Røykstova
På Løkkebø leigde heradet ei gammal røykstue på inste Løkkebøen til skulehus. Det var ei vanleg, gammal røykstove med to svære bjelkar tvers over rommet. Det var ope opp til sperrene og både sperrene og troet var kolsvart av røyken frå eldstaden. Dei brukte ein gammal kakkelomn til å varme opp huset med.

Løkkebøø røykstova

Røykstova til venstre i bildet. Bilde utlånt av Astrid Løkkebø.

I 1902 løyvde heradsstyret pengar til nytt inventar til Løkkebø skulehus etter ønske frå lærar Abraham Storø.

Dei fekk lange pultar der dei sat fleire i same pulten, og det var ikkje alltid lett når ein skulle skrive. I 1920 åra fekk dei pultar der dei sat kvar for seg, og kunne ha utstyret nede i skuffa. Dei hadde pennholdar med blekk og pennar oppi. Når pennen var øydelagt fekk dei ein ny hos læraren. Penn, blekk og skrivebøker fekk dei gratis, men bøkene til bibelhistorie, Luther forklaring, noregshistorie og landkunna måtte foreldra kjøpe.

I 1920 åra leverte ein bonde ved til skulen. Han kom han køyrande med vag og hest inn på skuleplassen. Det var ungane og læraren som saga opp veden med bogesag. Så bar dei han inn i skulehuset. Alt dette brukte dei frikvarteret til. Det var læraren som la i omnen om morgonen.

Bjarne Løkkebø har fortalt om besøket av skuledirektør Vevle. Han hugsar dagane forut. Læraren informerte om korleis dei skulle oppføre seg, vere høfleg og sjølvsagt lære leksene godt. Så kom dagen, med kraftige snøbyer og regnbyer. Der skuledirektør Vevle sat, var det eit lite hol i veggen, og det kom ei kvit snøstripe inn over golvet. Detta såg skuledirektør Vevle.
Då sa han: Eg har høyrt at det var dårleg hus, men at det var så dårleg hus, det hadde eg aldri drømt om. Eg skal love dokke ein ting, de skal sleppe å sitte lenge i dette huset. Det skal eg syte for!

I 1928 fekk skulestyret melding om at ein elev, som hadde flytta til Løkkebø vart halden borte frå skulen. Skulestyret viste til lov om folkeskular på landet og kravde at guten møtte på skulen resten av året. Dersom ikkje ville husbonden få ei bot på 30 kroner til skulekassen eller 3 dagar i fengsel.


Skulehus
Løkkebø skuleI 1924 blei det løyvd pengar til skulehus på Løkkebø fordi det måtte byggast innan få år. Røykstova som vart brukt, var gammal og falleferdig, og heilt uforsvarleg å bruke som skulelokale. Skulehuset ville truleg koste minst kr 12 000,-. For å unngå opptak av lån var det rett å ta med eit lite beløp på budsjettet ein del år forut for bygging.

I 1925 melde Løkkebø skulekrets at dei hadde sett på tomt til skule og festa seg ved to stadar hos Simon Martinson Løkebø. Martin Ramsdal og Kr. Langedal vart valde av skulestyret til å sjå på tomtane og høyre kva han skulle ha for tomten.

1 november 1925 vedtok skulestyret at tomt for skulehus på Løkkebø skulle ligge på Simon Løkebø sin eigedom ved vegen på Smaleråka. Skulestyret gjorde rekning med at krinsen tok på seg dei vanlege utlegga for krinsane ved skulehusbygging.

Den 6. april 1926 godkjente heradstyret kjøp av skulehustomt til Løkkebø skulehus. Skulestyremøte 21. november og kretsmøte 10. desember 1925 hadde også vedtatt det same.

Løkkebø krins sende krav om at det blei bygt skulehus sommaren 1927. Skulestyret sendte kravet vidare til heradstyret med den største anbefaling. 28 februar 1927 vedtok heradsstyret at det skulle byggjast skulehus på Løkkebø sommaren 1927, og at det skulle byggjast kjellar under huset på det vilkår at krinsen tok på seg den part av byggekostnadane for kjellaren som elles ville falle på heradet. Heradsstyret påla også krinsen å transportere material som vart kjøpt inn frå lager, taksteinen medrekna frå sjøen i Eikefjord. Heradsstyret rekna elles med at all rundmaterial og mest mulig av bordmaterialane vart levert innan krinsen og elles i bygda.

Til byggjenemnd vert valde Martin L Løkkebø, Elias E Opheim og Ludv. B Løkkebø med Simon M Løkkebø som varamann.

7 april 1927 vart Kr. Langedal og A. J. Langedal valde til å stikke ut grunn for Løkkebø skulehus.

25 mai 1927 vedtok heradsstyret at huset skulle byggjast etter ei teikning som ordføraren hadde og sett opp enten som «rotstove» (stove utan loft, open til taket) eller lemstove (stove bygd med lem) etter krinsen sitt ynskje. Heradet skulle kjøpe inn all material som skulle til, sement og takstein irekna, og materialane skulle transporterast fram til byggeplassen av kretsen. Sjølve reisinga av huset vart å sette ut på arbeidstilbod og tilboda skulle vere ordføraren i hende innan 30. mai 1927.

10 august 1928 vart tilbodet frå Anskar Hovland om bygging av skulehuset på Løkkebø samstemt vedtatt etter nærmare fastsett kontrakt. Anskar Hovland hadde gitt fråsegn om at han ikkje kunne ta på seg byggearbeidet om han ikkje fekk starte straks. Formannskapet fekk fullmakt til å få arbeidet utført for dagløn. Huset ville ikkje verte bordkledt den hausten, så heradsstyret bad om eit rimeleg avslag i byggjekostnaden.

4 desember 1928 overleverte heradsstyret Løkkebø nyreiste skulehus – kjellar irekna - til Eikefjord skulestyre for bruk til folkeskulen i Løkkebø krets.

Huset vart reist ved tilskot frå herad og fylke og skulestyret fekk rådvelde over det til bruk som folkeskule mot å syte for at det til kvar tid vart vedlikehalde. Lærarrommet var til bruk for læraren som til kvar tid råda over det.
For bruken av huset utanfor skuletida vart det vedtekne egne reglar.

28 desember 1949 refererer ein sak der heradet hadde bestemt at skuleplassen ved Løkkebø skule måtte opparbeidast. Sørrelsen var 30 x 10-12 meter og få ein kostnad på 5300.-. På skulebudsjettet 51-52 var det ført opp 4666,- som fylkestilskot til skulebygg. Dette var ikkje med på fylkesbudsjettet. Tilskotet skulle brukast blant anna til leikeplass på Løkkebø.

Løkkebø elevar

Elevane på Løkkebø grendeskule først på 1950-talet, bilde tatt ved kjellarinngangen. Fremst frå venstre: Sigmund Langedal, Ruth Hjorteseth, Liv Eikevik og Oddleiv Humlestøl. Bak frå venstre: Ragnar Hjorteseth, lærarinne Astri Svardal og Reidar Øren. Bilde utlånt av Reidar Øren.

Hye bussen

Einar Odne Øren var av dei første som begynte i første klasse på Sentralskulen i Eikefjord hausten 1962.

Elevane vart frakta til Storebru der dei gjekk på bussen frå Ramsdal som tok dei med til skulen i Eikefjord.


Seinare kom elevane med «Hye-bussen», ein kombinert gods- og passasjerbuss.

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd