Tettstaden inst i Eikefjorden var i eldre tider sentral for eit stort oppland. Eikefjord var den naturlege plassen for å entre båtane når man skulle til kyrkje eller til tingstad. Det var også her varene frå kjøpmannen i byen vart levert.
For dei med lang reise var det vanlig å overnatte i «Foreininga» før man neste dag tørna ut og reiste vidare. Seinare kom det overnatting på Sørbøen.
Eikefjord vart brukt av folket som budde oppe i dalane ovanfor Eikefjord, helt opp til Storefjorden i Hyen.
Rundt 1908 såg det slik ut i sentrum av Eikefjord.
Kartet er teikna på grunnlag av bilder frå Eikefjord.
Lov av 28. september 1857 oppheva kravet om kongeleg bevilling til handel og sette i staden krav til handelsbrev som var gitt av fogden. Samtidig fekk landhandlarane lov til å drive handel frå faste utsalsstadar med enkelte utanlandske varer, som fargevarer, kaffi, sukker og tobakk.
28. sep. Lov om utvidelse av handelsfriheten på landet.
$1. Handelsbrev til landhandel med kaffe, sukker, krydder og stoff til farging, samt med innenrikse varer i alminnelegheit utstedes av fogden. Untatt er brennevin og dermed tilberedt drikk, samt dei varer, som ved lov av 8. aug. 1842 $7 er utelukka frå Kjøpmannshandel. Handelsbrev utstedes på stempla papir no.3. (Og så vidare)
$8. Dei fem første $$ i denne lov trer først i kraft to år frå utgangen av dette år. (1/1-1860)
Samson Salamonsen Hopen var tidleg ute og hadde papirene i orden så han kunne starte butikk i 1860. Deretter kom Karsten Samuelsen frå Kinnsundet i 1863. Dette var starten på den einaste butikken som er igjen etter 2013.
I alt har det vore seks landhandler/matvareforetningar i og rundt Eikefjord, der fem var i drift samstundes. Samson Salamonsen Hopen er den som har drive lengst samanhangande med 42 år, men det var sonen Salomon som styrte butikken lenge før han offisielt overtok. Haldis og Audvin Eikefjord dreiv Eikefjord Handel i 39 år og var aktive i alle delar av butikkdrifta så lenge dei eigde den.
Landhandel - Matvareforetningar
Sørbøen
1860-1902 Samson Salamonsen Hopen. Dreiv godt og bygde opp Sørbøen
1902-1908 Salomon Hopen. Gjekk konkurs
1908-1935 Andreas Agledal. Kjøpte på konkursbu og dreiv fram til han døydde
Eikefjord
1863-1877 Carsten Samuelsen, Kinnesundet
1877-1879 Eikefjord Forbruksforening. Hadde 70 medlemmer når dei starta.
1879-1890 Abraham Hopen og John Hansen Snilstvedt
1890-1908 Firma Abr. Hopen. Tvangsauksjoner på slutten. Døde i 1908
1908-1912 Firma A. Edv. Hopen. Store problem med drifta med fleire tvangsauksjoner
1912-1947 Ole A. Eikefjord. Kjøpte butikken, dreiv nøysomt og bygde seg opp
1947-1961 Anders Eikefjord. Fekk problem og gjekk konkurs
1961-1989 Eikefjord Handel, Audvin og Haldis Eikefjord. Bygde ny moderne sjølvbetjenings-butikk
1989-1991 Eikefjord Matsenter, konkurs
1991-1997 Eikefjord Handel, Audvin og Haldis Eikefjord sluttar etter 35 år i bransjen
1997 Arve Havn overtar butikken
Eikefjord, Øyra
1901-1932 Henrik Svarthumle. Døydde brått.
1932-1939 Maren Svarthumle. Uvist om ho dreiv butikken
1939 Øyra selt til Olaf Havn
Eikefjord, L. Langedal
1920-1947? L. Langedal – Ludvig Langedal
1947?-1958 Sofie Langedal – Arnljot Langedal dreiv butikken
1958-1979 L. Langedal – Arnljot Langedal. Bygde ny moderne sjølvbetjenings-butikk
1979-1986 L. Langedal – Ludvig Langedal
1986-2008 Max matsenter, ICA. Slutt som matvareforetning 2008
2013 Nina og Bjarte Liseth overtar bygget
Storebru, Magnus Svarthumle
1938-1985 Magnus Svarthumle
Barlindbotn, Matias Kalsvik
1952-1970 Matias Kalsvik, liten butikk i same hus som posten.
Hopen, K M Hopen
1895-1899 Karl Martinsen Hopen, det var båtstopp og post på Hopen også.