Historia om elektrifiseringa i Eikefjord strekkjer seg frå store draumar og mislukka planar i Ålfoten til ei målretta utbygging etter krigen. Eikefjord Kraftlag, skipa i 1946, bygde ut eit omfattande nett med transformatorar og høgspentliner, og gav straum til det meste av heradet i løpet av 1950-åra.
Arbeidet var kostbart og tidvis dramatisk, men det la grunnlaget for den moderne utviklinga av bygda. Med samanslåinga i 1966 vart Eikefjord Kraftlag ein del av den større organisasjonen Ytre Fjordane Kraftlag – og ei viktig epoke i lokalhistoria var avslutta.
Ålfotenselskapet – ei historie om store planar og hard landing
I 1918 bestemte Sogn og Fjordane fylke seg for å satse stort: dei ville byggje kraftverk i Ålfoten. Prosjektet vart sikra med garantiar på 25 millionar kroner frå fylket og 13 kommunar. Kinn herad gjekk inn med ein eigardel på 8 prosent, for å sikre straum til eigne innbyggjarar.
Då Kinn seinare vart delt, fekk Eikefjord herad i 1923 tildelt 1,5 prosent i selskapet.
Men Ålfoten-prosjektet vart aldri den suksessen mange hadde håpa på. Tvert imot enda det som ein fiasko (sjå meir på Wikipedia: Ytre Fjordane Kraftlag).
I heradsstyremøtet 20. januar 1927 vedtok Eikefjord herad å ikkje ta imot dei 20 kW elektrisitet som heradet var tildelt og gjort ansvarleg for. Då kraftlinjene vart planlagde, skulle dei gå gjennom Eikefjord, men vart i staden bygde som luftspenn over fjorden ved Grov. Barlindbotn søkte om straum, men fekk avslag fordi det ikkje vart rekna som økonomisk forsvarleg å setje opp transformator der.
Eikefjord og straumen som aldri kom
I januar 1927 vedtok Eikefjord herad å seie nei til dei 20 kW straum som heradet var gjort ansvarleg for. Planen hadde vore at hovudlinja skulle gå gjennom bygda, men i staden vart ho lagd som luftspenn over fjorden ved Grov. Dermed sat Eikefjordingane utan tilgang til straum, sjølv om dei var med og betalte.
Eit døme er Barlindbotn: dei søkte om straum, men fekk avslag. Kostnaden med å setje opp transformator der vart rekna som for høg.
I februar 1928 sa heradsstyret nei til vidare deltaking i Ålfotenselskapet, men kravde å få sin rettvise del av verdiane når selskapet vart omorganisert.
Eit økonomisk oppgjer som svei
I 1930 kom formannskapet med ei skarp fråsegn. Dei minna om at Eikefjord alt før 1914 hadde vurdert å byggje eige kraftverk – noko som ville ha vore både rimeleg og praktisk. Men då Ålfotenselskapet lova straum gjennom bygda, valde dei å satse på det. Sidan hovudlinja aldri kom til Eikefjord, meinte dei det var urimeleg å påleggje bygda gjeld for straum som aldri vart teken i bruk.
Situasjonen toppa seg i 1936. Gjeldspresset gjorde at heradsstyret måtte ta stilling til gjeldssanering. Resultatet vart at kreditorane berre fekk dekt 30 prosent av krava sine, utan renter. Dei som venta med oppgjer ville få 100 prosent, når kommunen makta det.
Frå Ålfoten til Ytre Fjordane Kraftlag
Same år, i mai 1936, vart Ytre Fjordane Kraftlag stifta i Bergen. Laget tok over både eigedelar og gjeld frå det gamle Ålfotenselskapet. Flora, Kinn og Bru gjekk inn i det nye laget, medan Eikefjord heldt seg utanfor – sterkt prega av erfaringane frå Ålfoten-tida.
YFK sette i gang kraftutbygging, og nabokommunane fekk straum alt før krigen. Eikefjordingane måtte vente til 1953.
Utbygging i Eikefjord
Nye initiativ etter krigen
Etter krigen kom spørsmålet om elektrifisering av Eikefjord for alvor på dagsorden. Det var Ludvig Langedal som tok initiativet til å kalle saman til møte, med mål om å få starta arbeidet med å byggje ut elektrisk kraft i bygda.
På møtet blei det sett ned ei nemnd som skulle arbeide med strømspørsmålet.
Lutlaget Eikefjord Kraftlag
I februar 1946 vart den konstituerande generalforsamlinga i L/L Eikefjord Kraftlag halden. Heile 169 personar og verksemder hadde teikna seg som luteigarar, med til saman 535 lutar a kr 100,-. Lutane vart betalte anten i pengar, arbeidsinnsats eller stolpar til dei nye leidningane.
Eikefjord Kraftlag – organisering og mål
L/L Eikefjord Kraftlag vart skipa som eit allmennyttig lutlag, med føremål å skaffe elektrisk kraft til folk og verksemder i Eikefjord herad. Kapitalen var sett til 53 500 kroner, fordelt på lutar à 100 kroner. Dersom ein lut skulle skifte eigar, måtte dette godkjennast av styret.
Foretningskontoret skulle liggje i Eikefjord, og den første formannen i laget vart Ludvig Langedal.
Ein av dei første luteigarane
Blant dei som melde seg som eigarar, var Jacob Osa. Han teikna seg for fire lutar – tre betalte han kontant, medan den fjerde skulle gjerast opp gjennom arbeidsinnsats. Nokre år seinare, i 1954, gjekk han inn med ytterlegare 100 kroner. Kvittering fekk han av rekneskapsførar Øystein Aalen.
Dei første stega mot straumen
Den 3. oktober 1945 vedtok Eikefjord heradsstyre å setje av 15 000 kroner på budsjettet til elektrifisering av bygda.
I 1946 fekk Eikefjord Kraftlag eit kostnadsoverslag for kva det ville krevje å skaffe straum til bygda. Summen synte seg å vere høg, og styret vedtok å kalle inn til eit ekstraordinært årsmøte for å hente inn meir kapital frå luteigarane.
Planar og samarbeid
I Firdaposten 11. juli 1950 vart det meldt at det var planlagt ei høgspentline frå Grov, gjennom Eikefjord og vidare til Hyen. Planane var framleis aktuelle året etter. Då hadde Eikefjord meldt seg inn som medeigar i Firdakraft og skote inn 65 000 kroner. Kort tid etter vart heradet oppmoda om å bidra med ytterlegare 21 000 kroner, fordi dei opphavlege kalkylane ikkje strekte til.
På styremøte 24. november 1950 drøfta Eikefjord Kraftlag om dei skulle inngå kontrakt med entreprenørfirmaet Betongmast om bygging av avgreiningar på høgspentlina Grov–Hyen. Styret ville først prøve å finne eit billegare alternativ, men på eit seinare møte vart kontrakten likevel godkjend – under føresetnad av at finansieringa kom på plass.
Bygda ventar på straumen
I juli 1951 uttalte formann og nøkkelperson i laget, Hjalmar Joleik, til Firdaposten at ein venta elektrisk kraft til Eikefjord i løpet av 1953. Allereie var det kjøpt inn 14 transformatorar som skulle leverast i 1952.
Budsjettet for utbygginga låg på 265 000 kroner, fordelt på 55 000 i aksjekapital, 15 000 i løyving frå heradet, 20 000 i gratisarbeid frå bygdefolket og 175 000 i lån.
Straumspørsmålet i heradsstyret
På heradsstyremøte 9. mars 1953 vart det vedteke å tinge 500 kW straum frå Øksnelvane. Eit mindretal meinte 300 kW var nok. Saka vart teken opp igjen på møtet i april same året, og då enda vedtaket på 300 kW – etter at ordføraren måtte bruke dobbelrøysta si for å avgjere saka.
Byggesteg I – straumen kjem til bygda
Det første byggesteget i lågspentnettet vart lagt på nordsida av Eikefjorden og vidare opp dalen til Løkkebø. Planen var å setje opp transformatorar på Hatleset, Tonheim, Kvalvik, Hovland, Eikefjord, Storevik, Sunnarvik, Knapstad, Storebru, Endestad, Eikevik, Løkkebø, Barlindbotn og Vasset. Alle transformatorane hadde ei kapasitet på 20 kVA.
Den samla kostnaden vart i 1951 rekna til 265 000 kroner – 110 000 for høgspentnettet og 155 000 for lågspentnettet med transformatorar.
Hovland og Eikefjord var dei første som fekk straum, og det skjedde til julehøgtida i 1953.
I eit skriv frå Arnbrand Joleik vart det opplyst at Barlindbotn ikkje var bygd ut på dette tidspunktet, medan Branden var ferdig.
For å finansiere byggesteg I tok Eikefjord Kraftlag opp lån på 175 000 kroner.
Her er eit typisk kart for utbygging av 220 volt linje. Vi ser 20 kV kjem inn til trafo og fordeling derfrå til dei forskjellige brukarane.
Utbygging og utfordringar midt på 1950-talet
Høgspentlina var i starten ikkje utan problem, særleg ved Krokstadvatnet. Det førte til mange straumbrot dei første åra. Reidar Høyset har fortalt om ein gong han var med og reparerte lina i påska, då tung nysnø hadde fått ein kabel til å falle. På Løkkebøvatnet låg isen, men dei visste ikkje om han ville bere. Driftsstyrar Alf Kvittingen meinte det skulle gå bra, og køyrde utpå. Dei fekk reparert lina og kom seg trygt tilbake. Men på vegen møtte dei ein kar frå Løkkebøen som utbraut:
«Dokke er galne, hadde eg sett dokke, hadde dokke aldri fått køyrt ned på isen!»
På årsmøtet 8. mai 1954 vart det vedteke å byggje ei avgreining til Brekka og Kalsvikane. For Kalsvikane fekk styret fullmakt til å fastsetje vilkåra, sidan dei ikkje var luteigarar.
Same år kom ei stortingsmelding om elektrifisering i landet, der Sogn og Fjordane vart peikt ut som det fylket som låg dårlegast an i Sør-Noreg. Av kommunane låg Jostedal nederst, og like etter følgde Eikefjord – der berre 11,4 prosent av folket hadde straum.
På årsmøtet i mai 1954 vart Lars Kalsvik og Egil Sæterlid valde inn i styret, nettopp fordi kretsane deira enno ikkje hadde fått straum.
Hausten 1954 bestilte Eikefjord herad 100 kW frå Øksnelvane II med betalingsplikt. Heradet ville ikkje binde seg for meir, då dei verken hadde full oversikt over behovet eller eit ferdig utbygd linjenett.
Nye bygder får straum
I Firda Folkeblad 25. november 1954 stod ei oversikt over korleis elektrifiseringa gjekk framover i Eikefjord. Område som Langedal, Svarthumle og Ramsdal stod framleis utan straum, men skulle etter planen få tilkopling til jul. Barlindbotn var heller ikkje utbygd enno, og enkelte hushald vurderte å vente fordi dei meinte kostnaden var for høg.
I april 1956 gav formannen i Eikefjord Kraftlag, Hjalmar Joleik, eit intervju til Firdaposten. Han kunne då fortelje at laget hadde bygd ut 22 transformatorkretsar frå Hatleset til Branda på Løkkebø, samt til Ramsdal og Lendinga i Barlindbotn. Til saman var det reist 16 431 meter med høgspentline. Kraftlaget hadde no 191 abonnentar og 7 skulehus tilkopla straum.
Det som stod att var gardane Kalsvik, Kjørslevik, Agledal, Humlestøl og Rimmasida på sørsida av fjorden.
Ei kostbar utbygging
Utbygginga hadde til då kosta 648 711 kroner. Dette vart finansiert med fleire lån, 172 000 i statstilskot, 110 000 i kommunal støtte, 53 500 i aksjekapital og 5 700 i tilknytingsavgift frå nokre som ikkje var aksjeeigarar. Likevel ville laget trenge meir støtte og nye lånegarantiar frå heradet for å halde fram.
Dei siste gardane
I mars 1965 var det berre gardane i Agledal som stod utan straum. Dermed var den lange prosessen med elektrifisering av Eikefjord nesten fullført.
Linjene mot Ramsdal og Naustdal
På årsmøtet 3. januar 1952 fekk styret i Eikefjord Kraftlag fullmakt til å skrive kontrakt med L. O. Kjelsnes om bygging av høgspentlina frå Storebru til Ramsdal. Samstundes vart det vedteke å byggje ei ny avgreining på Hovland.
Same året fekk laget statsstøtte til bygging av høgspentline frå Storebru og over fjellet mot Naustdal. Denne lina skulle forsyne både øvre Naustedalen og øvre Åsedalen med straum.
I november 1954 annonserte Eikefjord Kraftlag at dei ville setje straum på lina Endestad–Ramsdal. Dei som ikkje hadde betalt tilkoplingsavgifta, vart åtvara om at dei ville bli kopla frå før straumen vart sett på.
Barlindbotn
Barlindbotn får straum
Den 29. april 1955 løyvde Eikefjord herad 25 000 kroner til linjebygging i Barlindbotn. Allereie i mai vart arbeidet sett i gang.
Søndag 30. oktober 1955, klokka to, vart straumen slått på i Barlindbotn. Om kvelden vart hendinga feira med fest, der både ordføraren og kraftlagsformannen deltok saman med rundt 50 gjestar. Det vart halde korte talar, maten og drikka var rikeleg, og festen varte heilt til morgonen.
Påkoplinga gjekk likevel ikkje heilt utan dramatikk. Nokre meter høgspentline stod att å kople til lina frå Skorva, kraftastasjone innanfor Flokenes som forsynte Grov. Driftsstyrar Arnbrand Joleik ringde til Skorva og fekk melding om at lina var utkopla. Reidar Høyset klatra opp og gjorde alt etter boka – han førte den isolerte jordkabelen mot lina. Då det var 20–30 centimeter att, slo gnistane plutseleg over. Det var berre å kome seg ned att.
Ny telefon til Skorva vart ringd, og denne gongen fekk dei forsikring om at lina verkeleg var fri for straum. Joleik gjekk sjølv opp og testa før Reidar Høyset kunne kople Barlindbotn til straumnettet. Reidar fekk aldri noka forklaring på kvifor lina første gongen viste seg å vere straumførande.
I Firdaposten i november 1956 kunne ein lese at Eikefjord Kraftlag no var nesten ferdig med kraftlinjene til Kalsvikane. Med denne utbygginga fekk åtte nye abonnentar straum.
Lending - Porsemyr
Måndag 7. september 1959 kunne Firda Folkeblad melde at Eikefjord Kraftlag hadde fått 80 000 kroner i statsstøtte til bygginga av Rimmalinja frå Barlindbotn til Sunnarvik. Den samla kostnaden for anlegget var rekna til 180 000 kroner.
Samanslåing med Ytre Fjordane Kraftlag
Allereie på årsmøtet 3. juni 1952 vart spørsmålet om samanslåing med Ytre Fjordane Kraftlag (YFK) reist. Mange tok ordet i saka, men fleirtalet meinte at tida enno ikkje var inne for eit slikt vedtak.
Utviklinga endra seg då Eikefjord herad vart innlemma i Flora kommune frå 1. januar 1964. For Eikefjord Kraftlag vart det no aktuelt å bli ein del av YFK, og mot slutten av året vart det lagt fram ein avtale om oppløysing av laget.
På styremøte 15. desember 1964 orienterte styret om eit skriv frå Elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane, der det vart tilrådd å starte forhandlingar med YFK. Nokre dagar seinare, 18. desember, møttest styra på nytt, denne gongen med YFK-formann Rutledal til stades. Der vart det lagt fram planar for korleis samanslåinga kunne gjennomførast, med mål om å fullføre innan 1. januar 1966. Eit krav var at YFK måtte løyse ut alle luteigarane i Eikefjord Kraftlag.
Den 3. april 1965 vart det halde årsmøte der saka igjen vart drøfta, med både luteigarar, overingeniør Lund frå fylkesforsyninga og driftsstyrar Riste frå YFK til stades. Avstemminga gav fleirtal for samanslåing, men ikkje tilstrekkeleg stort til at vedtaket var gyldig. Det måtte difor haldast nytt årsmøte innan to månader.
På det nye årsmøtet 24. april 1965 vart vedtaket gjort: 126 luter stemte for samanslåing, medan 53 stemte imot.
Frå 1. juni 1965 tok YFK over den forretningsmessige drifta av Eikefjord Kraftlag, og den formelle overtakinga fann stad 1. januar 1966.
Kjelder:
Reidar Høyset. Takk for god hjelp.
Fylkesarkivet Sogn og Fjordane - Arkivet etter Eikefjord Kraftlag.
nb.no - aviser