Omgangskulen
7 mars 1882 blei det vedtatt endring i reguleringa av skulehold i blant anna Tonheim krets:

Lars Leversund 4 dage, Løken Grov 11, Myklebust Grov 9, Korneliussen N Hatleseth 5, Jørgen M Hatleseth 10, Simon H Tonheim 6, ernt H Tonheim 8, Ole M L Tonheim 5, Simon H Tonheim 8, Knuth O Tonheim 5, Kornelius P Tonheim 6, Anders B Tonheim 4, Søren P Grønevik 2, Henrik H Grønevik 1.

I 1896 søker oppsittarane i Tonheim skulekrets om deling av skulekretsen, men heradstyret ville ikkje dele Tonheim skulekrets og avslo søknaden 7 juli 1896.

I februar 1927 fekk Eikefjord skulestyre vite at Grov krins i Bru ville flytte skulen til Fjellvika. Skulestyret vedtok at om skulen blei flytta til Fjellvika vil samarbeidet om skulen ikkje verte vidareført. 5. november 1927 mottok Eikefjord skulestyre skriv frå Bru skulestyre og Grov skulekrins om at skulestaden blei på Hatleseth. Eikefjord skulestyre godtok dette.


Skulehus

26 august 1934 behandla skulestyret krav frå alle oppsitjarane på Tonheim om bygging av skule. Skulestyret sendte saka vidare til heradstyret med bøn om at den blei tatt opp då det såg ut til at skulen ville bli huslaus på Tonheim.

Fredag 1. februar 1935 sende Tonheim skulekrets søknad til Eikefjord skulestyre om å få sette opp skulehus på Tonheim. Heradsstyret vedtok å ta med kr 1000 på budsjettet i 1935 til skulehus på Tonheim.

Tonheim skule

11 november same året vart det diskutert kvar ein skulle bygge skulehus. Det var to forslag, Timbreneset som fekk tre røyster og «innan for garden» som fekk seks røyster.

23 mai 1936 la nemnda som skulle sjå på tomt til Tonheim skule fram resultatet. Dei hadde sett på tre stadar, aust for Tonheim i utmarka, på Timbreneset og på innmarka til Kr. Tonheim og Salmon Tonheim. Nemnda tilrådde samrøystes det siste alternativet. Skulestyret sende saka til uttale i krinsen.

Summen – kr 1500 som grunneigaren, kravde for sin part av tomta – omlag 2/3 – var etter skulestyret si meining langt over den rimelege verdien av stykket og meinte at det måtte takast etter takst. Skulestyret oppmoda derfor det vyrde heradsstyret om å taka saka opp til løysing snarast råd og få henne fremja så snart det let seg gjera. Taksten burde takast over heile den oppmålte tomta.
Det kom fram 2 framlegg under behandlinga i heradsstyret. Oreigning av skulehustomt på Tonheim på Sjøaflata og at det skulle byggjast skulehus på Tonheim same år fekk 4 røyster. Eit anna framlegg om utsetjing av saka fekk 7 røyster. 22 mai 1937 hadde skulestyret igjen opp sak om skule på Tonheim. Salmon Tonheim ville selje tuft til skulehuset for ein pris av kr 300 pr. mål.

Oppsitjarane på Tonheim hadde på krinsmøte 13. februar 1937 bunde kvar «husstand» til å ta 6 arbeidsdagar til opparbeiding av husgrunnen.

I samanheng med saka om skulehustomt på Tonheim vart det lese eit protestskriv av 29. mars 1937 frå oppsitjarane på Hatleset – Rasmus og Olav Hatleset – mot at skulehuset vert bygt på Sjøaflata.

Under gjennomgang av skulerekneskapen for 1937-38 den 25 januar 1939 blei ikkje rekneskapen godkjent i heradsstyret.

Det vart framsett to framlegg:
Saka vert utsett, rekneskapen vert sendt attende til skulestyret med spørsmål om kvifor skulestyret sette i gang bygging av skulehus utan å søkje løyve hjå heradsstyret. Dette framlegget fekk 6 røyster.
Rekneskapen vert godkjent. Dette framlegget fekk 5 røyster.

I lag med heradskasseraren kom skulestyret med eit framlegg korleis ein skulle reise pengar til å fullføre Tonheim skule. Etter oppmoding av formann i Eikefjord skulestyre, vedtok heradsstyret seinare i 1939 denne planen og gav løyve til å låne inntil kr 1650,- til å fullføre Tonheim skulehus. Lånet skulle betalast tilbake når ein fekk fylkestilskotet. Skulestyret fekk fullmakt å fullføre arbeidet.

14 oktober hadde skulestyret oppe saka om Tonheim skule. Dei har fått tilvist kr 6 513,86 medan skulen ville koste i alt 8.953,86. Frå heradet var løyvt kr 3000.-.


Tilbod frå Anskar Hovland på skulen og Henrik Nordal på uteområdet vart valt for siste rest av arbeidet.

11 mars 1940 melde skulestyret at skøyte og skylddeling på tufta til Tonheim var komne attende i tinglyst stand.

10/11 30 vart ein elev sett igjen på skulen for å lese på leksene. Faren kom og henta eleven på ein grov og brutal måte etter rapport frå læraren. Skulestyret vedtok at slik framferd ikkje måtte skje igjen, då den var helt ulovleg og nedbrytande for skulen. Skulestyret slo også fast at læraren hadde rett til å setje igjen barn når det var nødvendig.

Ove Tonheim gjekk på skulen på Tonheim – vi var snille elevar og det var stort sett roleg i skulestova. I friminutta var det ofte fotball på skuleplanet nedanfor skulehuset. Dei Dirka også og det vart ein god del turning i ringane som var hengt opp i tilbygget på vedhuset.

I 1960 reiste elevar frå Barlindbotn til skulen på Tonheim. Her gjekk dei til elevane blei flytta til sentralskulen i 1962.

Tonheim elevar

Folke- og Framhaldskulen på Tonheim. Bilde utlånt av Ove Tonheim

 Tonheim elevar nr
  1. Audun Eikefjord
  2. Arne Havn
  3. Idar Stegane
  4. Andreas (Per) Aarseth
  5. Ove Tonheim
  6. Oddvar Tonheim
  7. Helljar Hovland
  8. Kåre Tonheim
 
  1. Jenny Hatleseth Endestad,
  2. Magni Åmot
  3. Haldis Endestad Eikefjord
  4. Anrun Hovland
  5. Audhild Osa Leversund
  6. Alvhild Høyseth Leversund
  7. Alvdis Holsen
  8. Kjellaug Svarthumle Bruland
  9. Judith Tonheim Refsnes

Tonheim sanitet

Tonheim Sanitetslag overtok skulehuset etter at skulen var nedlagt.

Frå venstre:

Borgny Tonheim
Lovisa Holsen
Sofie Tonheim
Nele Hatleseth
Inga Hatleseth
Hanna Hovland
Sigfrid Hammerseth Tonheim

I bakgrunnen er uthuset med utedo, vedahus og overbygget der turnringane hang.

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd