Deling av Kinn herad
Eikefjord var frå 1837 ein del av Kinn formannsskapsdistrikt som seinare vart heitande Kinn herred
Formannskapsdistrikt betegner ein administrativ enhet som ble innført i Norge ifølge formannskapslovene av 14. januar 1837. Ifølge § 1 skulle hvert prestegjeld på landet utgjøre et eget formannskapsdistrikt.
På denne måten ble den kirkelige inndelingen av landet også avgjørende for den verdslige, administrative. Norge fikk 373 formannskapsdistrikter i 1837.
Matrikkelloven som kom i 1853 innførte betegnelsene kommune (herred) og herad (nyn) til erstatning for formannskapsdistrikt.
Kinn herad var stort og vanskeleg å administrere, og det blei diskutert å dele dette heradet i to eller tre einingar.
Tankar rundt deling av Kinn i to eller tre herrad. Delinga ville følgje soknegrensene, men redaktøren meinte det burde gjerast nokre justeringar. For Eikefjord sin del var det berre tredeling som var akseptabel. Deling av Kinn hadde vore oppe før og det var sett ned to kommisjonar for å utreie føremonane med deling. Det hadde ikkje komme noko ut av dette arbeidet.
Nordre Bergenhus Folkeblad, mandag 23. juli 1917 |
|
Kinn herad hadde delingssaka føre i heradsstyret. Dei gjekk inn for ei tredeling av heradet etter dei soknegrensene som var. Eventuelle justeringar av grensene skulle gjerast etter delinga.
Nordre Bergenhus Folkeblad, torsdag 27. mars 1919 |
|
Kinn var det største heradet i amtet. Med sine store avstandar var det vanskeleg å administrere heradet. Kinn herad hadde anbefalt deling i tre. Det same gjorde fylkesmann og fylkutvalet. Budsjettkomiteen la fram saka for fylkestinget i 1920 og tredeling av Kinn frå neste heradsval blei vedtatt på fylkestinget.
Firda, onsdag 7. juli 1920 |
|
Valet i Eikefjord var 23. oktober 1922. Det skulle velgast 12 representantar til heradstyret og like mange varamenn.
Firda Folkeblad, tirsdag 29. august 1922 |
|
Det skulle samtidig som heradsvalet velgast tre forliksmenn i det nye heradet Firda Folkeblad, tirsdag 10. oktober 1922 |
Ikkje alle var villige til å ta vervet i forliksrådet. Firda Folkeblad, tirsdag 17. oktober 1922 |
Det var fleirtalsval i Eikefjord og her er namna på dei første medlemmane av Eikefjord Herad.
Firda Folkeblad, fredag 27. oktober 1922 |
|
Sjølv om Henrik Svarthumle var på sjuande plass på lista var det han som vart valgt til den første ordføraren i Eikefjord Herad.
|
Firda, lørdag 16. desember 1922 |