Lengst inne i Høydalsfjorden finn vi Osstrupen der svarte sva på begge sider prøver å stengje havet ute. Mellom stupbratte fjellsider strekkjer fjordtarmen seg tre kilometer inn til Osøyra.

Kjem ein sjøvegen, skulle ein ikkje tru at her var leveleg korkje for folk eller fe, men frå fjordarmen og opp til Svardalsvatnet vidar landet seg ut. Her ligg Osen, ein av dei finaste gardane i Flora. Han har gardnummer 89 i matrikkelen, og skulda var fem dalar for kvart av dei tre bruka. Få gardar var verdsett høgare. Oselva er godt kjend som ei framifrå lakseelv, og gjorde nok sitt til at garden vart rekna som særs verdfull.

Frå Osen går delføret tolleg rett austetter til Steindalen. Herfrå og ned til fjorden er det 8-9 kilometer i vanskeleg terreng. Dette området var eit av dei mest isolerte vi hadde. Utan vegsamband, og vinterstid ferdsel over utrygge vatn. Postkontor fekk dei i Hopen allereie i 1891, og folket i Steindalen, Svardalen og Osen måtte heilt ut dit for å hente posten. Frå Steindalen tok det sine fire timar når veret var skapeleg. Seinare vart det oppretta ei landpostrute Hopen – Steindalen. Andreas Steindal hadde denne ruta, eit fårefullt arbeid, ofte med livet som innsats. Særleg vanskeleg var Osstrupen med kastevindar og stygge straumar.

Med åra auka postmengda. Per Hjertenes i OsenOstunet-Per Hjertenes-150var ordførar i Bru, og Lars Svardal i Svardalen likningssjef. Seinare vart Bertel Svardal trygdekasserar, også han budde i Svardalen. Kravet kom opp om at området måtte få ein lettare postgang. Adoptivdottera til Per Hjertenes, Hildegunn, gjekk rundt med underskriftsliste, så folk kunne støtte kravet. Søknad vart sendt til konstituert postmeister Karl Amandus, og den 1.1.1943 vart det oppretta postopneri i Osen. Å setje namn på det nye postkontoret var vanskeleg. Namnet Osen er svært vanleg, og valet fall difor på Svardalsosen. Sveitsarstempel med opa stjerne vart sendt frå Oslo. Per Hjertenes vart tilsett som postopnar med ei løn på kr 100.- for året, men løna vart monaleg auka året etter grunna stor postmengde.

Hildegunn HjertenesOstunet-Hildegunn Hjertenes-150 hadde gått på handelshøgskule, og det vart helst ho som kom til å ta seg av posten, også av di Per Hjertenes var mykje engasjert i andre gjeremål. Postkontoret var i eit rom i hovedhuset.

Veg ned til sjøen hadde dei bygt allereie i 1937. No fekk dei straks opp kai, slik at varer og post kunne takast imot utan vanskar. Båtane som gjekk inn hit var helst «Sendingen II», «Florøy» og «Blåfjell».

Namnet Svardalsosen skapte visse vanskar. Folk kopla ikkje dette namnet til Osen, og difor søkte ein om å få endre namnet. Dette vart innvilga, og frå 1.10.1947 heitte postopneriet Ostunet.

Per Hjertenes døydde den 7.2.1963, 70 år gammal. Hildegunn vart no offisielt tilsett sompostopnar, ei stilling ho hadde til posten vart nedlagt 1.10.1959. Vegsambandet frå Eikefjorden langs Vadsetvatnet til Svardal, Steindal og Osen var då ferdig, og folk fekk posten med landpostbod Torleif Endestad fram til 1973 då Mathias Kalsvik overtok denne ruta.

Stempelet Svardalsosen brukt frå 1.1.1943 til 1.10.1947 Ostunet-brev2-250
Stempelet Ostunet brukt frå 1.10.1947 til 1.10.1959

Ostunet-brev1-250

Huset i Osen der posten var er nærmast å regne som eit herskapshusOstunet-Osen-525

Kilde og bilder: Posten i Flora - Bjarte Sindre

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd