Kinn var sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane, oppretta som Kinn formannskapsdistrikt i 1837. Kinn var også eit sokn og prestegjeld i Sunnfjord prosti i Bjørgvin bispedømme, og valkrets ved stortingsvala 1906-1918.

3. januar 1861 blei Florø skilt ut frå Kinn som egen kommune.
1. januar 1866 skjedde en ny frådeling då Bremanger ble egen kommune.
1. januar 1923 blei både Bru og Eikefjord skilt ut frå Kinn. (https://www.eikefjordsoga.no/offentleg/eikefjord-herad-blir-oppretta)

Kommunesamanslåing 1/1-1964

Flora kommune

Schei-komitéen, nedsett i 1946, var ein nasjonal komité oppretta for å sjå på og forslå endringar i kommunestrukturen i Norge.
Før kommunesamanslåing var ein realitet var det menge instansar som skulle uttale seg.
Først skulle Schei-komitéen komme med si tilråding. Etter dette skulle kommunane som var implisert, fylkesutvalet, kommunalnemnda og departementet uttale seg. Til slutt var det Stortinget som vedtok endringane.
Schei-komiteen meite at Eikefjord burde fortsette som eigen kommune, men i tillegg få ein del av Bru kommune og Steindal frå Vevring.
Eikefjord kommune var einig med Schei-komitéen om at Eikefjord kommune burde fortsette som eigen kommune. Heradsstyret meinte at Nordalsfjord og Hyen også burde gå inn i denne kommunen. Mykje for å sikre seg vasskraft til industrialisering.
Fleirtalet i fylkesutvalet var einig med Schei- komitéen om at Eikefjord kunne fortsette som eigen kommune.
Det store stridsspørsmålet i distriktet var korleis Florø by skulle utvidast for å få moglegheit til å vekse. Kinn ville ikkje gje frå seg område med mykje folk og dermed store skatteinntekter.
Kommunalminister Andreas Cappelen kom til distriktet for å møte representantar for dei fire kommunane. Han fremja forslaget til mindretalet i Schei-komiteen om å slå saman Eikefjord, Bru, Kinn og Florø til ein storkommune.
Departementet såg problemet med utviding av Florø og konkluderte at det var like greitt å slå saman Florø og Kinn. Bru hadde Florø som naturleg sentrum og kunne bli med i samanslåinga. Eikefjord vart for liten og dermed meinte departementet at også Eikefjord måtte bli med i denne storkommunen.
Kommunalnemnda gjekk også med stort fleirtal inn for å danne storkommunen.
I Stortinget fekk forslaget om at Eikefjord skulle bestå som eigen kommune berre 10 røyster. Dermed var det vedtatt at det vart storkommune der Eikefjord, Bru, Kinn og Florø vart slått saman.
Kommunen fekk bystatus, men namnet var det diskusjon om. Til slutt vart Flora vedtatt som namn på den nye kommunen i bystyret.

Kommentarar til kommunesamanslåinga.
Før debatten om kommunesamanslåing kom i gang hadde Eikefjord kommune ein annan samanslåing på gang. Kommunen vedtok i 1956 å legge ned alle grendaskulane og samle elevane i ein sentralskule i Eikefjord sentrum. Det blei tatt opp lån på 600 000 og skulen til over ein million kroner blei bygd. Framhaldskulen tok i bruk eit klasserom i 61/62 og resten av elevane byrja på sentralskulen i 62/63.
Eikefjord kommune gjekk dermed inn i storkommunen med gjeld og tom kommunekasse.

Eikefjord kommune såg det gjekk mot slutten for tønnefabrikkane i bygda og ville tilretteleggje for ny industri i bygda. Dei hadde i havn avtale om utbygging av næringsareal på Nesjane. Etter kommunesamanslåinga vart denne utbygginga ikkje noko av før Brødrene Aa ville bygge nytt båtbyggjeri på Nesjane seint på 80 talet.

Ser ein Naustdal kommune har det i den kommunen vore fokus på å tilretteleggje for bustadbygging og kommunen har fått mange tilflyttarar. Flora kommune la til rette eit byggefelt i Sørgard og eit bak skulen. Begge felta blei fort fylt opp. Etter dette har bustadbygging i Eikefjord mest stoppa opp.
I 1870 behandla heradet kjøp av Eikefjord kyrkje. Den måtte etter ny lov ha plass til 3/10 av folket i soknet. Dei måtte då ha 300 plasser i kyrkja. Dette seier at det var omtrent 1000 menneskjer i soknet. Dette er omtrent det same innbyggjartalet som vi har i dag innanfor dei same grensene.
Som eigen kommune ville ein nok ha hatt fokus på arbeidsplassar og byggeklare tomtar, spesielt rundt sentrum. Eg vil påstå at ein ville sett ein heilt annan utvikling rundt Eikefjord sentrum som eigen kommune.


Torleif Endestad, som var representant i siste heradsstyre i Eikefjord, fortalte frå eit av dei første fellesmøta for den nye kommunen. Ein av representantane frå Florø by kunne konstatere, nesten gråtkvalt: Nei, no kom det geiter inn i byen.


Kommunesamanslåinga blei godt dekka i avisene, her er nokre utklipp med fokus på Eikefjord.

 

 

 Schei-komitéen19570404 01

Det første tilrådinga frå komiteen rundt kommunestruktur for Eikefjord, Bru, Kinn og Florø var at Eikefjord skulle få deler av Bru kommune + Steindal og bestå som eigen kommune.

 

 

 

 

 

19570404 03 Firda Folkeblad

19570404 02

 

Schei-komitéen gjekk også inn for at Kinn skulle fortsette å være eigen kommune, men få resten av Bru. Florø  skulle være eigen bykommune, men få litt omland frå Kinn så byen kunne vekse.

 

 

 

Firda 4. april 1957

 

19570404 02

På første møte i Eikefjord heradsstyre om kommunesamanslåing blei Schei-komiteen sitt framlegg lese og dei vedtok å kopiere opp forslaget og dele ut til heradsstyremedlemmane så dei kunne sette seg godt inn i saka.

 

 

 

Firda Folkeblad, måndag 13. mai 1957

 19570620 Firda Folkeblad

Eikefjord heradsstyre hadde kommunesamanslåing oppe på nytt heradsstyremøte. Saka blei diskutert og det blei sett ned ein kommisjon som skulle komme med framlegg til vedtak i saka.

På møte blei det påpeika at kommunen framleis ville bli ein svak økonomisk eining, og at Hyen og Norddalsfjord burde vere med i nye Eikefjord kommune.

Det blei også hevda at om det blei samanslåing til gamle Kinn kommune måtte Florø også bli med.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Firda Folkeblad, torsdag 20. juni 1957

 19570704 01 Firda Folkeblad

19570704 03 Firda Folkeblad19570704 02 Firda Folkeblad

 

Det var fleire grunnar til Schei-nemnda tilrådde at Eikefjord burde være eigen kommune.

Dersom Eikefjord vart slått saman med Kinn ville Eikefjord bli ein utkant i kommunen utan å få utnytte dei moglegheitene som låg i dette distriktet.

Komiteen såg også på å legge Hyen til Eikefjord kommune, men fant ut at Gloppen ville være sterkare til å hjelpe denne utkanten.

 

 

 

  

 

 

 

 

Firda Folkeblad, torsdag 4. juli 1957

 

 

 

19570729 Firda Folkeblad

Firda Folkeblad, mandag 29. juli 1957

 

Eikefjord heradsstyre var positiv til Schei-nemnda sitt framlegg, men ville peike på eit vidare alternativ. Dersom Norddalsfjord og Hyen blei med ville ein rå over store kraftkjelder så dei burde bli med i kommunen. Dette ville sikre utbygging av Eikefjord industrielt.

Dei mente også at Nyttingnes burde bli med  og grensa på nordsida av Eikefjorden burde gå der grensa mellom Bru og Kinn gjekk.

Til slutt heldt dei fram at Eikefjord måtte fortsette som eigen kommune same kvar grensene vart regulert mot andre kommunar.

19570826 Firdaposten

 

 

I Kinn kommune såg dei vanskane som kunne oppstå når dei måtte gje frå seg land til utviding av Florø by. Ideen om at det beste kunne være å slå saman Kinn og Florø kom fram frå fleire representantar i Kinn kommunestyre.

 

 

  

 

Firdaposten, mandag 26. august 1957

19590217 Firda

 

Fleirtalet i fylkesutvalet var samd med Schei-komiteen om at Eikefjord burde bestå som eigen kommune.

 

  

Firda 17. februar 1959

19590403 01 Firdaposten

 

Det kom eit nytt framlegg for kommunesamanslåing i distriktet. Framlegget gjekk ut på å slå saman Eikefjord, Bru og Kinn.

 

 

  

 

 

 

Firdaposten, fredag 3. april 1959

19590403 02 Firdaposten

 

 

Ordførar Høyset tykte det var uventa at dette framlegget skulle komme og var granske sikker på korleis dei forskjellige kommunane ville stille seg til forslaget

 

 

 

 

 

 

 Firdaposten, fredag 3. april 1959

19590422 01 Fjordenes Tidende

 

For Eikefjord sin del var fleirtalet i fylkesutvalet einig med Schei-komiteen.

Mindretalet ville ha storkommune, og eit anna mindretal var einig med fleirtalet, men meinte at Hyen burde være med i Eikefjord kommune.

 

 

 

 

 

 

 

 

  

 

Fjordenes Tidende, onsdag 22. april 1959

 

 

19590422 02 Fjordenes Tidende

 

Florø og Kinn hadde problem med å bli einige om grenser for utviding av Florø. Dette medførte at Schei-komiteen ville vite om det var motstand mot å slå saman Eikefjord, Bru og Kinn.

Dei oppmoda også ordførarane i Kinn og Florø å arbeide nærare for ei utviding av Florø. Ved ei større byutviding, ville dei gjere merksam på at Florø ville opphøyra som by.

Komiteen hadde to justerte alternativ i forhold til tidlegare:

  • Eikefjord, Bru og Kinn blir slått saman
  • Stavøya vart lagt til Kinn og Kinn sitt område på Nyttingnes til Eikefjord

 

Fjordenes Tidende, onsdag 22. april 1959

19590430 Firda

 

Firda trudde ikkje det kom til å bli usemje i Eikefjord heradsstyre om kommunesamanslåinga.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Firda, torsdag 30. april 1959

 19590504 Firda Folkeblad

 

Schei-komiteen sitt forslag (Firda, tirsdag 17. februar 1959) om å slå saman Eikefjord, Bru og Kinn var ikkje noko brukande løysing meinte Eikefjord heradsstyre.

Den påtenkte kommunen hadde ikkje eit naturleg sentrum utanom Florø. Heradsstyret gjorde rekne med at Florø ville fortsette som eigen kommune.

Næringsgrunnlaget og samferdsla var for forskjellig i dei to distrikta som lett ville føre til tautrekking og stagnasjon. Dette var ein viktig grunn til at gamle Kinn vart oppløyst.

Heradsstyret viste så til si første fråsegn, men kunne seie seg samd i alternativ 2 i en alternative tilrådinga.

  

 

 

 

Firda Folkeblad, mandag 4. mai 1959

19620702 Firdaposten

 

 

Statsråd Cappelen og sekretær Hals i Kommunaldepartementet, fylkesmann Schei, fylkeskontorsjef Ekber og relpresentantar frå kommunane tok ein synfaring i disktriktet. Seinare blei det møte der formannskapa i dei 4 kommunane også var med.

Statsråden såg ikkje vekk frå ein samanslåing av Eikefjord, Bru og Kinn. Florø kunne og bli med eller bestå som eigen kommune med ei større utviding.

 

 

 

 

 

 

 

 Firdaposten, mandag 2. juli 1962

19620921 01 Firdaposten

19620921 02 Firdaposten

 

 

19. september 1962 var det heradstyremøte i Eikefjord der alternativet til Schei-komiteen vart drøfta.

Konklusjonen var som før at Eikefjord burde bestå som eigen kommune.

 

 

 

Firdaposten, fredag 21. september 1962

19621210 Firda Folkeblad

 

I statsråd fredag 7. desember 1962 blei det sett fram proposisjon til Stortinget om å slå saman Eikefjord, Bru, Kinn og Florø til ein kommune. Det var få invendingar, når ein ser bort frå at Florø ville miste bystatusen.

 

 Firda Folkeblad, mandag 10. desember 1962

19630103 Firda Folkeblad

 

 

Som forventa protesterte Eikefjord heradsstyre mot samanslåing til storkommune. Vedtaket vert gjort samrøystes

 

 

 

 

Firda Folkeblad, torsdag 3. januar 1963

19630104 Firda

 

 

Kommunalnemnda ville sjå på dei forskjellege forslaga til kommuneinndeling.

Eikefjord heradsstyre kunne ikkje sjå nokon fordel for folket i Eikefjord med ei samanslåing til storkommune. Kommunestyret ville at ordføraren skulle fremje synet ved eit eventuelt møte med kommunalnemnda.

 

 

 

 Firda, fredag 4. januar 1963

 19630109 Firdaposten

 

Departementet var einig med bystyret om at Florø trengde meir areal enn det Schei-komiteen forslo.

Det beste var å slå saman Kinn og Florø. Bru hadde tilknyting til Florø og burde også bli med. Eikefjord burde også bli med i eininga.

 

 

 Firdaposten, onsdag 9. januar 1963

19630110 01 Firda Folkeblad

 

Stortingsproposisjonen

Florø trengde større areal for å vekse, men ein kunne ikkje ta frå Kinn så mykje som Florø trengde. Løysinga var å slå saman desse kommunane. Bru hadde sin naturlege tilknyting til Florø og burde komme med inn i denne eininga. Steindal som hadde vegforbindelse med Bru måtte også bli med i same eining. Sjølv om Eikefjord fekk med Nordalsfjord ville dette bli ein liten og svak kommune. Med ein avstand på max. 4 mil var avstanden til Florø ikkje stor for eikefjordingane. Eikefjord burde også bli med i denne eininga. Departementet gjekk også inn for at kommunen skulle få herads-status.

 

19630110 02 Firda Folkeblad

 

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

Firda Folkeblad, torsdag 10. januar 1963

19630114 02 Firda Folkeblad19630114 01 Firda Folkeblad



 

 

 

 

 

 

 

 

Firda Folkeblad, mandag 14. januar 1963

 19630218 01 Firda Folkeblad

Kommunalnemda kom til Florø for å ta ein rundtur i området før dei hadde møte med alle fire formannskap i området.

 

 

 

 Firda Folkeblad, måndag 18. februar 1963

 

 

 

19630218 02 Firda Folkeblad

Firda Folkeblad, måndag 18. februar 1963

19630314 Firda Folkeblad

 

 

Fleirtalet i kommunalnemda ville ha full samanslåing av dei fire kommunane. Mindretalet ville slå saman Eikefjord og Bru med mindre justeringar. Dei meinte kommunen ville behøve ein god del økonomisk støtte, men det var betre enn å få støtte gjennom storkommunen. Her ville midlane gå til styrking av Florø området.
Eikefjord var eit knutepunkt med ein del industri. Det måtte være betre å bygge vidare på dette enn å la Eikefjord og Bru bli eit utkantområde med den fråflytting dette ville medføre.

 

 

 

  

 

Firda Folkeblad, torsdag 14. mars 1963

19630315 Firda

 

 

 

1. januar 1964 vart kommunen slegen saman med Kinn, Bru og Florø til Flora kommune.

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.

Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane fylke – vedtekne ved kgl.res. av 7. desember 1962, jfr. stortingsvedtak av 27. mars 1963, vert gjennomførde frå 1. januar 1964:

a)

Overføring til Askvoll heradskommune av den delen av Bru heradskommune som ligg på sørsida av Førdefjorden.

b)

Samanslåing av Florø bykommune, Kinn og Eikefjord heradskommunar og resten av Bru kommune til ein kommune og overføring av Steindal krins i Vevring kommune og eigedomane Husefest og Breivik i Bremanger kommune til denne eininga. Den nye kommunen skal ha status som by.

 

19630328 Firda Folkeblad

Firda Folkeblad, torsdag 28. mars 1963

19630425 Firda Folkeblad

 

Første felles kommunestyre blei holdt 3.mai 1963. Møtet blei leda av representant frå fylket og dei skulle blant anna bli einige om namn på den nye kommunen.

 

 

  

 

Firda Folkeblad, torsdag 25. april 1963

 

19630506 01 Firdaposten19630506 02 Firdaposten

 

 

 

 

 

 

Firdaposten, mandag 6. mai 1963

19630506 03 Firdaposten

19630709 Firdaposten

Firdaposten, onsdag 4. september 1963

19630926 Firda Folkeblad

 

 

Ved valget til den nye storkommunen var det 7 representanter frå Eikefjord som kom inn.

Alf Svarthumle,

Einar Knapstad og

Hjalmar Joleik frå AP,

Arnljot Langedal frå H,

Martin Langedal frå KrF,

Erik Dreyer Hovland frå Sp,

Johs. Knapstad frå V.

 

 

Firda Folkeblad, torsdag 26. september 1963

19631014 Firdaposten

Firdaposten, mandag 14. oktober 1963

19631024 Firda Folkeblad

 

 

Fylkesmann Schei leia det først møtet i storkommunen, slått saman av Eikefjord, Bru, Kinn og Florø.

På møtet blei Odd Færøyvik (V) valgt til ordførar med Odd Kvamsås (Sp) som varaordførar.

 

 

 

 

Firda Folkeblad, torsdag 24. oktober 1963

19631115 Firdaposten

 

I stadsråd blei det bestemt at navnet på kommunen vart Flora.

 

 

Firdaposten, fredag 15. november 1963

 

19640106 02 Firda Folkeblad

19640106 01 Firda Folkeblad

 

Etter møtet i Eikefjord heradstyre 28. desember 1963 reiste representantane saman med nokre gjester til Varden kafe i Florø for eit hyggeleg samvær.

Ordførar Alf Svarthumle ønskte velkommen og sa blant anna; I dag har vi helde det siste møtet i Eikefjord herad, det første blei holdt i februar 1923. Heradet har dermed vore til i 41 år. Vi fekk ikkje nokon long bolk før vi måtte gje oss for overmakta.

Den først ordføraren var Anders Svarthumle og budsjettet dengang var på 23 000 kroner. Heradet har arbeidd for å bygge ut heradet, spesielt veg og skule. På vegsida var det no kun vegen Sunnarvik – Bru grense som gjenstod. På skulesida var Eikefjord rekna som ein mønster-kommune etter skulesamanslåinga.

Siste budsjettet i Eikefjord herad var på 837 000.

Varaordfører Erik Dreier Hovland avslutta den hyggelege samkoma og dermed var Eikefjord Herrad over i historia.

Firda Folkeblad, mandag 6. januar 1964

 

Det siste heradsstyret i Eikefjord vart valgt i 1959:

Alf Svarthumle, Alfred Tonheim, Harry Hovland, Alfred Sørdal og Hjalmar Joleik (AP)

Nils Ramsdal, Johannes Knapstad og Anders Hardbakke (V)

Torleif Endestad (Upolitisk bygdeliste)

Bjarne Løkkebø (KrF)

Erik Dreyer Hovland, Egil Sæterlid og Anders Osa (Sp)

 

Firdaposten, tirsdag 29. september 1959

Kilde: nb.no - aviser som nevnt.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd