Livresundet ligg der Eikefjorden er smalast, mellom Sundaneset og Fjellvika (rett innanfor Helgøya). Frå gamal tid låg det ein gard på nordsida av fjorden, på det nokolunde flate området av halvøya sør for riksvegen. Gardsnummeret er 82, og eldste kjelda nemner staden Leffuersund. Truleg er det opphavlege namnet Lifrusund av gamalnorsk lifta som tyder lever, ofte nytta på skjær og holmar som likna på ein lever.

Sagnet seier at trollet Helge skulle hoppe over fjorden. Det tok sats frå høgste Sandvikfjellet, men klarte ikkje heilt å kome over. Det fall framover på kne, og kneskjelene ligg att i flomålet som to digre groper i berget, framleis tydeleg å sjå. Sida hans vart flerra opp på ein skarp stein og livra riven ut. Den ligg der som Livraskjæret. Trollet kolva deretter over, og vart til stein. Skrotten er det vi i dag kallar Helgøya.

Livresundet låg strategisk til når det galdt samband. Her gjekk det rute frå Florø til Eikefjorden, og det var snaraste vegen når ein skulle frå Norddalsfjorden til Høydalsfjorden. Ein gjekk då over land frå Lendingane til Grov og rodde gjerne ut til Livresundet derifrå. Før Norddalsfjorden fekk rutesamband, henta dei posten sin her.

Eikefjorden fekk postopneri allereie i 1881, men det var lang veg for gardane utetter fjorden å dra heilt inn i fjordbotnen. Området Nyttingnes – Sandvika låg ulagleg til. Stavang som fekk post i 1891 var nok det næraste. Det var difor naturleg ar det vart oppretta eit brevhus i Livresundet, «Balder» hadde rute på Eikefjorden i alle fall. 23.12.1899 vart brevhuset oppretta, og fekk eit firerings nummerstempel 458.Livresund-Lars H Leversund-150Lars TrettevikLars Trettevik

I 1888 kom Henrik Trettevik frå Reiet i Norddalsfjorden og tok over dei to bruka i Livresundet. Han hadde to søner, Laurits og Lars som seinare tok over kvart sitt bruk. Lars, som var fødd den 1.5.1875, vart den første brevhusstyraren i Livresundet, ei stilling som han hadde fram til 24.5.1902.

Då gjekk stillinga over til Salomon Sundal. Han var fødd den 17.5.1875, og kom frå bruk nr. 3 i Sunndalen, men far hans kom egentleg frå Tirdalen.

Salomon var ein overlag driftig kar.Livresund-Salomon Sundal-150Salomon SundalSalomon Sundal Etter å ha vore på ein liten plass i Livresundet eit par år, fekk han seg land på sørsida av fjorden, i Fjellvika. Han tok husa og posten med seg over dit. Garden hans vart utskilt frå bruk 1,2 og 3 i Sandvika. Då han flytte, hadde han samla seg mykje folk for å vere med å hjelpe til. Dei byrja å rive husa tidleg på morgonen.

Alt vart frakta over i Fjellvika, og om kvelden var alle hus reiste. Verkeleg ein god dugnadsinnsats. Salomon gjorde det godt i Fjellvika, særleg av di han hadde mykje småfe.

Stein var det nok av i Fjellvika. Salomon skaut ut med krut og bygde ei drusteleg kai. Hjelp med pengar fekk han frå ein bror i Bergen. Etter dette hadde Amtsbaatane ein av dei tryggaste stoggestadane sine Livresund Balder 525her i Fjellvika. No kunne bygdefolket losse og laste alt det varer dei hadde trong for, og postmengda auka også.
I 1905 søkte Salamon M Sundal Leversund om postopneri i Leversund og Kinn herrad støtta søknaden på det beste og anbefalte overgang til postopneri når dette kom opp igjen i 1910. Såleis vart brevhuset omgjort til postopneri den 1.1.1911.

Livresundet fekk tilsendt eit to-rings sveitsarstempel med opa stjerne. Området som sokna til Livresundet var, etter at Nyttingnes fekk post i 1914, gardane frå Helgøya til Ospedalen. Om postopneriet låg på nordsida eller sørsida av fjorden betydde lite, folk måtte i båt i alle fall. Veg frå Brandsøy til eikefjord kom først på slutten av krigen, før gjekk der berre ei farleg geiteros langs fjorden.

Salomon Josefine Bolette Sundalvar først gift med Alette Midtbø frå bruk fire i Sundalen. Ho døydde frå han i 1936, og han gifte seg opp att i 1946 med Josefine Bolette Lending frå Barlindbotten. Begge ekteskapa var barnlause.

Livresund-Josefine B Sundal-150Josefine Bolette Sundal

Salamon søydde 24.2.1956. Han var sprek til det aller siste, men hadde fått hjelp med postarbeidet av kona Josefine Bolette. Ho overtok som postopnar då Salomon døydde.

Med vegen til Eikefjorden var ikkje lenger Fjellvika å rekne som eit knutepunkt. Varene kunne no sendast innetter ned bil. Det vart også einsamt i fjellvika, og Josefine Bolette flytta i 1958 til Hatleset, og tok posten med seg dit. Ho bygde seg hus, og mange vil hugse at ho hadde postkontor i kjellaren før resten av huset stod ferdig.

Josefine Bolette hadde posten her til Livresund postopneri vart nedlagt 1.9.1967. Landpostboda fekk no etter kvart bil, og med veg frå Florø til Eikefjord, var det ikkje lenger trong for noko eige postkontor. Torleif Endestad var den første som hadde denne landpostruta (Grov - Eikefjord)

To-rings sveitsarstempel med opa stjerne. Stempel for postopneriet i tida 1911 til 23.10.1959 Livresund-brev1-250
Moderene ein-ringsstempel. Dette fekk postopneriet etter at det vart flytta til Hatleset. Brukt til postopneriet vart nedlagt 1.9.1967. Livresund-brev2-250

Posthuset i Leversund står der like fint no i 2012.Livresund-Posten-525

Kilde og bilder: Posten i Flora - Bjarte Sindre

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd