Då Barlindbotn vart nedlagt som postopneri i 1970, gjekk Mathias Kalsvik inn i stilling som landpostbod på strekningen Eikefjord – Barlindbotn – Hopen – Høydalsfjord – Nyttingnes – Sandvik etter kvart som desse poststadane vart lagde ned.
Du kan lese om desse postopneria i "Posten i Flora" av Bjarte Sindre
Mathias Kalsvik overtok også ruta Eikefjord – Leversund når han starta som landpostbod frå Eikefjord postkontor. Etter tre år bytte han med Torleif Endestad så Mathias overtok Eikefjord – Steindalen/Osen.
.
Det var ei arbeidskrevjande rute med mange stoppestadar og stadig aukande postmengde. Mathias hadde denne stillinga til 1996. Løna var ikkkje mykje å skryte av. Bil måtte han halde sjølv. Klarte han å køyre skadefritt, hadde han ein del att for bilhaldet. I dei 26 åra han var landpostbod, hadde han ikkje eit einaste uhell.
Kilde og bilde: Posten i Florø - Bjarte Sindre.