Riksvegen på strekninga Naustdal-Vevring-Stavang-Eikefjord kom til stykkevis og delt, og ikkje utan diskusjonar. Mellom Stavang og Vevring kom det veg i 1968. To år seinare var vegen ferdig til Naustdal. Men framleis var fleire grender veglause. Først i 1982 vart bygdene i Høydalsfjorden knytte saman med vegnettet.

Førde-Florø

I 1923 vart jernbaneplanen for Sogn og Fjordane skrinlagd, og som vederlag (kompensasjon) for planen, fekk fylket i 1936 midlar til ein del vegar som var planlagd bygde seinare. Diskusjonane om kvar desse midlane skulle gå, gjekk høgt. Strekninga Førde-Florø var med i debatten, og kvar vegen skulle byggjast, langs Førdefjorden om Vevring-Svardal-Vasset eller over Ramsdalsheia.

To parallelle vegliner

Knud Knudsen, vegsjef i perioden 1924-1936, var kjend som ein mann med klåre standpunkt i vegsaker. Han hevda at dei to linene mellom Førde-Florø, "Vevringalternativet" og "Ramsdalsalternativet", stod likt med omsyn til det byggjetekniske, men han framheva "Vevringalternativet" av di strekninga var kortare, hadde mindre snøvanskar og var ein del av ei "Ytre Vestlandsline". Han gjekk likevel inn for å fremja begge linene. Han meinte at "Vevringlina" (også kalla "Fjordlina") burde koma med på kompensasjonsplanen og "Ramsdalslina" burde få midlar over det ordinære vegbudsjettet.

Vevring vart forkasta

Fylkestinget var samd i Knudsen sin plan, men var samstundes redd for at den ville fordyra kompensasjonsplanen og forseinka dei andre føreslegne anlegga. Det var med andre ord ein føresetnad at "Vevringlina" ikkje måtte koma i vegen for dei andre veganlegga på kompensasjonsplanen. Både vegvesenet og fylkesvegnemda gjekk inn for "Vevringlina", mellom anna av di den ville gi vegutløysing til langt fleire grender. Flora kommune derimot var mot "krokvegen" om Vevring. Dei hevda at det ville ta for lang tid for bilane som gjekk med fersk fiskelast sørover. "Vevringlina" vart forkasta, og det skulle gå lang tid før vegen på nordsida av Førdefjorden vart bygd.

Vevring-Stavang

På eit kommunestyremøte i Vevring rundt 1900 hevda ein representant at det aldri kunne bli snakk om å byggja veg nokon stad i Vevring kommune. Men tidene endra seg. På 1930-talet var det prosjektert vegsamband mellom kommunane Bru-Vevring og Naustdal. Mot slutten av 1930-talet byrja dei med bygdevegen mellom Vevring og Horne, som skulle gå inn i den framtidige "Ytre Kyststamvegen" Gryta-Vevring-Stavang med ferje til Florø. I 1956 var vegen ferdig mellom Naustdal og Helle.

Stavang-Lending

I 1963 vart Kinn, Bru, Eikefjord og Florø slegne saman til Flora kommune. Korkje Stavang eller bygdene i Høydalsfjorden, Ausevika og Høydalsbygdene hadde veg til kommunesenteret Florø. I 1968 vedtok fylkesutvalet, i samsvar med vegsjefen si tilråding, å byggja veg mellom Stavang og Lending. Det ville gje vegutløysing for fleire bygdelag langs sørsida av Høydalsfjorden og Stavang landverts samband til Florø.

Anleggstart

Samferdselsdepartementet gjekk inn for at veganlegget Stavang-Lending kom med i programmet for kommunereguleringsvegar, og at staten dekka 50 % av kostnadene. Kostnaden vart nær 30 mill. kroner. Vegarbeidet byrja 18. september 1972 frå Lending. Veglengda var 14,8 km og vegen skulle vera 4,5 m brei. I 1978 byrja anleggsarbeidet frå Stavang, og i 1982 vart vegen opna for trafikk. Først då kunne ein køyra heile "Vevringlina" - frå Naustdal til Eikefjord.

Osstrupen bru

OsstrupenbruMed i prosjektet var Osstrupen kassebru på 260 m. Den vart bygd etter fritt-fram-prinsippet, ein metode som var svært vanleg på 1970-talet og utover. Hadde Osstrupen bru vore bygd tidlegare, ville ho truleg ha vorte bygd som hengjebru. Fritt-fram-metoden var no meir vanleg, grunna rimelegare stålprisar. Grensa for spennbetongkonstruksjonar hadde og flytta seg mot større spennvidder. Brua stod ferdig 15. februar 1976, og kosta 7,4 mill. kroner. Litt spesielt var det at brua stod ferdig lenge før sambandet opna.

Målingar frå seinsommaren 2009 slår fast at Osstrupen bru sig. Totalt har brua sige mellom 25 og 27 cm på midten. Vegkontoret opplyser at det ikkje er farleg å ferdast på brua, men det kan vere ubehagleg å køyre over med store bilar.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd