Dalavegen

Ein veg bygt av bøndene utan fagkunnig hjelp.

Bygdevegar 1800tallet-525

Bygdevegen som gjekk frå Eikefjord til Ramsdal, blei i eldre tider kalla Dalavegen. Mykje av denne vegen er godt brukande som turveg, sjølv om korte strekningar kan vere vanskelege å finne, er lagt under plogen, eller under ny veg. Også trebruene opp gjennom dalen er vekke.

I formannskapsprotokollen frå 1849 står det at vegen opp Eikefjordsdalen har eksistert frå gamal tid, og vart bygt og vedlikehalden av bygdefolket.

I heradsstyreprotokollen frå 1936 står det: «Denne vegen har busetjarane i eldre tider bygt sjølv - utan fagkunnig hjelp og utan offentleg tilskot».

Eit av dei første skriftlege spora vi finn om vegen, er frå 1746 då lensmann Anders Nilsson Standalen såg på Storelvbrua og verdsette den til 26,5 dalar.

Før Storelvbrua vart bygd gjekk sansynlegvis vegen til sjøen om Endestad og Gamle Øyravegen. På Endestad kan man sjå ruinane etter ei gamal bru og det er gamal sti frå Kleivane om Simolimyra til Endestad. På Endestad går det historier om brua som ofte blei tatt av isen. Dette er sikkert grunnen til at det vart bygd ny og større bru på Storebu.

Frå 1842 og åra fram til nyvegen kom, kan ein nesten årleg lese i heradstyre-protokollane om vedlikehald av vegen og bruene opp gjennom dalen, men heradet ville ikkje løyve midlar til vegen då den var privat. I 1858 tok Kinn herad likevel til å betale for vedlikehaldet, så frå den tid kan ein rekne vegen som offentleg bygdeveg.

Bildet viser dei gamle brukara på Storelvbrua. Desse blei bygde før 1746, men reparert tidleg på 1860 talet.
525-storelvbrua

Eikefjord – Leite

525-eikefjord-leitet

Frå Eikefjord gjekk vegen oppover omtrent frå der krysset i sentrum er i dag. Nede ved enden av vegen var det sett opp stall (2) for hestane, og i Dalaelva (10) var det laga vaskedam (3). Her var også klopp over elva, veg mot kyrkja og veg opp til skulen (4) og Bergheim (6).

Den første vesle motbakken opp Yste Dalen (7), heitte Jacobiabakken (9). Denne begynte nedanfor Hogen (5) og fortsette ned til brua over Hardbakkelva (8) som renn under vegen som går opp Knapstadbakkane. Bygdevegen gjekk over bøen nedanfor husa oppe i Inste Dalen (11) og bort til Dalaelva (10) som kjem ned dalen.

I 1875 fekk ein 15 spesidalar i tilskot for opparbeiding av veg frå landhandlar Hopen (Foreininga) (1) og fram til bygdevegen. Nedanfor husa på Lundevang gjekk det sti opp til Indrebøen (13). Ein ser her kloppa (12) og vegen oppover på andre sida av elva.

Dalavegen fortsette opp bøen i Kvia (15), og heitte Storebakken (14). Ein finn vegen igjen nedanfor Kvia. Vidare oppover kom ein til Dale-le (16) som stod i grensa mellom innmark og skogen ovanfor.

På flata innanfor Dale-le brukte fanten å setje opp telta sine. Her kunne det være liv og røre, og dei gamle i Eikefjorden sa at dersom eit fantepar gjekk 3 gonger rundt ein stein, så var dei gifte.

Etter den vesle flata gjekk det så oppover Krokabakken (17). Her kryssar den Dalaelva som her oppe blir kalla Fle-elva (18). Krokabakken kroka seg heilt opp og litt forbi Stridshammaren (19).

Annie Havn fortalte etter mor si at ved Stridshammaren stod det ein gang ein strid mellom Dalingane og Eikefjordingane om nausttomter ved fjorden. Mor til Annie hadde dette frå sine forfedre.

Like etter Stridshammaren kjem ein opp til gamle riksvegen. Fortset ein rett over denne, kjem ein inn på gamlevegen igjen. Oppover her er vegen vekke, men den gjekk nesten rett oppover, over krysset på RV5 og mot Flebakkane (20). Flebakkane er bakken under hammaren ein ser frå Fle-elva og oppover mot Knapstad. Hammaren heiter Åsbruna (21).

Oppe på skjeringa ovanfor riksvegen kan ein finne att Dalavegen. Han går på nedsida av eit gjerde, og er tilvaksen med skog.

Ved grinda nedanfor Brendehogen (24) gjekk det ein sti inn mot Kviehogen (32) og Einehogen (37).

Vegen fortsette forbi Brendehogen mot Leitebakken (25) som var siste bakken før Leitet (26).

Rimmen (22) og Tunet (23) er komne til etter at gamle bygdevegen kom i bruk.

Leite - Brekkene

525-leitet-brekka

På Leitet (26) fortsette vegen langs dagens gardsveg forbi Hogen (30) og inn mot Hola (33) og Garden (34). Her svinga han bort mot Styggeversvollen (35), Vellene (31) og ned Åkresundet (36) før han gjekk innover myra nedanfor Bøen (38).

Her på Dikemyra (40) var vegdelet til bygdevegen mot Øyra (42).

Bygdevegen fortsette over Høgåselva (41), gjennom Dale-le (43) og inn i skogen mot Kveiteløken (44) og Trongedalen (45). Her gjekk det veg inn Dyttinga (46). Vidare omtrent i gamle riksvegen sin trasse, men innanfor skjeringa i Trongedalen og litt nærmare nye riksveg 5.

Oppe på bakken som i dag blir kalla Brekka, stod ei gammal handdriven sag på Spontunet (47).

Garden på Brekka heiter Skogheim (48). Her gjekk også veg inn på Bakkane (51) som var den gamle garden her oppe på Brekka.

I 1844 var det stor aktivitet med utviding og ombygging av veg på Knapstad. Bøndene avstod åker og jorde til vegbygging. Vegen til Svarthumledalen vart utvida, og Anders Simonsen Knabestad avstod grunn til bygging av sidevegen til Øyra. Betaling fekk bøndene i 1846/47 då heradsstyret behandla rekningane frå bøndene.

Når dei gamle gjekk Øyravegen gjekk dei alltid gjennom Garden og ned den bratte reina og fortsette på vegen som gjekk over bøen der nede. Det er grunn til å tru at dette var ein del av Dalavegen før omlegginga.

Nede i beitet i elva er det ein liten dam som ungane på Knapstad bada i. Denne blei kalla Laugarhølen (39).

Brekkene – Storebru

525-brekka-storebru

Frå Skogheim (48) fortsette vegen mot Gamle Åsavegen (52) litt vestafor og ovanfor dagens trase, nesten heilt oppe ved huset til Telenor. Vegen går inn i skogen og over ein liten topp før den går nedover mot nyvegen til Åsen. Når ein kjem ned til nyvegen, fortset ein rett over denne og vidare nedover Brekka (53).

Nede i Brekka kan ein finne igjen den gamle vegen (55) mot Åsen (56) og Myrane. Denne vegen brukte også folk frå Osa, Vasset, Svardal og Steindal.

Vidare går vegen ned forbi Grushola (54), Nydalen (57) og Eikevolltjørna (58) før den fortset vidare mot Sagvegen (59) og Storelva.

Følgjer ein Sagvegen ned mot Storelva, finn ein eit sagbruk som er drive med vasskraft.

Vegen fortset forbi Olavollen (60), Litjebrua (61), Hammarsenden (62) og langs elva opp til Storebrua (65). På denne strekninga kan ein ute i elva sjå ein stein som blir kalla Paddesteinen (63).

Litjebrua var ei lita trebru. Det går fleire historier om biler der eine hjulet gjekk gjennom brua og vart ståande fast.

Lensmann Anders Olavson Standalen, Anders Sjurson Hovland og Anders Olavson Tonheim såg på «Store Broen» ved Eikevollen (64) og verdsette ho til 26 ½ dala i 1746. Det var 13 mann i Eikefjordsdalen som hadde kosta brua, og ville ha hjelp av bygdefolket med denne kostnaden.

Sorenskrivar Hans Arentz skriv i si bok om Sunnfjord frå ca 1785 om Storebrua. Dette var ei svært lang bru som skulle forenkle vegen til sjøen for bøndene opp gjennom dalen.

I 1860 ber veginspektøren om løyving til omlegging og oppbygging av Storelvbrua i Eikefjordsdalen. Heradsstyret vil ikkje flytte brua, då det andre stader ville være vanskelig å finne sikker og fast grunn for fundament. Heradsstyret ber om at brua blir reparert utan at brua blir flytta. Det vart gitt løyving til ny bru over Storelva i 1861, og ei av regningane på arbeidet indikerer at dei gamle brukara vart reparerte. Dei gamle brukara som blei bygd før 1750 kan ein enno sjå ovanfor gamlebrua, men isgang i elva er begynt å rive i desse .

I 1882 gjer Kinn kommune vedtak om å gå inn med ¼ av utgiftene til opparbeiding av veg frå Storebrua til Endestad etter forslag frå vegingeniøren. Det blei også løyvt midlar til veg til Eikevoldsbakkane. Løyvinga blei utbetalt med 200 kr årleg.

Storebru – Langedal

525-storebru-langedal

Frå Storelvbrua (65) gjekk vegen opp Bruabakkane (71) ved Hagen (72) og innover ovanfor riksvegen. Her går vegen forbi garden Leirvik (76) før ein tek til på bakkane opp mot Simalia (78).

Gardane på sørsida av Sørelva, Sørdal (74), Legda (75) og Sørdalsøyra fekk bru over elva nedanfor Dalheim (73) etter bygging av nyvegen, men det var nok veg også før den tid.

Simalikroken (77) var ein vanskeleg sving på vegen nedover mot Storebrua.

Her har det overlevd fleire historier der folk sykla seg utfor vegen.

Vidare måtte ein forsere Storsteinbakken (79) før ein var oppe på Kleivane (80).

I Storsteinsbakken låg det tidlegare store steinar. Desse vart sprengde med krut og brukte til bygging av brukara til nybrua på Storebru som vart bygd rundt 1940. Steinane var spesielle for området og egna seg godt til murstein. Ein finn fleire av dei i skogen ovanfor Storsteinsbakken.

På høgste punktet på Kleivane (80) var skulehuset i Langedal, no innreia som hytte.

Vegen fortsette ned att Kleivabakkane (81) til Løken (82) i Langedalen.

På sørsida av Sørelva ligg gardsbruket Slåttene (84). Vegen til dette gardsbruket kryssa elva på ei hengebru (83) som gjekk over rett nedanfor Løken der vegvesenet ei tid lagra grus.

Kleivabakkane og Brekka (53) var to bratte bakker på veg frå dalen mot Eikefjord.

Når bøndene kom med kjerre eller slede fullasta med stav til tønnefabrikkane i Eikefjord, måtte dei lesse av halve lasset før dei tok fatt på desse to bakkane. På toppen leste dei av resten av lasset, for så å returnere og hente det som låg att nede på flata.

Langedal – Sæterlid

525-langedal-setelia

Vegen frå Løken (82) gjekk ned på bøen like ved riksvegen og vidare forbi Graupa (91) og opp i Garden (94).

Frå Garden kryssa vegen riksveg 5 og gjekk vidare ned med Løa (95) omtrent i dagens trasè. Nedanfor riksvegen var vegdele med kløvveg inn i Agledalen.

Frå Agledalen fortsette denne kløvvegen som rideveg over ei bru rett nedanfor gardane og vidare på vestsida av Jonstadvatnet til Jonstadstøylen. Her var det tre ruter vidare. Ei mot Huldrehaugen og Liastølen til Naustdal. Den andre til Hovestølen og vidare til Hove i Naustdal. Ein tredje gjekk opp Bolteskaret og vidare til Steindal.

Under arbeidet med vegen oppe i Agledalen, omkom ein mann som var sjåfør på ein bulldosar. Han skulle frakte eit lass med oljefat på ein hengar som var for tungt lasta, så eine beltet spann då han kom opp på eitt glatt berg. Det blei lest av 2-3 fat, men då han prøvde å løyse bulldosaren igjen, seig han berre bakover. Bulldosaren hang ei lita stund på hengarfestet i vegkanten. Føraren prøvde å hoppe av, men eine foten hekta seg fast og han vart dratt med då bulldosaren for utfor vegen. (Fortalt av Torfinn Endestad som var augevitne til ulukka.)

Vegen fortsette nedanfor riksvegen mot Sagelva. Den gjekk gjennom garasjen til gnr.61 bnr19 heilt opp under riksvegen, vidare på baksida av bustadhuset opp Løbakken (96).

Like før restane av brua før Innlogane (99) ligg ei lita kvern (97) på nedsida av vegen, det er lite arbeid som skal til for å restaurere denne slik at den kan bli bevart for ettertida.

Rett utanfor Kvenna er eit vegdele der ein gardsveg går nedover mot bøen nede i flata under fossen. Her kan ein sjå murrestane (98) etter eit bygg, sannsynleg ei sag, men det har ikkje stått noko bygg der i manns minne.

I fleire skriv kan ein lese om utbetring av brua over Sagelva heilt tilbake til 1871. Etter brua bar det opp til Innlogane og Kviebakken (100) nedanfor Kviene. Deretter opp Kvernhusbakken (101) langs sørsida av Sagelva. I Sæterlia (102) blei denne bakken også kalla Sæterlibakken. Nesten oppe i Sæterlia finn ein igjen restane etter ei gammal bru som førde over Sagelva mot gardane i Sæterlia.

Andre gardar: Sætane (92), Langedalsøyra (93)

Sæterlid – Svarthumle

525-setelia-svarthumle

Det var veg vidare oppover mot Svarthumla og Ramsdalen frå gammal tid, men standarden kan ikkje ha vore høg. I 1870 fastslår heradet at vegen ikkje er forsvarleg opparbeidd. Heradet gir støtte til opparbeiding av ny veg i 1870, og i 1873 tok heradet over vegen frå Sæterlia(103) til Litjevassbakken(115).

I 1874 ba amtsingeniøren om at det blir oppnemnt to mann til synfaring og overtaking av den nye vegen i Eikefjordsdalen. Ein kan difor rekne med at det var offentleg veg frå Sæterlia (103) og vidare oppover til Ramsdalen frå den tid.

Vegen i Sæterlia gjekk langs elva delvis under den nye vegen opp til ei ny bru over Sagelva, litt sør for dagens bru og Hogen (103). Deretter langs dagens trasè opp til Åsaberget (113) og vidare inn mot Litjevatnet (114). Omtrent midt på Litjevatnet gjekk han opp Litjevassbakken (115) og fortsette over Bratteberget (116) inn mot Svarthumlevatnet (119) like nedanfor dagens riksveg.

Frå Litjevatnet inn til Svarthumlevatnet er vegen stort sett vekke. Fyllinga for nyvegen går nedover der Litjevassbakken var, og skjeringa på toppen har tatt vekk vegen.

Litjevassbakken var bratt og vanskeleg. Historia seier at ein kar sleit kjeden på sykkelen på toppen av bakken og miste dermed bremsene. I botnen av bakken klarde han ikkje svingen og hamna på vatnet.

Grusen på vegbiten frå Bratteberget til Svarthumlevatnet vart skrapa av og brukt om igjen, og skogen har overteke vegtrasèen. Ein kan så vidt skimte vegkantane.

Vegen gjekk langs vatnet forbi Urabukta (117), opp på oversida av vegen i Ospeseta (118) og ned att på marka ovanfor Svarthumlevatnet. Vegen kryssa riksvegen omtrent i dagens kryss nedanfor Yste Utigarden (120).

Andre gardar: Hesjedalen (111), Åsen (112).

Svarthumle

525-svarthumle

Etter krysset ved Yste Utigarden (120) ser ein igjen vegen nedanfor gamle riksveg 5. Han kryssar vegen og går opp mot løa i Utigarden (131) før han kjem ned igjen og fortset omtrent i dagens trase mot brua over til Nordtunet (132) og Sørtunet (133). Ved Nordbøen (134) ser ein igjen vegen nedanfor gamlevegen. Han fortsette innover rett ovanfor Løa (135) og Leitet (136).

Her finn ein krysset til vegen (137) opp til ein liten plass som heitte Øyna og vidare opp til Under Kleiva og Oppå Kleiva eller Humlestøl som vi kallar det no.

Vegen fortsette over skuleplassen (138). Deretter gjennom tunet i nye Reinene (139), inn over Stølselva (140) og inn på Øyane (141) og så vidare inn mot Ramsdalselva (142).

Vegstykket frå Litjevatnet til Skuleplassen i Svarthumle var det siste stykket av den gamle bygdevegen som var i bruk. I 1949 blei nyvegen teken i bruk på dette stykket.

Husa i Reinene er flytta ned på flata nedanfor der husa var tidlegare. Under bygginga av nyvegen over Heia stod det ein brakkerigg der fjøset er sett opp i dag.

Frå Stølselva og innover Øyane, er vegen vekke. Under bygging av Naustdalstunellen stod det ein brakkerigg her, og under oppryddinga etter denne riggen, vart vegen teken bort. Vegen gjekk langs telefonstolpane som endå står, men der vegbana var, er det tilvokse med skog.

Svarthumle-Ramsdal

525-svarthumle-ramsdal

Frå Øyane (141) gjekk vegen vidare over Ramsdalselva (142). Deretter bar det opp Dalebakkane (151) på sørsida av elva og opp på Leite (153)

På Leite tok dei i eldre tider ut torv som dei tørka i torvhus og brukte til brensel. Oppe i dalen var det lite skog så det var nødvendig å spe på med torv.

I Ramsdalselva er det ein plass som heiter Gjelet (152). Dette var og er ein stygg plass langs elva ein helst ikkje skulle komme for nær.

Vegen gjekk deretter forbi Tuene (154) og inn til husa i Slåttene (155). På Tuene stod det ein større brakkerigg som var brukt under bygging av den gamle riksveg 5 over Heia.

Ei av kjeldene skriv at det var veg frå Slåttene og ned dalen i ca 1900. Lokalkjende seier at også vegen vidare oppover var bygd i tidlegare tider og sidan hovudbruket var Nedi Tunet, gjekk nok vegen opp i øvste Ramsdalen også i eldre tider.

Etter Slåttene bar det opp Teigabakken (156) og opp i Kråna (157). Vidare inn i Skitnekleiva (158) før ein var framme i Nedi Tunet (159). Derfrå gjekk vegen vidare til Oppi Tunet (160) og fortsette inn til Under Berget (161).

Dette var vegs ende for vegen opp Eikefjordsdalen og Svarthumledalen. Ville ein vidare, måtte ein bruke ridevegar. Det var to ridevegar til bygdevegen i Naustdal. Den eine ridevegen fortsette inn gjennom dalen i Ramsdal opp Brekka, over Furehogsheia og ned til Furehogsstøylen eller Instebøstøylen. Frå stølane brukte ein stølsvegen ned til bygdevegen i Naustdal. Den andre gjekk over Ramsdalsheia og ned til Åmot i Naustdal.

Før krigen var det vanleg å sykle opp i Ramsdalen og bere sykkelen over Furuhogsheia og ned til bygdevegen i Naustdal. Her kunne dei så sykle vidare til Førde, ein tur som ein gjorde unna på ein dag.

Kjelder:

Norges land og folk. Nordre Bergenhus Amt. 1901

Fylkesarkivet, Møtebøker Kinn Herad, Eikefjord Herad.

Bygdebok Naustdal

Den Norske Turistforeining Årbok ca 1910-15, Ingeniør Birger Huun.

Soga om Flora fram til 1801, Albert Abrahamson Joleik

Takk til føljande for hjelp med namn langs vegen Eikefjord-Ramsdal:

Oline Endestad, Albert Hamn, Arne Havn, Atle Hopen, Alf Indrebø, Alf Knapstad, Magnus Knapstad, Sverre Knapstad, Oddmund Humlestøl, Bjarne S. Langedal, Audun Ramsdal, Dagmund Ramsdal, Maria Ramsdal, Gunnvald Stegane, Reidar Øren, og til Brynjar Svardal for rettleiing og hjelp.

Namn langs vegen

Nr

Namn

Lokal uttale

1

Foreininga

 

4

Skulen

 

5

Hogen

Håjen

6

Bergheim

 

7

Yste Dalen

 

8

Hardbakkelva

 

9

Jacobiabakken

Jacobjabakkjen

10

Dalaelva

 

11

Inste Dalen

 

13

Indrebøen

 

14

Storebakken

Storebakkjen

15

Kvia

 

16

Dale-le

 

17

Krokabakken

Krokabakkjen

18

Fleelva

 

19

Stridshammaren

 

20

Flebakkane

 

21

Åsbruna

 

22

Rimmen

 

23

Tunet

 

24

Brendehogen

Brendehåjen

25

Leitebakken

Leitebakkjen

26

Leite

 

30

Hogen

Håjen

31

Vellene

 

32

Kviehogen

Kviehåjen

33

Hola

Håla

34

Garden

 

35

Styggeversvollen

Styggeveirsvollen

36

Åkresundet

 

37

Einehogen

Einehojen

38

Bøen

 

39

Laugarhølen

 

40

Dikemyra

 

41

Høgåselva

 

42

Gamle Øyravegen

 

43

Dale-le

 

44

Kveiteløken

Kveiteløkjen

45

Trongedalen

 

46

Dyttinga

 

47

Spontunet

 

48

Skogheim

 

51

Bakkane

 

52

Gamle Åsavegen

 

53

Brekka

 

54

Grushola

Grushåla

56

Åsen

 

57

Nydalen

 

58

Eikevollstjørna

Eikevollstjenna

59

Sagvegen

 

60

Olavollen

 

61

Litjebrua

Likkjebru(n)a

62

Hammarsenden

 

63

Paddesteinen

 

64

Eikevollen

Eikjevollen

65

Storelvbrua

Storelvbru(n)a

71

Bruabakkane

 

72

Hagen

 

73

Dalheim

 

74

Sørdal

 

75

Legda

 

76

Leirvik

 

77

Simalikroken

Simalikrokjen

78

Simalia

 

79

Storsteinsbakken

Storsteinsbakkjen

80

Kleivane

 

81

Kleivabakkane

 

82

Løken

Løkjen

84

Slåttene

 

91

Graupa

 

92

Sætane

 

93

Langedalsøyra

 

94

Garden

 

95

Med Løa

 

96

Løbakken

Løbakkjen

99

Innlogane

 

100

Kviebakken

Kviebakkjen

101

Kvernhusbakken

Kvennhusbakkjen

102

Sæterlia

Sætelia

103

Hogen

Håjin

111

Hesjedalen

 

112

Åsen

 

113

Åsaberget

 

114

Litjevatnet

 

115

Litjevassbakken

Litjevassbakkjen

116

Bratteberget

 

117

Urabukta

 

118

Ospeseta

 

119

Svarthumlevatnet

 

120

Yste Utigarden

 

131

Utigarden

 

132

Nordtunet

 

133

Sørtunet

Søtunet

134

Nordbøen

 

135

Løa

 

136

Leitet

 

139

Reinene

 

140

Stølselva

 

141

Øyane

 

142

Ramsdalselva

 

151

Dalebakkane

Dalebakkane

152

Gjelet

 

153

Leite

 

154

Tuene

 

155

Slåttene

 

156

Teigabakken

Tejabakkjen

157

Kråna

 

158

Skitnekleiva

 

159

Nedi Tunet

 

160

Oppi Tunet

 

161

Under Berget

Onde Berje

For å få riktig uttale på navna må kjenne dialekta lokalt. Sammme navn oppe i dalen og i sentrum kan ha ulik uttale. Det er ikkje gjort forsøk på å bruke lydskrift.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd