande ned på vegen altså?

- Ja, det kom rett ned på vegen.

- Var det vanleg at foreldra fylgde ungane til skulen vis det var dager då det kunne være farleg?

- Eg trur ikkje det at dei fylgde dei på skulen for denne isen sin skyld. Ungane visste no om dette her og dei tok sjansen og sprang forbi.

- Brukte dei isen nokon gong å gå på?

- Nei, det gjorde ikkje dei, for det var farleg å bruke isen. Dei gjekk no gjerne isen når han var fjellsterk om vinteren, - når andre hadde kjørt der og det var kjøreveg på isen: Etter hestar. Så kunne selvfølgeleg ungane gå same vegen, så slenge som det føre helt. Så ikkje isen forandra seg.

- Kor tid på dagen begynte skulen?

- Skulen begynte klokka ni om morgonen.

- Da var det jo sjølvsagt mørkt når elevane gjekk heimafrå om vinteren. Det er jo klart?

- Eg trur vi slutta klokka halv fire. Vi hadde en time middag og vi slutta klokka halv fire. Det er lenger skuledag enn nå.

- Når eg tenkjer på det å gå i frå Eikevika f.eks. og frå Barlund, her borte og hit på skule. Då var det jo mørkt då ungane starta om morgonen, heime ifrå , og det var mørkt då dei kom heim om kvelden. Ikkje sant?

- Jau, det er heilt sikkert. Det var mørkt både om morgonen og om kvelden. For eg veit vi brukte parafinlampe i skulestovene då med juletider, då veit du det er korte dager. Då hadde vi parafinlamper om morgonen og om kvelden, før skulen slutta.

- Men hadde ungane med lykt mens dei gjekk?

- Nei, aldri! Dei gjekk i mørkna.

- Dei var flinke å finne vegen med andre ord?

- Ja det var dei. Dei var flinke å finne vegen, det var ikkje noko som skulle hemme der. Vi kom oss fram.

- Vidare så kan vi ta litt om utdanning i den tida. Var det vanleg at folk skaffa seg utdanning etter folkeskulen?

- Nei, det var lite det. Det var mange som hadde lyst på å ta seg utdanning, og hadde sett planer for sin framtid. Kanskje dei skulle ha gått lærarskulen, men så hadde dei ikkje pengar å betale dette her med. Då måtte dei droppe det og kanskje bite i noko anna som var mindre interessant. Det var no økonomien som øydela for mange gode evner, som kunne ha vorte gode lærare i dei dager. Men dei hadde ikkje noko å hjelpe seg med, men det kom seg no litt seinare: Med betre ordningar, med lånegreier i bankar og så annet. Så det vart no betre etter kvart. Og nå veit vi korleis det er nå , nå i disse tider. Det har forandra seg kolosalt, det er ikkje attkjennande på nokon måte, når det gjelder utdanning i dei dager og i dag.

Konfirmasjon.

- Kor var det du gjekk å las for presten og vart konfirmert, Bjarne?

- I Eikefjord kyrkje. Eg begynte å gå på folkeskulen i 1920 og var konfirmant i 1927.

- Kanskje du kan fortelje litt om korleis konfirmasjon førebuingane var i den tida?

- Ja, vi begynte, som dei sa, å lese for presten i mai måne. Då var vi og les for presten kvar fjortendag, utover heile sommaren. Når det kom til september månad då var det konfirmasjon.

- Du kan nå kanskje fortelje litt om korleis du som budde her på Løkkebøen, korleis du kom dei her til Eikefjorden?

- Ja, det var nå på mange måtar vi reiste her. Stundom gjekk vi til fots og det var tolv kilometer fram, og tolv kilometer attende. Andre tider lånte eg sykkelen til far min og sykla, når ikkje han gjekk med posten. Du veit han var landpostbod. Og vis dei trefte på dei dagane, hadde ikkje eg sykkel. Då måtte eg gå eller eg tok båten og rodde Endestad-vatnet. Deretter gjekk eg gamle Øyra-vegen

- Var du aleine konfirmant her den gongen?

- Eg var aleine konfirmant her oppe på Løkkebø. Men når eg kom ned til Storebru, her nede i området, då var det tre andre òg som las for presten.

- Når det gjelder det dykk måtte gå igjennom i førebuinga kan du fortelje litt om det, og det du måtte lære og sånn?

- Ja, det var helst salmevers, som vi måtte lære. Presten vår det var Berg-Rollnes, som vi hadde den gongen. Salmevers, det fekk vi ein hel del, så det måtte vi lære til punkt og prikke.

- Det andre i bibelhistoria og Luthers forklaring, det sa han som slik at: "De har no gått sju år på folkeskulen, så de skulle nå ha lært dei tinga der. Men det er viktig , i alle fall, å sjå øver det med svart prent. Det må de kunne lære," sa han.

- Så var det konfirmasjonsdagen, kan du fortelje litt om den?

- Ja, eg kan fortelje litt om den ja. Eg kan og fortelje litt om andre måtar, korleis eg reiste på dessa turane nedover, når eg fòr med båten i elva og sånn?

- Du veit det var ei elv her i mellom Løkkebø-vatnet og Endestad-vatnet. Det måtte eg holde ned med båten. Men så var det en gong eg var nedafor og det la til med ganske kraftige storm. Det var seint på ettermiddagen vi leste for presten den dagen, det heldt på å varte skomert om kvelden og. Da eg kom oppatte under elva om kvelden, roande, då stod mor mi der nede ved elva og venta på meg. Hun såg nedover vatnet og trudde det var gått gale med meg.

- Men så veit du konfirmasjonen kom og eg hadde bestilt meg dress uti Florø, på en forretning. Når vi kom og skulle hente dressen viste det seg det at den var selde, og vi måtte reise heimat igjen uten dress. Fredag kvelden då reiste vi opp i Ramsdalen og overnatta der, hos ein familie. Tidleg om morgon da gjekk vi over fjellet til Naustdal og kjøpte dress hos Kleiven, i Naustdal.

- Kom tilbake her klokka tolv laurdag kvelden. Då veit du, var det ikkje så mange timar igjen før søndagen var der, og eg skulle konfirmerast. Eg var søvnig og trøtt, og vi kom i kyrkja, det var ein veldig varme dag, eg hugsar det at eg ville lite greie meg. Eg helt på å ville sovne i kyrkja, for det var så hett, og masse folk. Det gjekk veldig greitt i kyrkja. Eg var så heldige at eg var spurt etter ting som eg svarte til punkt og prikke. Og sia vart eg ikkje spurt etter meir. Så den konfirmasjonen den hugsar eg godt. Det var ein høgtidsam dag.

- Måndag då var nattverd, og då møtte vi opp att igjen og var med på den. Men det var en del som ikkje møtte opp, som ikkje ville vere med på det.

Dato: 10. Og 11. Juni 1984 Intervjuar: Olav Solheim for Floraskulen.no

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd