Bjørgvin skuledirektørembete sende i 1950 ut eit skriv om blant anna pliktig framhaldskule.  Fleire kommunar meinte dette var vanskeleg på grunn av spredt busetnad og skuledirektøren meinte at det var muleg å gå i gang med pliktig framhaldskule for ein del av kommunen. Dette kunne sjåast på som eit steg i retning på å skipe pliktig framhaldskule for heile kommunen.

Hausten 1950 starta framhaldsskulen i skulehuskjellaren på Tonheim. Dei første elevane var blandt andre Albert Hamn, Ivar Kvalvik, Aslak Hopen, Svanhild Svarthumle og Torvald Endestad. Læraren heitte Nordal.
Dei hadde den teoretiske undervisninga på Tonheim medan snikkarskulen i forbindelse med framhaldsskulen var på Storebru. Det vart også leigt lokale hos Olav Havn. Jentene som gjekk framhaldskulen hadde handarbeid i same rom som dei hadde den teoretiske undervisninga.

Det var fleire år oppe til avstemming kor framhaldskulen skulle  holde hus. I 1957 bestemte skulestyret at framhaldskulen skulle være anna kvart år på Tonheim og Storebru.
Seinare var det oppe diskusjon om å flytte framhaldskulen frå Tonheim. Alternativa var Ungdomshuset i Kvalvik og Samlingsheimen. Begge alternativa ga økte kostnader på mellom 2000 og 2500 kroner, så skulestyret bestemte at framhaldskulen skulle være på Tonheim det året.

For skuleåret 61/62 vart det utlyst stilling som lærar ved framhaldskulen. Det var to søkarar til lærarposten og Laila Steindal vart tilsett som teorilærar.
Skulestyret bestemte at framhaldskulen skulle starte 20. september og dei vona at det til den tid var ferdig eit rom på den nye skulen.
Det var ikkje enkelt å halde skule på ein byggeplass var Laila sin dom over denne undervisninga.

Nokre av elevane på framhaldskulen dette året var:
Magne Barlund, Kjartan Humlestøl, Åse Sørdal, Kjartan Osa, Torleik Stegane, Knut Sørbø, Odd Rune Sørbø, Dagfinn Grovanes.

 

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd